207    4    0  

Varmeovner sluttar å virke

 50     vestlandet     0
Spørsmål til elektrikarane på forumet. I feriehuset vårt har til saman tre varmeomnar slutta å virke denne vinteren. To av dei er rett nok nokre år gamle vifteomnar, men tilsynelatande heilt i orden. Den tredje var ein konvektoromn på under fem år. Kan det vere jordfeil eller noko anna med straumnettet som slår ut omnane? Har målt spenning i kontaktene til 240 V i hola, og rundt 120 mot jord. Anlegget var renovert for mindre enn fem år sidan og har jordfeilautomatar på alle kursar.

HSt
   #1
 35,438     Lillestrøm kommune     0
Termosikring eller defekt termostat

Vifteovner er kun for bruk under oppsikt

  (trådstarter)
   #2
 50     vestlandet     0
Har tenkt tanken på dette, men synest at tre havari i løpet av nokre månader med sporadisk bruk er litt i meste laget, difor spørsmål om det kan vere noko med nettet som har forårsaka dette.

Har opna konvektoromnen utan å finne termosikring, ser heller ingen opplagde "knappar" for resetting på vifteomnane. Termostatane ser ut til å virke, lagar i alle fall kneppelyd når du vrir på regulatorrattet. Både konvektoromn og den eine varmevifta stod montert i biltema sine wifibrytarar, med energilogging. Vifteomnen starta iht plan denne morgonen og stoppa deretter i løpet av ein liten halvtime. Burde ikkje bli overoppheta av å bruke tilsaman 434W, iht målingane. Og ja, var til stades i huset i forbindelse med bruken, berre greitt med litt varme før ein set føtene på golvet i kaldt hus.


   #3
 24,032     Akershus     0
Jordfeil i nettet har ingen betydning for en varmeovn.

Overspenning/lynnedslag kan ha betydning. Det avhenger av avstanden til overspenningen og ev overspenningsvern hos deg og hos nærliggende naboer. Mer moderate overspenninger kan opptre pga feil i nettet. Det har vært tilfeller med 400V på 230V nett.

Korrosjonsproblemer i termostatene fordi de står ubrukt over tid i litt fuktige omgivelser?
Signatur
  (trådstarter)
   #4
 50     vestlandet     0
Takk for svar. Nokre varmeomnar kan eg leve med å måtte bytte ut, var meir bekymra for vandrande feil på straumnettet . Renoverte som sagt det meste av elektrisitet i huset for omtrent fem år sidan, med ny inntakskabel, nytt sikringsskap, og også ein del nye kursar, men det finst enno ein del eldre opplegg frå 60- og 70-talet . Etter det eg kan skjønne, er det overspenningsvern i skapet, i tillegg til at det er jordfeilautomatar på alle kursane