2,812
20
3
Varmebehov
2,978
Vestlandet
0
Usikker på om eg er i rett subkategori. Moderator må gjerne flytta tråden om det er feil.
Eg har lest fleire stader at ein skal rekna 60w - 80w varmebehov per kvadratmeter buareal for eit godt isolert hus.
Er ikkje dette vannvittig mykje?
Dette vil sei at for min bustad på 170kvm (som er i ferd med å verta godt isolert), er oppvarmingsbehovet om lag 10,2kw - 13,6kw, etter at eg er ferdig å isolera huset.
Eg vil tru dette ikkje kan vera eit snittal for året, då det vil gi 89 000kw/t - 119 000kw/t til oppvarming i året.
Då er det vel meir naturleg å tenkja at dette er eit tal for maksbegovet på dei kaldaste dagane.
Likevel tykkjer eg dette høyres mykje ut. Om eg går for direkte oppvarming med el. må eg planleggja 6stk. 2kw omnar, 12stk. 1kw omnar, eller 24stk 500w panelomnar. ETTER at eg er ferdig å renovera ein bustad som er relativt beskjeden i storleik.
Det eg har lest er at dette oppvarmingsbehovet kjem i tillegg til den tilleggsvarmen ein får frå lys, elektronikk o.l.
Førre vinter, som var kald hjå oss, hadde eg demontert L/L varmepumpa. Hadde kun isolert sokeletasje med 10cm og nye vindauge. Ellers 10cm isolasjon i veggar, 10cm isolasjon mot kaldloft og gamle vindauge og dører i hovudetasje. Oppvarminga vart stort sett dekkja med 2kw varmeomn i stova, 350w på toalett, 350w på bad og supplert med vedfyring på det kaldaste. Det kan tenkjast at me var oppe i 10 - 12kw når det var kaldast. Dette i eit hus med enkle glas i ytterdører og dårlig isolering ellers. Eg har derfor vanskeleg for å tru at eg må tenkja om lag 12kw oppvarmingsbehov når bustaden er ferdig.
Eg byta i haust ut den svære vedomnen vår med ein Dovre 250 CB, med effekt på 2kw - 6kw. Dette fordi at ettersom me byta fleire vindauge og fekk meir isolasjon i veggane, vart det vanskeleg å strupa ned den gamle omnen nok.
Er talet på 60w - 80w per kvm heilt på viddene, eller er det meg som er der?

Signatur
Utifrå det eg kan lesa av linken til Bluesman er behovet for Tek7/10-hus 0,58-0,68W/m2/grad. Det vil sei behovet mitt med -10 ute (det kaldaste førre vinter) og +21 inne: 3KW - 3,6kw, VISS eg når Tek7/TEK10 standard.
Om eg reknar at den absolutt kaldaste utetemperaturen som -15, er varmebehovet eg må ta høgd for 3,5kw - 4,2kw, VISS eg når TEK7/TEK10 standard.
For året (med t.d. 17grader temp. differanse i snitt) vert det 14 700kw/t - 17 200kw/t, VISS eg når Tek7/TEK10 standard.
Detter er all oppvarming, inkludert lys, elektriske apparat, personar osv.
Desse tala er jo langt mindre enn 60w - 80w/m2.
Eg anar ikkje varmetapstalet eg kjem til å enda på når renoveringa er ferdig, men det vert nok ikkje så bra som 0,58w/m2/grad.
Det er to etasjar. 15cm isolasjon i veggar i sokkeletasje (delvis under bakkenivå), 20cm isolasjon i veggar i hovudetasje, 30cm isolasjon mot kaldloft, alle dører og vindauge nye 3-lags, 10cm isolasjon i sokkel og balansert ventilasjon.
mindre enn 60-80 Watt pr kvadratmeter.
Grunnen til at man beregner så mye er at man ønsker en jevn temperatur
uavhengig av bruk.
Har man treg magasinert varme, som for eksempel varmekabler i betong,
bruker man 120-150 watt pr kvadratmeter for å holde temperaturen jevn.
Det som antydes for en vedovn er effekten når du bruker den, og fyrer kontinuerlig. Som om du kjøper en panelovn, hva er maksimalt effekt for den, til bruk i sprengkulda.
Ta min stue, ca 40 kvm: 60-80 w/kvm betyr at for å varme den estimeres en vedovn som kan levere 2400-3200 W effekt. Ville noen synes det var enormt overdrevet om jeg installerte tre 1000W varmelister, en under hvert vindu? Tror ikke det.
Skal vedovnen varme opp hele huset, da må du selvsagt regne areal for hele huset. Skal du varme samtlige 170 kvm fra vedovnen, snakker vi om 10-13 kW merkeeffekt. Du varmer neppe alle rom like mye, og reduserer dimensjoneringen av vedovnen tilsvarende.
Hvis du skulle sette opp panelovner i samtlige rom på alle 170 kvm, tilstrekkelig til å sikre at du kunne varme dem alle til "oppholdsrom-temperatur", hva ville samlet merkeeffekt på disse panelovnene være? Antagelig ikke veldig langt under 10 kW!
Peisinnsatsen jeg kjøpte har nominell effekt på 6 kW, nok til å varme opp naborommene ved behov. (Siden pipa har sider mot tre rom i 1. etg, tre rom i 2.etg, kommer det delvis av seg selv, selv om jeg ikke holder dørene åpne for å fordele varmen.) Den regnes som en "mellomstor" peisinnsats.
Ellers: Hvis vedovn-produsentene virkelig angir et såpasssnevert område som "60 til 80 W" uten ytterligere presisering, da tar jeg det med en stor klype salt og egentolking: Ulike hus av ulike aldre og konstruksjon varierer mye mer enn en tredel til og fra i varmebehov! Sier de "fra 20 W/kvm for hus som under ti år gamle til 150 W/kvm for hus bygget på 1940-50-tallet og ikke etterisolert", da tror jeg mye mer på dem. (Og kanskje de reelt sier noe slikt, hvis vi ser nøyere etter.)
Oblygre har laget en duggpunkt kalkulator. der kan du legge inn isolasjons tykkelse og byggematerialer, slik at du kan finne u-verdien.
Søk etter den og last den ned, anbefales.
Til no har vel bustaden vår vore heller dårleg isolert. Det skulle tilsei at me då burde ha rekna meir enn 25stk 1000w panelomnar.
Eg forstår at ein ønskjer ein varmekjelde som kan levera meir enn akkurat minimum. Men meiner fortsat tala er høge. Det er her og snakk om varmebehov, ikkje maks varmeeffekt.
Om ei tid er eg ferdig å renovera huset. Då har eg ein "godt isolert" (80w/m2) hovudetasje på 90m2. Denne etasjen skal då ha eit varmebehov på 7,2kw i denne etasjen. Altså treng eg 7,2kw varmeenergi for å halda etasjen varm når det er kaldt ute. Per i dag det absolutt maksimale eg kan tilføra etasjen av varme 6kw (vedomn) + 2kv (el. omn) + 850w (panelomnar) = 8,85kw. Dette har eg til gode å måtta bruka. Og dette er ikkje med eit "godt isolert" hus.