(trådstarter)
   #21
 2,978     Vestlandet     0
Bad/Wic prioritering er eg litt usikker på. Men der har kona ganske klare preferanser, så ho får få siste ordet.

Ellers er både eg og kona ganske fornøyd med siste utkast,då det vert langt rommelegare.Det går då på bekostning av eit soverom i første etasje,som må flyttast til kjellaren.
Signatur

  (trådstarter)
   #22
 2,978     Vestlandet     0
Her er første utkast til planløysing for kjellar, basert på siste utkast til planløysing for første etasje.
Har inga planløysing - RoomSketcher Level Image kjellar forslag.jpg - Komlo
Sov 3 er allereie soverom på 2,9 x 4,05 meter. Og vil verta eit bra soverom. Må sjølvsagt pussast opp.
Sov 2 er i dag to boder der ytterste inneheld varmtvatnstank og pipa. Det er og diverse røyr opp/ned til kjøkken her og røyr støypt i såle. Vindu er 120 x 50cm. Dette krev sjølvsagt ein del arbeid med røyr, meisla ned påstøypt golv, flytta vegg, utvida vindu (plass til 90cm høgt, så 120 x 90 vindu sikkert enklast) osv. Delvis under bakkenivå (skrått)
Bad vaskerom er tenkt som kombinert med vaskemaskin og tørketrommel under servantskap, i høgskap e.l. Dette vil liggja rett under bad 1. Delvis under bakkenivå. Er i dag vaskerom.
Teknisk er tenkt å bruka den plassen ein evt. får frå bad bort til, og under, trappa. Bør kanskje innehalda vvtank, sikringskap, l/v varmepumpe og det som høyrer med (viss aktuelt). Andre ting?
Utfordring med lite rom. Burde kanskje vore større. Bør vel vera sluk i rommet og. Betre å integrera det i Bad/vaskerom? Kan kanskje skjulast bak lettvegg/innreiing e.l.?
Bod er berre sat opp ein plass for å få ei bod. Tenkte rundt pipa var enklast. Det er lite bodplass i huset.

Gangen er stor, men ganske ukurant.
Kjellarstova/gjesterom er STOR (6,2 x 3,9 m). Tenkt som ei stove nr. 2/filmrom/familierom/drikkebula/osv. Me vil ikkje byggja gjesterom, som står tomt 360 dagar i året, men kombinera dette med ei stove nr 2.
Det er kun langsgåande vegg i midten som er berevegg.
Alle innspel på betre utnytting av plassen og gode tips, ting å tenka over osv tek me gjerne i mot:)
Signatur
   #23
 895     0
Du er godt på vei her. Et par innspill har jeg:

Du har veldig lite bodplass i huset ditt nå? Har du loft som er tilgjengelig for lagring av ting som ikke tas frem hele tiden? Evt. andre måter å lagre ting på på tomten? Ville vurdert å lage boden i kjeller større, og gangen mindre. Utvide den litt mot venstre, slik at den går langs med veggen i kjellerstue?

Om mulig ville jeg skilt av bad og vaskerom. Utrolig hvor mye støv og drit som legger seg på badet dersom du tørker klær osv. Var inne på tanken selv med å kombinere vaskerom/bad for å få bedre str. men slo det fra meg på grunn av dette. Det trenger jo ikke bli så mye mindre dersom du innlemmer teknisk rom i vaskeromdelen.
   #24
 705     Vestlandet     0
Dere vil bare ha tre soverom? Jeg ville ha laget et ekstra soverom helt til høyre av kjellerstuen. Og så ville jeg ha utvidet kjellerstuen til gangen til venstre. Den gangen trenger dere vel ikke?
Er også enig med Everlost ang. bod. Skulle forslå det samme.
  (trådstarter)
   #25
 2,978     Vestlandet     0
Bodplass er med desse planløysingane eit problem. Større bod/meir oppbevaring i gang er ønskeleg. Me har liten ag gamal garasje til oppbevaring av uteting. Vurderer også å bygga utebod under komande terasse, evt. utvida kjellae under terasse pga oppbevaring.

Oppdeling med bad for seg og vaskerom/teknisk er ein god ide. Dette var planen i utgangspunktet. Usikker på kvifor me gjekk bekk frå det.

Me ønskjer ikkje meir enn 3 soverom i huset. Me er ein familie på 4 så me ser ingen grunn til å ha eit tom soverom. Ingen planar om større familie, men dersom det skulle skje, må kjellarstove delast i 2 for å laga ekstra soverom.

Gang mellom sov 3 og kjellarstove har dør ut til bakkenivå, så den blir nok beholdt. Den kan sjølvsagt fjernast, men det betyr ei ekstra døråningar i berevegg (inga krise forsåvidt) og gjennomgang i kjellarstova for å koma ut. Så er usikker på det. Har vurdert fjerning av massar til venstre for huset, som gjer det mogleg med dør ut ved vaskerom. Går me for det, er absolutt fjerning av gangen der eit godt tips.
Signatur
  (trådstarter)
   #26
 2,978     Vestlandet     0
Nytt forslag:
Har inga planløysing - RoomSketcher Level Image kjellar 2.jpg - Komlo
Ulempene først:
2 dører på bad, som gjer del av bad ubrukeleg.
2 dører på vaskerom/teknisk som gjer det vanskelegare å utnytta
Må gjennom bad for å nå teknisk/vaskerom. Ved krise kan sjølvsagt ytterdør nyttast.
For lite plass på vaskerom/teknisk?
Bod vert lita, og ubrukeleg dersom dør vender inn i bod. Kan løysast med skapdører e.l. Uansett betre enn ingen bod.

Å dra kjellarstova bort til Sov 3, gjer at som 3 må ha inngang frå bad eller frå kjellarstova. Ingen av delane er ønskeleg.

Å dra sov 3 bort til kjellarstova gjer at kjellarstova teng ny inngang. Kan løysast med ny inngang i berevegg til venstre for pipa. Men, har ungen bruk for så stort soverom?

Fortsatt litt mange dører og stort ubrukeleg dansegolv i hall. (men ønskjer ikkje mørk trang gang med trangt rundt trappa).
Signatur
  (trådstarter)
   #27
 2,978     Vestlandet     0
Innspel?
Signatur

   #28
 895     0
Går det an å dele fila som du har laget på Roomsketcher?

Har noen tanker, men tungvindt å forklare med ord... Men tror jeg ville laget løsningen bad/vaskerom litt annerledes og droppet dør ut der.
  (trådstarter)
   #29
 2,978     Vestlandet     0
Supert med forslag. Eg skal sjå om eg får til å dela fila i morgon (kun sporadisk tilgang til pc).
Signatur
  (trådstarter)
   #30
 2,978     Vestlandet     0
Eg får ikkje til å dela sjølve prosjektet.

Men arealet som vert ledig for bad/vask/teknisk er frå langsgåande berevegg til der ny trapp er tenkt (ca 375 cm (langs berevegg) x 292cm).
Minus eventuell innlekting.
Signatur