4,584    0    0  

Erfaring med HTH Kjøkkenforum i Bergen

 1     Bergen     0
Handla flatpakka kjøkken hjå HTH i Bergen og i ettertid skulle eg aldri ha gjort dette.
Alt var fint fram til eg hadde betalt for kjøkkenet, sså starta problema.

- Leveranse 1 veke forsinka. Bring hadde god mulighet for å få kjøkkenet over fjellet rette veka og levere kjøkkenet til lovd dato. HTH gjer ingenting for å presse dei. Slik er det berre får eg i svar

- Fekk med for små bunner til skuffeseksjon. 2,5 veker etter eg klagde første gang er forsatt ikkje ting retta opp i. Konsulent har enda ikkje sendt bestilling.

-Endevegg ved oppvaskmaskin, Glemt å bestille og som i forrige punkt har konsulenty enda ikkje ordna opp i dette.

-Har vistnok fått ein kjøkkenventilator som ikkje står i HTH sine papir, den manglar ei list i front, dette vil dei ikkje ordne opp i. Telefon til Ikea ordner nok opp i det problemet heldigvis.

Skulle kjøkkenkonsulenten du brukte bli sjuk, fins det ikkje vilje til å ta tak i reklamasjon/klager av dei andre, her må du berre vente til han/ho er frisk og på jobb igjen.
I mitt yrke fungerar det ikkje slik, der ordnar nokon andre opp viss eg er sjuk.

Konklusjonen er nok at eg må kjøpe kvitlaminerte plater og lage delane sjølv skal eg bli ferdig med kjøkkenet og få lagt heimen min ut for salg.

Kan gjerne bruke HTH ein annan gang. men ikkje dei i Bergen.

Ser fram til Ikea kjøkkenet eg skal montere til høsten i tomannsboligen eg flytter til.

Ender nok opp med å sende ein mail til forbrukerombudet....