108,673    112    10  

Aktiv byggjer redskapshus.

 3,109     Norge     0
Skal prøve å lage ein liten byggjeblogg her på forumet, då eg har mottatt enorm respons på dei prosjekta som eg har lagt ut her.

Byggjesøknad på redskapshus er innlevert, dette vart gjort på Torsdag, og kommande veke vil svaret foreligge, fikk muntlig beskjed om at det vart positivt.
Størrelsen på huset er 14,4x24,4 meter og ei høgde på 8,3 meter.

Skal dele bygget opp i to rom, eit på 10x14 meter og eit på 14x14 meter. Det minste skal være bilverksted/hobbyverksted, der skal eg lage himling slik at takhøgde der vert 4,5 meter, denne hiomlinga dimmensjonerast med 300 kg/m2 eg vil derfor få eit stort loft til lager.

Byggesøknad som er levert er søknad utan ansvarsrett, då eg er eigar av eit småbruk (utan drift), dette var ikkje noko krav ifølge saksbehandlaren hos kommuna , så eg kan byggje inntil 1000m2 utan nokon form for ansvarsrett.

Bygget som skal røysast er eit stålbygg, sitter med sluttforhandlingane i øyeblikket, leverandøren er ein Dansk stålbyggproduset.
Alt arbeid skal gjørast sjølv, forutanom produksjon av stålet.¨

Legger ved bilde av tomta, her vil det skje stor forandring det kommande året.
Siste redigering: Sunday, September 9, 2012 9:14:33 PM av aktiv
Aktiv byggjer redskapshus. - IMG_6078.JPG - aktiv

tod
   #1
 5     Trøndelag     0
Dette blir spennende å følge med på, går litt med samme tankene og har selv et småbruk.
Lykke til.
  (trådstarter)
   #3
 3,109     Norge     0
Har pris frå Danmark på tett uisolert bygg uten dører portar og vindu på kr 297000 Dkr.
Då er frakt inklusiv. altso over 100000kr billigare enn det billigaste Norske tilbudet.

Men eg trur nok eg havnar på ein isolert hall, her finreknar mine "vennar" i Danmark for harde livet no, for å gi meg en pris på det.
   #4
 1,387     Tromsø     0
Ja den hengaren på bildet treng tak over hauet  Wink.

Dette må bli eit flott prosjekt, må vere utruleg kjekt å få eit slikt hus.
Kan aldri tenkje meg at du byggjer uisolert  :D

Lykke til.

  (trådstarter)
   #5
 3,109     Norge     0
Dersom eg byggjer uisolert, vil eg uansett isolere verksted-delen, det er derfor eg skal ha himling der, så ikkje eg må varme opp så mykkje unytta volum under mønetaket.

Ja eg har meir enn nok som treng tak, campingvogn, traktorar, lastebil, gravemaskin, tillhengarar, osv.

(Når eg har en fin og tørr plass, så kjem venteranbilane som eg så lenge har ønska meg også)
   #6
 3,210     Vestlandet     0
Forstår jeg det riktig: Hvis dette ikke hadde vært et gårdsbruk, hadde det vært krav til ansvarsrett?

   #8
 1,387     Tromsø     0

Ja eg har meir enn nok som treng tak, campingvogn, traktorar, lastebil, gravemaskin, tillhengarar, osv.
(Når eg har en fin og tørr plass, så kjem venteranbilane som eg så lenge har ønska meg også)


Trur du må bygge større først som sist.  Smile Finst det ikkje ein nedlagt møbelfabrikk i området du kan overta?
  (trådstarter)
   #9
 3,109     Norge     0
Har egentlig innsett at det allerede er for lite ja, men å byggje større vil verte for "prangande"  og ødelegge mykkje av idyllen her i området, for oss og naboar, så det får holde som det er.

Eller kan eg opplyse at dagen etter eg starta denne tråden, begynte eg å avdekke torva på tomta (altså dagen før byggesøknaden var innvilga), fordi eg hadde mulighet å få kjøpe pukk til 90 kr kubikken, men då måtte eg ta den omgåande fordi den skulle vekk.
Så eg kjøpte 180 m3, og dette ligg no klar på tomta.

Så no skal gravearbeidet starte for fult, men det regnar så inni svarte at det berre vert gjørme av alt >Sad
   #10
 9,677     Kysten     0
Bygger du med bærende kontruksjon i stål er det vel like greit å skru på sandwich element?  Da får du kledning og isolasjon i ett. Blir spennende å følge dette. Smile