1,616
8
0
Electrolux tørketrommel med filterproblem
970
0
Vi kjøpte ein Electrolux tørketrommel for knappe tre år sidan.
På denne modellen er lo-filteret laga som ein kasett som må opnast kvar gong trommelen er brukt.
Kasetten er laga som to delar som er hengsla i "ryggen". Dvs. hengsla er laga ved at dei to plastrammene er laga som éin del, som er bretta der hengsla er.
Denne plaststrimmelen må ein altså brette opp og igjen kvar gong.
Det gjekk som det måtte gå. - sjå biltet.
Plasthengsla - dei korte sidene som står mot kvarandre - vart utmatta og delte seg.
Spørsmålet er ikkje kva nokon synest om det (det greier eg sjølv).
Spørsmålet er om andre har opplevd det same med liknande produkt frå
Electrolux eller andre merke.

Nå har mine foreldres Bosch kjøleskap håndtak fra et 20år gammel Miele skap da Bosch aldri ville akseptere noen reklamasjonfrist på tynn sprø plast i håndtak. Jeg orket ikke krigen, men også her skulle reklamasjon vært en kurant sak. Ting skal tåle normal bruk hvis de ikke har design / fabrikasjonsfeil.
Problemet er at om dei ikkje har endra konstruksjonen, vil også dette filteret vil gå sundt om 2 1/2 - 3 år. Då har vi passert 5-års grensa.
Den førre trommelen vi hadde, varte i 22 år med tre småbarn. Det er det eg måler denne mot.
Eg reknar med at eg får til ein "fix" på eit vis når eg må - men det er neppe slik Electrolux vil skape ryktet sitt.
Så langt har eg ikkje funne ut korleis eg best kan reparere dette, men vurderer å teste med å smelte ei glasfiberremse inn i plasten.
Om glasfiberremsa festar seg er uvisst, det same med om den vil tåle å bli bøyd i att og fram.
Eg har òg tenkt på diverse typar tape, men det vert rimeleg varmt her, så limet på desse vil truleg smelte og losne rimeleg kjapt.
Det fungerer, og varme er ikkje noko problem. Ringen må vere litt romsleg så kasetten kan opnast.
Vi har også fått nytt filter - det skulle berre mangle....
Og - produsenten har innsett problemet. Det nye har hengsel i ryggen.
Så tipset til alle som har sånn kassett som den gamle vår, er å klage til leverandøren før det har gått fem år.
... Og det var selvsagt samme filter som på bildet, Electrolux og AEG er vel samme fabrikken om jeg ikke husker feil.