20,657
29
2
Tilbygg i moderne stil
60
Vest-Agder
0
Vil bygge tilbygg på hus frå -66 slik at vi får kjøkken/allrom på framsida av huset og loftsstove med utsikt.
Eksisterande bygg:
Har fått muntleg negativ melding frå kommunen for takløysing. (Refusert forslag)
Kan noko slikt som min kladd fungere estetisk (img22.......)?. Tanken er at tilbygget skal bryte opp det lange huset med ein kloss i moderne stil, men i "samtale" med det eksisterande. Utfordringa er å få noko som fungerer for loftsetg som har lav takhøgde. I min kladd har eg tenkt å ha saltak med slakk vinkel frå det eksisterande mønet og til skråtaket i det nye. Har prøvd med saltak med slakk vinkel på tilbygget. Men då bør det mønet ligge høgare enn det gamle mønet og det er ikkje heilt godt estetisk. Det blir uklart kva som er hovudbygg og kva som er tilbygg.
Eksisterande bygg:
Har fått muntleg negativ melding frå kommunen for takløysing. (Refusert forslag)
Kan noko slikt som min kladd fungere estetisk (img22.......)?. Tanken er at tilbygget skal bryte opp det lange huset med ein kloss i moderne stil, men i "samtale" med det eksisterande. Utfordringa er å få noko som fungerer for loftsetg som har lav takhøgde. I min kladd har eg tenkt å ha saltak med slakk vinkel frå det eksisterande mønet og til skråtaket i det nye. Har prøvd med saltak med slakk vinkel på tilbygget. Men då bør det mønet ligge høgare enn det gamle mønet og det er ikkje heilt godt estetisk. Det blir uklart kva som er hovudbygg og kva som er tilbygg.
Allikevel en løsning som er verdt å forsøke å sende inn, og se om kommunen er mer positiv til.
Her trenges en opprydding, ditt håndtegnede tilbygg er mer rotete når det gjelder takflater og takvinkler enn arkitektens. Hva om du river terrassetaket i stedet for å bygge inn den overbygde terrassen som ser veldig påbygd ut etter en helt annen tankegang enn det nye påbygget, og gjør noe med taket med knekk over inngangsdøra, f.eks lager et lite saltak i slakk vinkel over inngangsdøra og samme takvinkel på tilbygget?
Da har du en stram og rektangulær hovedkropp med saltak i 1966-vinkelen, mens du har et stort og et lite saltak vinkelrett på dette som matcher hverandre.
Det som er markert på teikninga som nytt og gammelt i enden av huset mot sør-vest er feil. Det einaste nye er tilbygg terrasse/bod på 1m for å få brukbar verkstad. Som du ser på foto, så går ein del av stova inn i overbygget i det eksisterande. Ser poenget i å rydde opp og få redusert forma til to "linjer", men blir for omfattande å bygge om mot sør-vest. Viktig er også at sjøutsikta vi vil ha meir av i ei loftstove, er på midten av huset. Tilbygget på midten trengst også for å få eit romsleg kjøkken/allrom og for å få opne opp i midten av huset. Er mørkt og trangt no med lang korridor.
Det med å få likt saltak på tilbygg og over inngangsdør er eit bra tips. Takk for det! Har vore inne på tanken å trekke tilbygg med slakt saltak eit stykke over på andre sida av mønet. Men det vil ikkje ha nokon praktisk funksjon, rom, lys, berre estetisk. Det med taket over entrédøra vil uansett vere ein god idé. No er taket der berre trekt vidare ned i same vinkel over inngangspartiet frå døra og til hjørnet av huset. Det vil ikkje gi plass til utslåande entrédør og det er litt mørkt og trangt. Difor er det endra på teikninga.
Ser det med takvinklar. Eit problem med flatt tak er takhøgda i loftsrommet. Flatt tak bør vel ikkje gå høgare enn mønet på det gamle og flatt takk vil vel bygge meir enn saltak. Då blir det lite takhøgd igjen. No er det 2,20m frå golv til møne på loftet.
Blir litt større prosjekt enn først tenkt. Det eine tar det andre. Blir nesten berre reisverket som blir med frå det eksisterande. I underetg blei det innreia leiligh i 2009.
Det er gitt ut frå kommunen sine retningsliner for estetikk.
Der heiter det at: "I områder med klar tomte- og bebyggelsesstruktur skal nye mindre byggverk innordnes eksisterende struktur i forhold til .......høyde, takform....."
Vi har påpeika at det er lite klar bebyggelsesstruktur i området.
Er enig i at påbygg må "gå i hop" med det eksisterande bygget. Men meiner at dette også kan skje på andre måtar enn at takform skal "kopierast". Har sansen for å bygge noko "heilt nytt" som likevel "er i samtale med" det eksisterande. Ser også ut til å vere vanskeleg å finne ei tradisjonell løysing på ynsket om greitt loftsrom med takhøgde og godt med vindu for utsikt.
Den vindustypen som er foreslått i tilbygget må ha litt høgde også innbiller eg meg.