343
25
1
Riva støtteveggar i sokkeletasje
2,978
Vestlandet
0
Ifm at eg skal meisla opp og grava ut golvet i kjellar/sokkeletasje, forsvinn alle veggar unntatt berevegg i midten av huset.
Det er snakk om 4 veggar murt opp med teglstein. 3 tynne (ca 7cm totalt teglstein satt på høgkant med tjukk puss på begge sider), og ein tjukkare (ca. 14cm totalt. Liggande teglstein med puss på begge sider). 1 vegg er ved kjellardøra vinkelrett på grunnmursvegg som ligg 100% over bakkenivå. 3 av veggane (den tjukkaste i midten) står vinkelrett på grunnmur på langvegg under bakkenivå (om lag 2 meter opp på veggen). Grunnmuren er om lag 13m lang utvendig og desse veggane deler den opp i 4 seksjonar på 2m - 4m. Alle desse veggane er sat opp oppå sålen, og er såleis murt opp etter støyping av grunnmur og såle. Veggane er om lag 1,5m - 1,8m lange.
Den sida av huset som er under bakkenivå har på utsida (utanifrå og innover) stedlige massar, fiberduk, ca. 1m brei grøft med pukk, knotteplast, 10cm xps. Grunnmuren er om lag 21cm betong frå 1970 med 7cm plater av porebetong på innsida (veggane er murt mot sesse platene). Utan sprekker eller riss.
Eg ser for meg at i alle fall den tjukkaste veggen kan vera murt off for å fungera som sidevegs støtte for grunnmuren mot marktrykk frå utsida. Kanskje dei to tynnare veggane på denne sida og er tenkt som det same, men eg lurar på om dei berre er sat opp som lettveggar for rominndeling, ettersom eine teglveggen er satt opp mot grunnmur som aldri har vore under bakkenivå.
Sidan desse veggane står oppå sålen, ryk dei jo til når eg figger opp sålen. Eg tenker det skal gå greit, i alle fall midlertidig. Og at det er nok om eg murer opp ein ny vegg om lag på midten (der den tjukkaste teglveggen står) oppå den nye betongsålen, når den er på plass.
Nokon som har innspel på dette?
3 veggar bortover
Tynn vegg, som eg lurer på om kun er rominndeling, sett frå sida
Tjukk vegg, som eg lurer på om kan ha støttefunksjon for grunnmur, sett frå sida

Signatur
Ja, det kan dei absolutt. Utan desse tynnare veggane vert det litt over 5 meter frå "midtvegg" til yttervegg på eine sida, og litt over 6,5 meter til yttervegg på andre sida.
Eg skal forsåvidt ha nye veggar om lag der dei to tynnare veggane stod, så eg kan mura nye veggar der og. Då vert vel lengste spenn utan støttevegg om lag 4,5 meter.
Veggane må uansett fjernast midlertidig, ettersom dei står på sålen.
kan være skummelt/farlig og rive for mange vegger uten og vite om dem har noen funksjon/ bærende/ støttende funksjon
Slik såg kjellaren ut. Vegg 1, 2, 3, og 4 er murt opp i teglstein. Dei andre er provisoriske i reisvegg med sponplater.
Vegg 2, som er om lag midt på er den tjukkaste teglsteinsveggen.
Den horisontale veggen midt på er berevegg i Leca.
Vegg 1, 3 og sponveggane er no rive ifm utgravinga.
Planen min har vore å fjerna alle desse veggane midlertidig, medan eg grev ut av kjellaren, for så å mura opp igjen den midterste, evt. alle oppå ny såle.
Eg får gravemaskin dumper på fredag, så eg rekk nok ikkje nura noko nytt før den tid.