1,422
25
3
Masse vann under tomt
147
0
Eg har no begynt utgraving av hus- og garasjetomt.
Eiendommen idag er stort sett myr, så heile tomta må gravast ned til fjell før vi kan fylle opp med stein.
Fjellet er forma som ein dal under hus og garasje, med lavaste punkt under garasjen. Dette fører til at alt vatn som kjem sigande vil samla seg under garasjen og delvis under huset, og bli liggjande. Vatnet vil stige mellom 1 og 1,5 meter før det kan finne vegen bort frå tomta i rør.
Kva konsekvensar kan det få å la vatnet liggja under tomta?
Noko av det vil sjølvsagt forsvinne når det blir fylt opp med stein, men med grove steinmassar vil det vera mykje plass til vatn innimellom.
Vatnet vil liggja ca 1 og 1,5 meter under topp av steinfylling.
Dersom det må gjerast tiltak mot dette, er eit alternativ å sprenge vekk ein fjellknaus som fungerer som "demning". Men dette blir nokså kostbart og er helst noko eg vil unngå.
Kan eit anna alternativ vera å ha eit rør som går loddrett frå garasjegolvet og ned til djupaste del av fjellet, med hol i bunn for å ta inn vatn. Og så senke nedi ein senkepumpe som pumper vatnet opp til eit nivå kor det går an å føre det vekk? Total lengde på eit sånt rør vil kanskje vera ca 3-4 meter.
Er det nokon som har tankar om kva som bør gjerast, eller om det i det heile tatt trengs å gjerast noko?

Om du har pukk / grus som kapilærbrytende lag kan jeg heller ikke se hva som er problemet med å ha vann en meter eller to under huset - det renner jo ikke oppover?
Dog, forsøk å få til en drenering av grunnen ut over fjellkammen til lavere terreng. Dette for at ikke grunnvannet skal komme nevneverdig høyere enn fjellkanten.
Huset blir stående på steinfylling på fjell. Fyllingen vil variere mellom 1 og ca 3,5 meter. Vatnet vil ikkje kome høgare enn 1 meter under huset. Derifrå vil det vere mogleg å få det drenert vekk over ein fjellknaus, og videre til lavere terreng.
Har vore inne på tanken med fjellboring også, men er redd også dette vil bli dyrt. Det vil være snakk om et hull på ca 20-30 meter. Letteste tilgang er nok fra toppen, da må vannet pumpes ut for å komme til med maskiner.
Utifrå dei svara eg har fått no er det altså ikkje nevneverdige ulemper med å la vatnet ligge?
Det er ikke vanskelig å pumpe tomt et hull nå, det koster penger å pumpe vann de neste 100år
Jeg ville ikke tatt sjansen på å la vannet ligge, det er alt for mye og vannspeilet er for grunt.
På den annen side er det smart i dag å ta hensyn til ekstremvær. Hvordan er tilsiget til denne "kulpen"? Kan det overstige dreneringsmuligheten?
Når det gjelder kostnad, har du undersøkt? Om du trenger stein som fyllmasse under huset så sparer du jo pukkverkets fortjeneste og transport på den mengden du sprenger ut. Det kan jo være med å "sponse" sprengningskostnadene.
Trenger du radonmembran? Da sperrer den også fukt fra grunnen.
Kostnader har eg ikkje undersøkt enda. Steinen som eventuelt blir sprengd ut trur eg ikkje hjelper så veldig på fyllinga av tomta. Dersom det blir aktuelt med sprenging er det berre snakk om å sprenge ei grøft stor nok til drenering. Det vil kanskje spare meg for maks 3-4 lastebillass med fyllmasser, men samtidig må eg leige folk til sprenging og fylle grøfta opp igjen med drenerande massar.
Kostnad på boring har eg heller ikkje undersøkt då eg sliter litt med å finna folk i område som utfører dette.
Radonsperre blir montert som standard i alle nye bustader her eg bur, så det hjelper nok på mtp fukt frå grunnen.
Du vil trenge litt overvåkning av vannstand og system for restarting om den skulle stanse ved et uhell. Forutsetningen er at det kan etableres en liten U-bøy eller "trau" ved utløpet og selvfølgelig at utløpet ligger lavere enn ønsket laveste vannstand.
Hvis det ikke er andre bygninger i nærheten kan de sprenge mye på kort tid, og sluttproduktet blir små stein...