6,088    4    2  

Utvide hyttetomt - pris for utmark

 194     2
I eit idyllisk og sjølvsagt fantastisk flott område like ved ei elv og eit vatn har ein pensjonert bekjent ei hytte. Denne hytta er omringa av utmarka mi, og sidan det no er snakk om påbygg ynskjer hytteeigaren å utvide tomta med det same. Eg har inga aning på fornuftig pris for utmark, og lurar difor på om nokon har innspel til prissetjing. Eg er ikkje ute etter å krevje blodpris, men finne ein pris som er rettferdig og som me begge er nøgd med. Sidan eg ikkje har vore involvert i noko slikt før, og eg eigentleg ikkje har peiling på kva slikt bør liggje på, spør eg her før eg tar eit møte med hytteeigaren.

Det er snakk om ca. 780m², men kan reduserast til ca. 500m² om det skulle verte for dyrt for kjøpar.

Alt eg har å gå etter i området er:

 - Ein nabo som nyleg betalte 10 000,- for utmark av ukjent storleik, anslått av meg til å vere 300m². Utviding av hustomt på betydeleg mindre idyllisk og flott område, men mindre enn 1km frå hytta.
 - Ein kar 1km i ein anna retning betalte 20 000,- for hustomt på innmark like etter tusenårsskiftet. Kjøpt frå familie.

Kommunen tek for ordens skuld over 20 000,- for oppmåling, så kjem dokumentavgift og tinglysingsgebyr i tillegg. Handsaming av byggesøknad er over 10 000,-

Kva ville dykkar forventning til pris lagt på i eit slikt tilfelle?

   #1
 5,568     0
Mitt råd: Bruk noen tusenlapper på en takstmann. Normalt er det selger som betaler for takst. Da får du en konkret verdivurdering som du kan jobbe ut fra.

Så kan du jo selge for hva du vil, mer eller mindre, men da har du i alle fall et startpunkt.
   #2
 1,420     Oslo     0
Hvor langt er det til bilvei fra din pensjonerte bekjents hytte og er det ført fram strøm til hytta??
Signatur
  (trådstarter)
   #3
 194     0
Hytta ligg 20-30m frå hans parkeringsplass. Hytta er tilkopla straumnettet.

Takstmann kunne vore ei moglegheit, men trur ikkje me tek det så langt. Ynskjer eigentleg å gjere minst mogleg ut av det då dette området ikkje direkte har noko verdi for meg, men samstundes ynskjer eg heller ikkje å gje vekk mark.
   #4
 1,420     Oslo     0
Strøm og kort avstand til vei øker verdien pr. da.
For rundt åtte år siden var verdien for tomter i og utenfor regulert tomteområde på Meheia
100-300 000 pr. da. En av grunneierne der (som selger tomter) satte denne prisen. Eksen min solgte 0,6 da for 60 000 til en hytteeier, som hadde hytte utenfor regulert hytteområde. Hytteeier hadde ikke strøm og 170 m til vei.
Ser ingen grunn til å bruke takstmann. Kjøper må betale oppmåling. Med litt greie på trigonometri kan man gjøre oppmålingen selv.
Signatur