1,595
14
8
Gapahukprosjekt på Sunnmøre
10
1
På garden vår har vi prata lenge om å ha ein uteplass som vi både kan bruke til familiehyggje, grilling, barneselskap og litt "tjo og hei" om kveldane for vener og familie. Den skal være stor nok til romme godt med folk, og eit uteområde som er flatt og fint.
Kongstanken var å bruke mest mogleg tilfang frå eigen gard.
Dvs. sjølvprodusert villmarkspanel frå eigen skog, tømmerbjelkar og stein handplukka frå utmarka.
Vi ynskte å ha gapahuken nær huset vårt for å være ha tilgang til toalett, straum og generell kort veg "heim". Vi har då også stor tru på at det blir mykje meir nytta til det som er føremålet.
Her har eg laga eit album som viser gangen i prosjektet og det møysommelige arbeidet med å røyse konstruksjonen til ferdig beisa gapahuk med installert vedovn og innreidd med sjølvlaga møblar. Vi har no teke i bruk gapahuken og er svært nøgde med resultatet.

Artig prosjekt - følger
Byggebolig på Facebook |
Skal til med gapahukprosjekt i barnehagen til sommeren
Fantastisk!
Liker spesielt tanken på at det er brukt materialer fra egen skog, det skulle jeg også gjerne gjort til egne prosjekter hadde jeg hatt en skog (og tid).