7,058    1    1  

Framgongsmåte - skrue eller lime fast ting på Alloc baderomspanel?

 13     Sogn og Fjordane     0
Eg har Alloc baderomspanel på badet i mi nye leilegheit, og no er tida komen for å få hengt opp ymse detaljar rundt om på veggane. Tenkjer då på handklestang, dorullhaldar, knaggar og kanskje ei hylle eller to.

Er det beste å lime desse tinga på med noko kraftig lim (Tec7 eller Würth sin MS40) eller vil det øydeleggje platene og lage sår om det ein gong skal flyttast eller takast ned frå veggen?

Eller er det beste å feste dette med skruar? Må ein treffe stenderar eller tåler panelet til dømes vekta av ei handklestang med to, tre våte handkle, festa med to skruar rett i plata? Evt. må det borast i platene før eg skruar og må eg fylle silikon rundt skruen sjølv om dette ikkje er i våt sone?

Takkar for alle svar Smile

bex
   #1
 4,293     Østlandet     1
ser at det er litt gammel tråd men ingen svar.

Det er kryssfinerkjerne i allocplatene, så dem kan du trygt henge opp det meste uten og treffe stendere,  hullet blir tilsvarende stort som skruen du bruker, merkelig nok ;)    det blir vanskeligere og skjule en hva du kan med skruer i fug, da en skrue i baderomsplatene ofte fliser platen litt opp og kan lage litt stygge sår.  er i en våtsone  forbor med litt mindre en skruen, fyll med silicon og skru inn skruen.
Signatur