#41
 10,486     Akershus     0
Skjønner. Det burde jo holde greit da. Åpenbart Smile

Takk for forklaringen!
Signatur

  (trådstarter)
   #42
 1,387     Tromsø     0
Ser nå at snøen har herja med begge uthusa mine. Vedbua hallar litt mot sør, slik sprekken over døra viser. Eg hadde håpa at bølgeplatene gav nok avstiving, men det gjorde dei ikkje.
Eg har tenkt å prøve å dra den i posisjon igjen med ein kraftig lastestropp. Eg tek ut ventilane og dreg på stenderen under mønsåsen. Og dreg enten mot eit tre i nærheita eller mot fundamentet på motsett vegg.
Er det nokon som har gode råd?

Dei to siste bilda viser det andre uthuset. Det er eit tynnlaftbygg som eg har utvida i bredde og lengde. Og dørene avslørar at det har drege seg litt mot høgre. Det gjer ikkje så mykje, bortsett frå at dørene står skeivt. Eg kan jo justere lista som held dørene, men det hadde vore kjekt om eg fekk sjølve bygget justert.  Eg høyrer gjerne synspunkt på dette også.

Og forresten, knapt to månader sidan eg måka taket, og nå er det full sommar  :)
ariens: Vedbu på hytta - ANB_4406.JPG - ariens
ariens: Vedbu på hytta - ANB_4407.JPG - ariens
ariens: Vedbu på hytta - ANB_4402.JPG - ariens
ariens: Vedbu på hytta - ANB_4404.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #43
 1,387     Tromsø     0
Forsøkte å rette opp uthuset i går, slik at toppen av døra stemmer med opninga. Brukte ein kraftig jekkestropp og stramma det eg torde. Løyste også nokre skruar i bølgeplatene på sida, slik at bygget skulle bli mindre stivt. Skråstivaren mellom takåsen og stenderen er skrudd og limt med Tec-7. Han sat så fast at eg måtte sage over liminga. Bygget gjorde kraftig motstand mot å endre seg, men eg fekk vel redusert forskjellen ein knapp cm. Og måtte konkludere med at bygget er tilstrekkeleg stivt. Truleg skal det mykje til å få det meir på skakke. Avviket frå loddlinja er ubetydeleg.

Eg antar nå at det skal mykje til før bygget kjem meir ut av lodd, så eg kjem ikkje til å gjere meir med dette så lenge det står som nå. For syns skuld kan eg eventuelt tilpasse ny skrålabank i døra slik at ho følgjer døropningen. Men ikkje nå.

Det andre uthuset forandrar seg litt med årstida, så det er truleg grunnen som endrar seg.  Dermed skulle eg ideelt sett flytte dørlåsen kvar vår og haust  ;D-
Må nok spekulere litt på om og eventuelt kva eg gjer med det.
ariens: Vedbu på hytta - ANB_4520.JPG - ariens
ariens: Vedbu på hytta - ANB_4522.JPG - ariens
ariens: Vedbu på hytta - ANB_4523.JPG - ariens
ariens: Vedbu på hytta - ANB_4526.JPG - ariens
ariens: Vedbu på hytta - ANB_4534.JPG - ariens
   #44
 1     0
Artig å lese om prosjektet ditt. Ser at du har brukt panneblikk på taket. Vi skal reparere taket på et gammelt fjøs og dette har akkurat de samme takplatene. Jeg har sjekka med veldig mange forhandlere av takplater, men ingen vet hvor de kan skaffes. I første omgang trenger jeg å lappe etter en skade, men på sikt vurderer jeg å bytte plater på hele taket, og da ville jeg gjerne hatt de samme platene da jeg synes dette er fine plater. Det er 27 cm mellom bølgetoppene. Fjøset står på Kvaløya i Troms.
Vet du hvor jeg kan få tak i slike plater?
  (trådstarter)
   #45
 1,387     Tromsø     0
Takk. Hyggeleg å høyre.

Eg veit ikkje om slike plater er å få lenger, idag brukar dei vel tynnare og lakkerte plater. Desse gamle platene er tjukke og galvaniserte, så dei er sikkert dyrare - og sikkert meir holdbare - enn det som blir brukt i dag.
Det er mulig eg har nokre restar som du kan bruke, sender ei PM med nærmare beskjed.

  (trådstarter)
   #46
 1,387     Tromsø     0

Vet du hvor jeg kan få tak i slike plater?


Eg fekk mine dels då eg skifte tak på hytta og nokre andre var lagra i ei løe i årevis. Så fekk eg dei, lagra dei vidare ca 20 år utandørs før eg brukte dei. Kanskje er dette måten å få slike plater på, følgje med om nokon riv eit slikt tak eller søke på Finn om nokon har til overs.
  (trådstarter)
   #47
 1,387     Tromsø     0
I si tid la eg tettelister under mønekammen av 20 mm bunnfyllingslist, "also known as" kattetarmar, festa med Tec-7.
http://www.byggebolig.no/garasje-anneks-og-smahus/vedbu-p229-hytta/?action=dlattach;attach=50274 Det er ikkje mulig å få ferdige tettelister til så gamle takplater. Bitane som eg limte på, har eg i tur og orden funne igjen på marka. I dag tok eg av mønekammen, la 28 mm bunnfyllingslist, bølgehøgda er ca 30 mm. Nå la eg lista bakom øverste takplateskrue. Nå fyller lista ganske bra og skruen vil truleg halde henne på plass.
ariens: Vedbu på hytta - IMG_4775.JPG - ariens
ariens: Vedbu på hytta - IMG_4777.JPG - ariens
ariens: Vedbu på hytta - IMG_4778.JPG - ariens