636
13
1
Herdetid betong i vegg
2,978
Vestlandet
0
Har fylt 15cm tjukt og 247cm høgt med betong i Kub vegg (10cm isopor på begge sider).
Kor lenge må detta herda før eg kan tilbakefylla massar rundt og leggja stålbjelkar oppå.
Eg vil gjerne få gjort det så tidleg som mogleg, og gravekaren min kan fylla tilbake ei veka etter støyping. Men eg vil ikkje ta nokon sjansar.
Kor lenge må detta herda før eg kan tilbakefylla massar rundt og leggja stålbjelkar oppå.
Eg vil gjerne få gjort det så tidleg som mogleg, og gravekaren min kan fylla tilbake ei veka etter støyping. Men eg vil ikkje ta nokon sjansar.
Signatur
"Tilfylling / belastning
Det anbefales at betongen får minst 4 uker tørke-/her-
detid, avhengig av termiske forhold blant annet, før det
tilbakefylles utvendig og veggen belastes. Eventuelle
støttevegger, etasjeskillere og gulvplate som bidrar som
mothold må også være ferdig slik at de har fått sin be-
regnede styrke."
Monteringsveiledningen har eg sjekka, og sjølvsagt fulgt.
Det er som oddbjoh skriv snakk om 4 veker i følje den. Folk eg har spurd, seier frå 3 dagar til eit par veker.
Eg vil anta Sundolitt veit kva dei snakkar om, og at det er ein grunn til at dei anbefaler 4 veker.
Som Hst skriv, er vel tilbakefyllinga den største påkjenninga. Men kan eg t.d.legga opp bjelkar på toppen før det har gått 4 veker? Kva til kan tilleggsforskaling fjernast?
Massane rundt har allereie starta å rasa ned i grøfta. Det vil sannsynlegvis koma meir ved neste store regnskur. Eg kjem ikkje til med maskin der for å fjerna massane før eg får fylt meir pukk. Så eg håpar å kunna fylla i før meir raser ned.
Dei opplyste at betongen hadde om lag 70% fasthet etter 7 dagar. Opplag på mur skal då gå greit, men slag på mur må unngåast.
Etter om lag 10 - 14 døgn kan tilbakefylling utførast forsiktig.
Eg trur at då satsar eg på minimum 14 døgn før eg gjer begge delar. Det er enklast å få gjort begge delar samstundes.
Hst, litt usikker på kva du meiner med snølast.