8,872
15
3
Hellvik Hus Herskapelig i Ørsta
5
Bergen
0
Då har vi signert kontrakta med Roaldhus AS på Vigra om byggjing av Hellvik Hus sin modell Herskapelig, med litt justeringar. Er i gang med å hente inn anbod frå maskin- og betongentrepenørar. Roaldhus tek seg av byggjesøknaden, og vi håpar på å starte gravinga i juni 2015. Eigeninnsats vert berre maling og golvlegging.
Kriblar godt i magen no!
Kriblar godt i magen no!
Er nok litt for opptatt av symetri på fasader
Fru storebo her. Takk for det, må innrømme at eg også gler meg til vi er på det stadiet at det er noko å ta bilete av;)
Ja, det stemmer at det er som fylgje av korleis vi ynskjer det skal vere inne. Då spesielt at vi ynskjer kjøkenbenker langs vindusrekka i fyrste etasje. For meg personleg er det ikkje så viktig med symetri, tykkjer det kan vere med å skape interesse at det ikkje er heilt symetrisk også.
Det er staseleg med symetriske bygg, det har du heilt rett i
Hei! Fru storebo her.
Så gøy, er det med Hellvik Hus de tenker å bygge? Er fleire som har same type hus har vi merka
150.000 kr kostar tomta vår- ligg litt grissgrendt til og kjøpt frå slekt.
Og så utrolig bra at dere fikk en billigere tomt. Det hjelper jo godt på. Men et lite tips, legg inn minst 200.000 ekstra i diverse buffer, den går garantert hvis dere ikke har fått låst prisene i en totalenterprise.
Gleder meg til å se videre prosess. Lykke til.
Hei!
Takk for det. Både kjøkken og bad er med i budsjettet vårt. Vi valte å ta ut kjøken og bad frå tilbodet frå husleverandør, då vi heller vil ha IKEA. Vi har IKEA-kjøkken no og er veldig glad i dei praktiske løysingane som denne leverandøren har. Også greitt at det er forholdsvis billeg
Takk for tipset Trur det er grunnarbeidet vi er mest usikre på kva kjem på (og dermed kanskje har bomma på). Det er ei stor plate med mange utstikkarar som huset skal stå på...