7,616
7
0
Mosaikkfliser på bad -Fuge og fliser løysnar.
5
Bergen
0
Hei
Eg håpar nokon her inne kan hjelpa meg. Eg har ingen erfaring med flisleggjing eller renovering av bad.
I fjor kjøpte me oss ein leilegheit der badet vart oppussa/totalrenovert i 2007. Dette vart gjort av eigaren før dei me kjøpte av. Det er mosaikkfliser på golvet med varmkablar under. I dusjsona har det vore nokre få små ”hull” i fugen. Det som har skjedd no er at i eit område ved sluket har det løysna ein del av fugen. Og flisene i dette området kan ein pressa litt ned. Som i at limen har sluppe taket og dei ikkje heng fast. Denne prosessen har igrunn skjedd i løpet av dei siste 3-4 vekene. Vedlagt bilder. Mine spørsmål er då:
1. Er dette noko ein må utbedra ASAP?
2. Kan eg reklamera på dette? Til handverkar eller til selgar?
Har ikkje funne namnet på firma som har gjort jobben i salspapira. Stod kunn røyrleggjarfirmaet.
3. Kva er det grøne i fugen, som "tyte" opp? ???
4. Slik eg teinkje so må eg uansett få ein fagmann til å sjå på det og eg redd for å gjera noko sjølv med tanke på den berømte membranen. Tankar?
5. Forsikring dekkar det? (innbo, burettslaget, eigarskifte)
Mange dumme spørsmål :P
Mvh
Lars

I beste fall har du flis som har løsnet fra lim (dårlig flislegging) i verste fall er det som jeg beskrev og det har komet vann under membran og det er membranen som har sluppet fra underlaget.
Definitivt takstmann og krav til eierskifteforsikring omgående (hvis du venter så brukes dette mot deg, du skall ha meldt innenfor en "rimelig tid" fra at du oppdaget skaden - i praksis noen uker)
Hvis det ikke står i taksten at badet var pusset opp som egeninsats, og det krysset opp for "brukt fagfolk for arbeider" så har badet fortsatt garanti fra firma, hvis det er gjort som egeninnsats så har selgeren tilbakeholdt informasjon og skall stå for reparasjoner - da går saken via eierskifteforsikring.
MVH
Sakke
Skal eg no då gjere eige detektivarbeid for å finne firma som utførte arbeid eller skal eg kontakta mitt eige forsikringsselskap for å få ein takstmann til å sjå på det?
Eller med ein gong sende ein nøytral reklamasjon til selgar utan å først få fagfolk til å sjå på det.
Eg spør grunna eg er litt usikker på kva som er det rette å gjera/vanlege og i kva rekkjefølge :)
MVH
Sakke
Utifrå prospekt, taktsen og kjøpsdokumenta greier eg ikkje finna ut kva firma/kven som har stått for varmekablar,membran og fliser.
Følgjande står i egenerklæringa;"Totalrenovert, nystøpt gulv m/varme, nytt røropplegg, sluk, nye fliser. Fondenes har byttet sluk + alt rør."
Eg har prata med Fondenes og dei kan ikkje sjå at dei har gjort noko meir enn å lagt røyr og sluk slik som det står. Dei tilbyr av og til ein pakke med alt. Ikkje her altso, i fylgje dei. Spørsmålet mitt er då kva med resten på badet, kven har gjort det og kor finn eg det i dokumenta? :P
Uansett so ser eg jo ikkje heilt føre meg at eg kjem nokon veg med dette. For det første vil eg ikkje leggja ut for ein takstmann og so risikera måtte betala sjølv viss dette er noko lite uansett. Betre få ein murar/flisleggjar til å sjå på det. Og slik eg har lese meg fram til so må det ein ganske høg sum til for at eigarforsikringa gir meg noko. 4-5% av kjøpssum. Den summen når eg vel mest sannsynleg ikkje sjølv om det skulle vera "worst case scenario" og ein må leggja ny membran og fliser? Det skadar vertfall ikkje å prøva seg.
Teinkte no går rett på selgar for å finne ut kva han har fått av opplysningar om utført arbeid når han kjøpte.
Hvis flisene er tydelig løse så er det en enkel sak å lyfte de ut å se hva skaden består utav.
MVH
Sakke
Det eg no er i tvil om er om eg skal bruka ein takstmann eller ein handverkar? Etter å ha lagt ut bilde og beskrivelse på mittanbud.no so har to svart at eg mest sannsynleg må leggja nytt golv(membran og fliser). Det er på ca 2,5m2 og det er mosaikkfliser. Kor mykje vil ein slik jobb kosta? Ein takstmann kostar ca 3500kr og det er då pengar eg, i følge forsikringa, må ut med sjølv. Og viss arbeidet ikkje er altfor dyrt so er det ein del pengar. Viss ein i staden kan bruke same handverkar som skal utføra jobben til å dokumentere det og. Kva meinar folk om dette?:-)
Eg får ikkje svar før 9.juli om eg kan utbetra mangelen no når eg innhentar dokumentasjonen som NCL skal ha. Sidan juristen er på ferie visstnok. Eg kom til å teinkja på korleis er det å bruke dusjsona i ca 2 mnd til med tanke på om det i verste fall er skade på membran? Problemet er jo og at det finn eg ikkje ut før nokon har sett på det(under flisene?) og me vil helst kunne dusja framøve. Dusjar ikkje lenge og har varmekablar ståande på heile tida.
Utruleg frustrerande sak å måtte oppleva, men trøystar oss med at det kunn er ein materiell ting…
Takkar for alle svar!
Mvh
Lars