1,337    40    2  

Vannbåren golvvarme saman med varmepumpe og?

 2,978     Vestlandet     0
Eg skal, forhåpentligvis, snart i gang med å grava ut og støypa nytt golv i sokkeletasjen på 80kvm. 
Då tenker eg å støypa ned røyr for VBV i stort sett alle rom. seinare, og sikkert alt for langt fram i tid, har eg tenkt å leggja VBV i golva i heile hovudetasjen. Så om lag 70 - 80kvm no og om lag 150 - 170kvm til saman, når eg er ferdig med dette fordømte huset. 

Eg har lyst på varmepumpe til å varma golva med, om ikkje med ei gong, så etterkvart. Vurderer Jula si varmepumpe som kostar 20 000kr rett som det er, eller noko hakket betre, men rimeleg. Eg har verken råd eller lyst til å kjøpa pumpe opp mot 150 000kr. Eg trur det skal godt gjerast å spara inn den investeringa før eg ligg i jorda. Årsforbruk no er om lag 20 000kw/t/året med kun varmeovnar. 

Dagens vvtank lyt og bytast så snart nytt golv er klart i kjellaren. Men eg får ikkje plass til akkumulatortank i tillegg til vvtank. 

Så kva er beste løysing? 
Første tanke var dobbelmantla beredar, men utifrå det eg les på forumet er det ei fråråda løysing. 

Varmepumpe direkte på golvvarme og separat "vanleg" 200l vvtank? Då må eg vel til med ei langt større og kraftigare varmepumpa for å alltid ha tilstrekkeleg effekt til golvvarmen? 

Droppa varmepumpa og berre gå for el. kassett?

Finst det ei ana løysing som eg ikkje veit om? 

Eg får avgrensa plass til installasjon av utstyr, så eg forsøkjer å finna best plassering/rominndeling før golv vert støypt, mtp plassering av sluk og slikt. Eg håpar på å få plass til alt som treng i eit lite rom. 
Signatur

   #1
 5,608     0
Varmepumpe direkte på gulvvarme med ein varmeveksler som forvarmer vatn til vv. tank er ei enkel og rimeleg løysing som eg meiner er betre enn dobbelmantla bereder, men får du ein rimleg dobbelmantla fungerer det også greit.
Trur eg rekna at "varmetapet" (ekstra forbruk av strøm grunna varmeleding fra øverste tank til nederste) er i området 700 kWh i året så "tapet" vert da med COP 3 ca. 2/3 delar av dette ca. 450 kWh.

Ein slik varmeveksler koster fra 2500-6000  (10 plater til 70 plater).
El. kassett bør du ha som backup og tilleggsvarme på kalde dagar om pumpa ikkje vert stor nok. Om ein dimensjonerer vp. for 60% av maks varmebehov vil vp. dekka ca. 95% av totalbehovet, så tar el. kassett og/eller vedovn resten.
Vannbåren golvvarme saman med varmepumpe og? - swep.jpg - oblygre
  (trådstarter)
   #2
 2,978     Vestlandet     0
Takker for svar.

Varmepumpe -> varmevekslar -> vvtank?
-> elkassett -> golvvarme
Er det biletet av ein varmevekslar?

Ja, elkassett e.l. må nok til som backup. Då er det ein ekstra komponent i systemet.

Split pumpe med innedel som og inneheld elkassett for reserve og vvtank til forbruk ser jo veldig ryddig å praktisk ut. Men ser for meg ei ana prisklasse for innkjøp og installasjon for det.



Signatur
   #3
 681     Bergen     0
CTC og Nibe har inndeler på 250-350 liter som også tar oppvarming av varmtvann via varmepumpen. Om du har 400v tilgjengelig, er det mye å spare på å handle i Sverige. Jeg kjøpte min pumpe der, og sparte 20k bare på selve pumpen og 25k på tanken (jeg kjøpte 550Pro som er noe dyrere)

Jeg ser prisen ligger på ca 90k svenske kr for Ecozenith 350i + Ecoair 610M. Da er også elpatron inkludert, samt du slipper seperat varmtvannstank.
Signatur
  (trådstarter)
   #4
 2,978     Vestlandet     0
Eg har ikkje 400v tilgjengeleg. Men alt elektrisk i huset skal skiftast på sikt.

90 000 svenske -+ frakt og installasjon. Då havnar eg nok på godt over 100 000. Det vil ta noko tid å spara dette inn igjen. Det vert rekna at om lag 70% av elforbruket er oppvarming,eller noko slikt? Med ein fing i veret, tippar eg då litt under 15 000 - 18 000kw/t/året på oppvarming seinare. Eg har ikkje rekna på varmebehovet for huset mitt for framtida.

Det finst ikkje billigare alternativ?

Eg skal ikkje investera i varmepumpa akkurat no, men eg forsøker å planlegga litt framover i tid ifm. renovering av kjellaren. Slikt som kor mykje plass eg må setja av, skal eg kjøpa ny vvtank, kvar må eg evt. ha røyrstrekk.

Eg veit ikkje kva som er gunstigaste løysing. Eg vil sjølvsagt ha noko billig, men som "løyser alt". Ganske håplaust.

Sånn sett såg jo dobbelmantla beredar ideelt ut ved første augekast. Varme i golva og i dusjen med ei gong den er sat inn. Så berre kopla ei varmepumpa til den seinare, så var alt berre hurrastemning. 
Signatur
   #6
 24,032     Akershus     0
Eg har ikkje 400v tilgjengeleg. Men alt elektrisk i huset skal skiftast på sikt.


Til info, du kan neppe endre til 230/400V TN ved å skifte det elektriske hos deg. Nettleverandøren bestemmer.
Du kan sette inn en transformator til elbillading og ev spesielle ting, men koster endel. Også fare for nettbrum og du får trafotap.
Signatur
  (trådstarter)
   #7
 2,978     Vestlandet     0

Eg har vurdert Jula pumpa. Den er jo veldig billig, og rett som det er på tilbud.
Eg ser den utan akkumultator/varmtvannstank scorer ein del høgare på kundevurdering, enn den med tank. Men eg vil anta det er akkurat same pumpa. Den er oppgitt med COP på 4,2, men eg finn ingen informasjon om COP ved forskjelig temperatur. Vil tippa at når det er kaldt, så er COP ein del lavare. Viss eg tenker, for dømet sin del, COP på 2,0 når det er minusgrader, så vil varmepumpa kunna levera 1,75kw x 2COP = 3,5kw. Det er er ganske lite. I tillegg kjem jo tilskudd frå rein el. så den held nok huset varmt. Ser den er oppgitt til å dekkja kun 120kvm. Huset mitt eg 170kvm. I tillegg skal eg halda det frostfritt i isolert garasje på ca. 40kvm. Men det står den skal dekkja varmebehov opp til ca 20 000kw/t/år. Eg vil tippa det er omtrent det behovet eg havnar på. Huset vert relativt godt isolert etterkvart. Kanskje den kan fungera. Då får eg alt i eit.

MEN prisen for installasjon av pumpa er jo heilt hinsides. 27 000kr standard. I tillegg kjem stativ og ekstrakostnader for lenger reiseveg osv. Vil anta installasjon kjem på over 30 000kr. Altså meir enn varmepumpa. Då vert totalpris 60 000kr. Det verkar å vera hinsides dyrt.

Eg har ikkje 400v tilgjengeleg. Men alt elektrisk i huset skal skiftast på sikt.


Til info, du kan neppe endre til 230/400V TN ved å skifte det elektriske hos deg. Nettleverandøren bestemmer.
Du kan sette inn en transformator til elbillading og ev spesielle ting, men koster endel. Også fare for nettbrum og du får trafotap.

Takk for tips. Då utgår alt som treng 400V.

Signatur

   #8
 5,608     0
Installasjonsprisen var hinsides ja, eg ar ei jula pumpe som er 12 år gamal som eg kunne montere sjølv da det var lovleg da.
Mi neste pumpe vert ei monoblock som eg kan installere sjølv, denne krever ikkje f-gass sertifikat, kun ein stikkontakt med jordfeilvern.
Eksempel hos wee.no på ein pumpe til kr. 25000,- inkl- mva. ex. eventuell tank.
https://www.wee.no/hjem-hage-sjo-fritidweefritidno/hus-hjem/vannbaren-varmeeco-weeno/varmepumper/luft-til-vann-varmepumper/ecowee-kp60-61-kw-hybrid

Akkurat denne pumpa vil fungerte best mot ekstern tank da den kan forvarme vv. meir enn temp. på gulvvarmen.
   #9
 611     Bergen     0
Du må jo ikke bruke jula sine folk til å montere.
Gjør alt selv utenom å koble rørene så bestiller du noen til å fylle gass. Det var planen min i hvertfall har også vurdert jula pumpen, er i litt samme situasjon som deg, litt vannbårent nå og en del mer senere
Signatur
  (trådstarter)
   #10
 2,978     Vestlandet     0
Installasjonsprisen var hinsides ja, eg ar ei jula pumpe som er 12 år gamal som eg kunne montere sjølv da det var lovleg da.
Mi neste pumpe vert ei monoblock som eg kan installere sjølv, denne krever ikkje f-gass sertifikat, kun ein stikkontakt med jordfeilvern.
Eksempel hos wee.no på ein pumpe til kr. 25000,- inkl- mva. ex. eventuell tank.
https://www.wee.no/hjem-hage-sjo-fritidweefritidno/hus-hjem/vannbaren-varmeeco-weeno/varmepumper/luft-til-vann-varmepumper/ecowee-kp60-61-kw-hybrid

Akkurat denne pumpa vil fungerte best mot ekstern tank da den kan forvarme vv. meir enn temp. på gulvvarmen.

Monoblock er fristande løysing pga akkurat dette. Då er spørsmålet kva den skal koplast til. Eg har kun plass til ein tank. Eller, eg kan alltids plassera ein tank og ein del mikkmakk i garasjen (vegg i vegg med kjellar) og trekkja røyr bort til teknisk rom der vvtank kjem. Håpar å unngå dette.

Prøvde å forhøyra meg om varmepumpene til XLvarme, men han hadde ikkje tid til å svara med info på epost. Då må eg leita vidare.

Du må jo ikke bruke jula sine folk til å montere.
Gjør alt selv utenom å koble rørene så bestiller du noen til å fylle gass. Det var planen min i hvertfall har også vurdert jula pumpen, er i litt samme situasjon som deg, litt vannbårent nå og en del mer senere

Det er jo absolutt mogleg. Då er det kun gassfylling montør må gjera?
Signatur