154    5    0  

Oppbygging baderomsgolv kjeller

 2,978     Vestlandet     0
Skal bygga bad i ein del av kjellaren som eg no held på å grava ut.

Har tenkt å ha røyr for vbv i baderomsgolvet, samt resten av kjellaren. Ønskjer minst mogleg høgdeforskjell mellom baderomsgolvet og resten av kjellaren. Badet vert om lag 2,5x3m. 

No TRUR eg golvet i kjellaren vert bygd opp slik:
Singel
10cm xps
7cm armert betong

For den delen av kjellar som ikkje er bad kjem dette oppå betongen:
5cm xps
2,2cm (eller er dei 2,5cm?) sponplater med spor og vbv. 
1,2cm laminat

For meg vil det vera fordel å kunna støypa plan betongsåle i heile kjellaren (inkl. framtidig bad) i ein operasjon med pumpebil.

Korleis løyser eg best oppygginga av baderomsgolvet og overgang til resten av kjellaren? 

Eg veit ikkje kva minste støypehøgd eg kan ha på badet er. For vbv-røyr er det vel anbefalt 2-3cm overdekking av røyra? Då er eg vel på 3,7 - 5cm alt etter 17mm/20mm røyr. 

Om heile golvet må ha 1:100 fall, eller om det kan vera flatt med lokalt fall i dusjen og 1,5cm oppkant ved terskel vart eg ikkje klok på i Tek-17.

Kva høgd må eg rekna på flislim + flis? 1cm? 1,5cm?

Bør eg droppa 5cm ekstra xps oppå betong på badet og kun ha 10cm under betongen der, for å unngå snublekant inn til badet? 5cm oppå betong i resten av kjellar og 3cm på bad? 

Bør eg leggja 15cm under betongen på badet og forskala mellom bad og resten, slik at betongsålen kjem 5cm høgare på badet enn resten. Då med vbv-rlyra støypt ned i betongsålen på badet? Då treng eg evt. kun støypa fall på badet på toppen etterpå (3,4cm å gå på til eg når same høgd som laminat i resten av kjellaren)? 

Eg vil gjera det så lett som mogleg når det gjeld støypearbeid, då eg er grønn og klønete på det området. Samtidig vil eg verkeleg unngå snuble kant inn til badet og vonde tær. 

Kva gjer eg? 
Signatur

TDJ
   #1
 1,626     Asker      0
Litt usikker på TS sin tilnæring; tenkes gulvet støpt/bygd i 2 operasjoner; først betong-gulv over 10 cm XPS og deretter baderoms-gulv og "andre rom" lagt på toppen av dette igjen ?
Men, noen innspill:
Skal bygga bad i ein del av kjellaren som eg no held på å grava ut.

Har tenkt å ha røyr for vbv i baderomsgolvet, samt resten av kjellaren. Ønskjer minst mogleg høgdeforskjell mellom baderomsgolvet og resten av kjellaren. Badet vert om lag 2,5x3m.

No TRUR eg golvet i kjellaren vert bygd opp slik:
Singel
10cm xps
7cm armert betong

For den delen av kjellar som ikkje er bad kjem dette oppå betongen:
5cm xps
2,2cm (eller er dei 2,5cm?) sponplater med spor og vbv.
1,2cm laminat

Kanskje noe lite isolasjon, men ofte er takhøyden dimensjonerende i kjellerprosjekter. Endte selv opp med 2.23 m på 10m2 bad, har 15 cm XPS i bunnen og 10 cm betong, tradisjonelle varmekabler nedstøpt i betongen. Er særdeles godt fornøyd med både gulv og "tak" og har heller ingen problemer med å oppnå "behagelig baderoms-temp"  Smile !
TS bør muligens vurdere totalt oppvarmingsbehov i rommene, om vbv vil kunne levere nok eller om det må "etterfylles" elektrisk med panelovner e.l.
Hva med radon i fra gulv, radonsperre ?

For meg vil det vera fordel å kunna støypa plan betongsåle i heile kjellaren (inkl. framtidig bad) i ein operasjon med pumpebil.

Benyttet pumpebil på 60 m2 i egen kjeller; 2 mann "støper" (murer) og sjåfør la hele greia 100 % perfekt på under 1 time ShockedGrin. Jeg var KUN tilskuer for en gangs skyld ! En hel sammenhengende flate, men de fikk til og med til greit fall mot sluk der baderommet skulle være. Har ikke måttet gjøre en millimeter med gulvet siden - er skikkelig imponert og anbefaler pumpebil m/"støper" på det varmeste !


Eg veit ikkje kva minste støypehøgd eg kan ha på badet er. For vbv-røyr er det vel anbefalt 2-3cm overdekking av røyra? Då er eg vel på 3,7 - 5cm alt etter 17mm/20mm røyr.

Kjenner ikke til vbv-løsninger, men han som støpte mitt gulv anbefalte betongtykkelse på ca 10 cm (absolutt tynneste han var villig til å "godta" var 7-8 cm) , armeringsmatte ca midt i støpen og en stubb med kamstål inn kjellervegger i alle innvendige og utvendig hjørner. Hindrer oppsprekking.  

Kva høgd må eg rekna på flislim + flis? 1cm? 1,5cm?

Jeg har benyttet som "standard" tilnærming hos meg;
Fliser (alle vanlige) = 10 mm
Flislim = det halve av tanningen på tannsparkelen man benytter. Benyttet bare 8 mm firkant-tanning, blir altså 4 mm lim. (Blir litt "teoretisK", forutsetter at man er i stand til å "gni"/klemme flislimet ut 100 %. Det greier man sjelden. Men, så er flisene sjelden 10 mm tykke, så jeg har kommet bra i mål med å benytte 1,4 cm som utgangspunkt.

Bør eg droppa 5cm ekstra xps oppå betong på badet og kun ha 10cm under betongen der, for å unngå snublekant inn til badet? 5cm oppå betong i resten av kjellar og 3cm på bad?

Forstår ikke denne helt; TS må jo ha terskel inn mot badet uansett pgs TEK-krav....
Er vel ikke uvanlig at et badegulv ligger noe høyere enn gulv utenfor.
Når det gjelder støping i en operasjon bør gulvet i bad kanskje isoleres fra resten av gulvene ?!
Antar at vbv har egne krets for badet; man ønsker jo vanligvis å ha slike rom vesentlig varmere enn oppholdsrom ?
Signatur
HSt
   #2
 35,438     Lillestrøm kommune     0
TEK krever vel rullestol tilgang og dermed må fall legges innover badegulv istedenfor stor terskel
  (trådstarter)
   #3
 2,978     Vestlandet     0
Takker fir gode innspel. Eg kan forsøkja å oppklara litt i det noko rotete inlegget mitt.

Planen er i utgangspunktet 10cm xps i botn og 7-8cm armert betongplata i heile sokkeletasjen, levert frå pumpebil. Dei som leverer med pumpebil her utfører dessverre ikkje noko utanom levering, så resten må gjerast sjølv. Eg gruar meg alltid for betongarbeid, men ei flat plata med godt flytande betong trur eg er overkommelig for meg. Då har eg eit rett betonggolv med isolasjon som utgangspunkt i kjellaren. 5cm isolasjonmellom betong og vbv i alle rom for raskare regulering av varme (kan ikkje leggja betong heilt nedst med 15cm isolasjon oppå, då sålen vil verta under babkett på grunnmur). Dette tenker eg er eit godt utgangspunkt for kjellaren.
- mogleg for meg å få til
- totalt 15cm isolasjon
- rask regulering av vbv
- god romhøgd
- sterk betongsåle for sidevegs støtte av grunnmur og berevegg. (ikkje flytande golv.)
- mogleg å støypa pall på badet i fred og ro med lirer e.l etterpå for ein amatør.

Om eg gjer dette vil alle rom (unntatt bad) byggja 8,4cm over betongsålen til slutt (inkl 5cm isolasjon). Då har eg vel greit utgangspunkt for å laga til flat terskel inn til bad?

Eg kan, som eg i utgangspunktet hadde tenkt, leggja all isolasjon under betong, men er nokre ulemper med det.
- får ikkje flyta betong ned under deler av bankett (mellom stein under).
- må leggja vbv-røyr rett i betong. Enklare og billigare, men treig regulering.
- må støypa fall på bad og vaskerom i same operasjon, som eg trur eg ikkje får til.

Bad kan godt ha treig regulering av varme, då det sikkert vil vera konstant temperatur.

Veggar er isolert 10cm utvendig, får 5cm innvendig,10 - 15cm i såle og 20cm i bjelkelag. Sånn sett greit isolert. Alle vindauge og dører 3 lags glas. Mildt klima. Om eg treng tilleggsvarme på sikt veit eg ikkje endå, men eg tvilar på det.

Radon har eg målt i 2 år, og trur eg har grei plan på. Men det må vel plast/membran nedi her ein plass. Eg tenkte mellom to lag xps 5cm.

Ser for meg at denne oppbygginga av sålen kan vera ei god løysing. Det som vert utfordringa for meg er kor mykje baderomsgolvet vil byggja opp og korleis få til trinnfri overgang lettast mogleg.
Signatur
TDJ
   #4
 1,626     Asker      0
Ok, høres fornuftig ut å ta en så stor jobb i flere steg dersom en skal gjøre alt selv.. Smile, er imponerende !
(Men må si at å kjøpe gulvet "ferdig" fra murer er den beste investeringen jeg har gjort i hele mitt kjellerprosjekt ! Murer bestilte bil ++ og ordnet med alt. Finner ikke igjen fakturaen, men mener han tok 5500.- inkl for jobben. Betongen i tillegg. Syntes dette var veldig ok).

Har ellers støpt en god del annet i kjelleren og alt ble så utrolig mye enklere når jeg begynte å bruke denne:
https://www.jula.no/catalog/bygg-og-maling/maling-og-fugemasse/flis-murerverktoy/betongvibratorer/betongvibrator-271001/
Anbefales på det sterkeste; selv grov/tung betong flyter ut fint ut med en slik, sparer både rygg og skuldre Smile.
Signatur
  (trådstarter)
   #5
 2,978     Vestlandet     0
Om det er mogleg set eg meir enn gjerne vekk betongjobben. Det var forsåvidt planen og er noko eg ser fram til å ha ferdig. Eg må dobbelsjekka mulighet for dette.

Kor tjukk påstøyp bør eg forventa å bruka på badet?
Er det nok med t.d. 3cm på det lågaste?

Må det vera 1:100fall på heile baderomsgolvet, eller kan ein ha flatt golv og kun lokalt fall i dusjsone og membran 1,5cm opp ved terskel? Tek17 nevner begge delar.
Signatur