3,716
3
0
Oppskrift på mørtel til "rapping" mellom laftestokkane
2
0
Eg skal setje opp eit tømmerhus frå slutten av 1890 ca. Innvendig var ein del veggar "rappa" mellom tømmerstokkane før dei var måla. For å dekke til medfaret/mosen og få ein slettare overgang mellom stokkane. Dette vart sjølvsagt skada då vi demonterte huset, men eg vil gjerne bruke samme massen når eg no skal restaurere huset. Eg lurer på om nokon veit korleis ein lagar denne massen. Den ser ut til å innehalde sand og eit bindemiddel. Har høyrt at dei koka kuromper for å få lim som dei blanda med sand. Er det nokon som har ei god oppskrift på dette?
Tror jeg skjønner hva du mener, kjenner det igjen fra våre tømmervegger.
Jeg vet forøvrig ikke hvordan det blandes, men foreslår at du henvender deg til Riksantikvaren eller Bygningsvernkonsulenten i fylket ditt. Jeg har fått mye hjelp hos disse i ulike sammenhenger.
Lykke til!
Ny link til infoark.