258    5    1  

Fundament altan

 2,978     Vestlandet     0
Må støypa 3 fundament til ein altan eg byggjer.
Altanen er 2,2x6 meter. Festa i vegg på eine sida, samt at kortsidene er delvis festa til huset.
Dette var ein 1,3x6 m balkong som eg utvidar med 90cm, og derfor må ha understøtting av stolpar. 
Det er valgt 3 stolpar i staden for 2 av estetiske grunnar. 

No lurar eg på korleis best fundamentera stolpane. Har prøvd å lesa meg opp, men informasjonen spriker mykje. 

Har gjort dette ei gong tidlegare. Då grov ned så langt eg kom, slengte B20 oppi holet og sat i stolpesko. Det vart så som så. 

Det skal gravast i jord. Eg anar ingenting om teleforhold her.

1 kor djupt må det gravast? 
2 5cm xps nedst i holet? 
3 Bør eg nytta slike støyperøyr? 
4 korleis gjer eg dette?

Eg skulle gjerne hatt ein guide frå A til Å🙂
Signatur

  (trådstarter)
   #1
 2,978     Vestlandet     0
No har eg fått gravd 3 hol til søylene mine.

Eg kom meg 60cm - 80cm ned. Finst det tabell som viser teledybde for ulike områder? Eg vil uandett tru det er djupt nok, då eg er godt under vassrøyra inn til huset. Eg har B30 som eg har tenkt å bruka.

Kva gjer eg no?

1 Bør eg ha pukk nedst i holet? Må eg ha isolasjon rundt betong? Kun nedst? Eg har 50mm XPS liggjande.
2 Bør eg fylla holet med betong, eller bør eg bruka desse røyra til støypa i?
3 Set eg stolpeskoa i våt betong og håpar dei står rett når den herdar, eller er det betre å bora dei ned i betongen med ankermasse etterpå?
4 Treng dette å armerast på noko vis?
5 Kor mange sekkar B30 bør eg nytta til kvart punkt?

Råda ein får ulike stader spriker ganske mykje. Nokon stader les eg at ein bør 1,2m - 1,5m ned, somme stader kan ein lesa at det må isolerast godt på alle sider. Når eg prata med ein formann i eit firma som jobbar med vegutbygging osv, seier han; Grav ca 50x50cm, hiv i betong, så er det godt nok.
Signatur
TSt
   #2
 13,730     0
Uten isolasjon er det fare at det er du som bringer telen ned i dybden. Må ha noe armering i søylen mener jeg. Hvis massene over er telefarlige må søylene være glatte utvendig for å ikke bli løftet. Det finnes justerbare stolpesko som gjør jobben med å treffe rett høyde mye enklere. I tillegg er det mulig å kompensere noe hvis det skulle synke litt.
  (trådstarter)
   #3
 2,978     Vestlandet     1
Takker for svar.

Byggevarehandelen "min" hadde kun 48mm justerbare stolpesko, så eg må bruka vanlege. eg er heldigvis ikkje heilt avhendig av 100% lik høgd på stolpeskoa, då nedste del vert skjult.

Godt poeng med tele og glatt side av betong. Det har ikkje eg tenkt på.

Ser no for meg å gjera det slik:

5cm xps i botn.
ein god klatt betong oppå
200mm forskalingsrøyr oppå der
Fylla tilbake rundt røyr med jord/pukk
Betong og eit par 10mm armeringsjern i røyret
Set i stolpesko som vert støtta oppå forskalingsrøyr av 2 bitar lekter.

Verkar dette å vera ok?
Signatur
  (trådstarter)
   #4
 2,978     Vestlandet     0
No er i alle fall fundamenta støypt. Ser ut som det vart great success.

Kor lenge må betongen herda før eg kan belasta den (montera søylene)?
Signatur
TSt
   #5
 13,730     0
Har du støpt i skoene så kan du forsette neste dag. Skal du borre og feste sko ville jeg ventet litt mere.