(trådstarter)
   #11
 2,978     Vestlandet     0
Her er dagens planløysing for kjellaren. Den er på ca. 81kvm. Har inga planløysing - RoomSketcher Level Image Kjellar.jpg - Komlo
Den smalaste veggen her er 2"x2" lettvegg. Resten er mur i diverse dimensjonar, men kan relativt lett fjernast. Kun den langsgåande veggen er berevegg. Det er mellom 220 og 225 cm takhøgd i kjellar, og eg vurderer om det er mogleg å grava ned litt for å få isolert såle og evt. litt meir takhøgd.

Øvste langvegg ligg 80-90% under bakkenivå, og har såleis ikkje vindu. Kortsidene ligg delvis under bakken i skrånande terreng, og har 50cm høgd på vidua. Her kan det setjast inn større. Nedste langvegg er heilt mot det fri.

Me har ikkje bestemt oss heilt for korleis kjellaren skal bli, men me veit at det skal innehalda minst 1 soverom (sov 3) og bad (sannsynlegvis vaskerom)
Det største rommet er tenkt som kjellarstove, eller delt opp i to soverom.

Alt. 1: 3 soverom og bad/vaskerom. Sov 3 som soverom og sone 24kvm delt opp i to soverom (fjerna vindu i midten). Der det innerste soverommet vert foreldre og får dør i berevegg med innerste bod som WIC og evt, ytterste bod som bod/teknisk.
+ Ingen soverom i første etg. - mykje større muligheiter i først etg.
+ Stor WIC.
+ Alle soverom i same etg.
- Ingen stove nr.2/gjesterom (kan kanskje lagast i første)
- Mindre areal til bod/teknisk/disp/oppbevaring.

Alt. 2: 2 soverom og bad/vaskerom. Sov 3 som soverom og Bod 1 og bod 2 slått saman til soverom. Sone 24kvm som kjellarstove/gjesterom.
+ kun 1 soverom i 1. etg. - Betre plass i 1. etg. enn med 2 sov og mogleg med WIC i 1. etg.
+ ei stove i kvar etg. Stor kjellarstove.
- Lite bodplass/teknisk/disp.
- Kjellarstove vegg i vegg med sov i kjellar (kan gjerast tiltak for at det ikkje er problem)
- Soverommet som er bod vil ikkje ha særleg utsikt og kun 1 vindu (100x100 elns)

Alt. 3: 1 soverom og bad/vaskerom. Sov 3 vil vera soverom. vaskerom vert bad/vaskerom (trur det er ganske sikkert då det er røyr osv der). Sone 24kvm kjellarstove/gjesterom. Bod 1 og bod 2 blir som boder/teknisk/disp.
+ Mykje disponibel plass i kjellar
+ Stor kjellarstove/gjesterom
- 2 soverom i 1. etg. avgrensar mulighet i 1. etg.
- eit born i kvar etg.

Sjølv heller eg litt mot alternativ 2, då det vil gi oss litt meir plass i første etg. samstundes som me vil få 2 stover (i kvar sin etasje)

Innspel?

Signatur

GR
   #12
 794     Rogaland     0
Bare et spørsmål fra siden: hvordan vet du at det ikke er noen bærevegger i 1. etg? Du har 13 meter ene veien og opp i 7,2 andre veien, så kan jo fort h vært behov for bæring alt ettersom hvordan det er konstruert og hva som er over.
  (trådstarter)
   #13
 2,978     Vestlandet     0
Godt spørsmål, GR. Eg er ikkje 100% sikker, men alle nabohusa frå samt tidsrom og av same fasong har sjølvberande tak.

Over er det kaldloft med takstolar med ekstra U eller V forma bæring/støtte nærare midten. Denne børinga er festa på sida av takbjelkane og på sida av etasjeskillet, så eg antar at dei etasjeskillet heng i dei, og ikkje takbjelkane kviler på dei. Men eg kan som sagt ikkje vera 100% sikker endå, for nokon som veit betre enn meg har sett på det.
Signatur
  (trådstarter)
   #14
 2,978     Vestlandet     0
Her er mannen i huset (meg) sitt raske forslag til 1. etg. Eit soverom i 1. etg.
Har inga planløysing - RoomSketcher Level Image Far Forslag.jpg - Komlo
Eg meinar stova vart for trang med forrige utkast. Me er begge einige om å ha eit stort og godt matbord og stort kjøkken. Då vart det lite plass at til TVkrok. Med dette forslaget er sov 2 gjort om til del av stova, samt at vegg mot gang er flytta opp på linje med resten av veggen.
Vedomnen er og flytta til andre sida av pipa. Dette er litt hipp som happ etter kva som passar best.

Dør frå gang til stove er stengt av og dør opna frå entre til kjøkken. Det er stort sett inn på kjøkkenet ein vil først med handleposar osv.

Trappa (som kun var 155cm(D) x 115cm(Cool L-form) er utvida om lag ein halvmeter.
Vegg mellom entre og trapp fjerna til fordel for rekkverk. Dør ved trapp fjerna.

Bad utvida litt inn over WIC og badekar byta til fordel for dusj. Bad som vert bygd i kjellar seinare kan innehalda badekar. WIC er forhåpentlegvis fortsatt stor nok.

Foreldresoverom fortsatt stort nok til å innehalda skap/sminkebord osv.

- mistar ein vegg som t.d. kunne hatt høgskap på kjøkkenet
- Fruen får dessverre ikkje badekar og stor WIC nært soverommet.
- Meir arbeid med å laga ekstra soverom i kjellar.
- krev sjølvsagt ein heil del meir arbeid.
- Litt smalare gang. Dette viser ikkje på første utkast, men gangen ved entre er i utgangspunktet rommelegare.
- Mister litt vegg i entre som kan nyttast til sko/skap/oppheng.

+ Langt større stove/matstove. Det er også større høve til å forandra møblering i stove/matstove.
+ Større trapp ned til sokkeletg. Dette er naudsynt då dagens provisoriske trapp er skummel for barn og ukomfortabel.
+ Større bad enn det er p.d.d. samstundes som ein får relativt stort gå-inn-skap.
+ Plass til TV/TVbord/høgtalarar, sofa og bord samstundes som ein får lett utgang til altan.
+ Eg ser for meg at inngang frå entre til kjøkken er meir praktisk.
+ Går frå 10 innerdører originalt til kun 4 stk.

Innspel?
Signatur
GR
   #15
 794     Rogaland     0
Ville heller hatt brukbart bad enn walk in closet. En grei garderobe gjør samme jobben som et walk in closet, og dere får ok badstørrelse i stedet for mikrobad.
  (trådstarter)
   #16
 2,978     Vestlandet     0
Akkurat diskutert det med fruen, som forøvrig liker utkastet.

I siste utkast er bad utvida heilt til venstre og inkluderer heile Wic, med klesoppbevaring på badet.

Under bad/Wic er det tenk bad nummer 2. Eg tenker at det er fordel med bad over/under kvarandre. Tenker eg rett?
Signatur
   #17
 895     0
Skulle til å kommentere at jeg fortsatt ville tatt halve walkin til bad. Så støtter "avgjørelsen". Det er jo enklest å ha vannuttak nært hverandre, spesielt med tanke på tiden det tar å få varmt vann/friskt kaldt vann i kranen. Dess lenger avstand fra VVB til punktet dess lenger tid... Det er mer irriterende å vente på varmt vann på badet enn på kjøkkenet. På kjøkkenet skal en gjerne ha mengder med varmt vann, mens en på bad skal dusje/vaske hendene. Da er det ikke så stas å vente i 15-30 sek på varmt vann.

Med hensyn til avløp er det jo også minst inngrep å ha det nært hverandre.

  (trådstarter)
   #18
 2,978     Vestlandet     0
Flott:-) Då foreslår eg for fruen/sjefsarkitekten at det seinere bad 2 og kombinert vaskerom vert bygd under bad 1.
Signatur
   #19
 174     Stavanger     1
Ville lagd sjakt til vaskerom fra bad 1 hvis du får mulighet til det. Helt enig med resten, større bad istedenfor walk-in.
Signatur
   #20
 705     Vestlandet     0
Jeg likte det siste utkastet ditt bedre enn det første. Stuen ble mye romsligere. Er også enig med større bad, men jeg ville personlig ikke ofret hele WIC. Jeg ville utvidet badet til ytterveggen slik at du fortsatt har et lite WIC. Jeg synes det hadde vært upraktisk med klærne på badet. Støtter også forslaget med skittentøyssjakt.