1,416    19    1  

Lys under ventilator - korleis teste etter feil?

 970     0
Eg treng litt hjelp frå nokon meir kyndig i det elektriske enn meg.

Vi demonterte ventilatoren for reingjering (ulekker blanding av oppsamla feitt og støv).
Etterpå fungerer vifta, men ikkje lampen.

Lys under ventilator - korleis teste etter feil? - IMG_1162.JPG - ivar
Biletet viser styringa/elektronikken m. knapperad øvst, og lampen med lysrøyr og ?? (drossel?) nedanfor.  Lysrøyret er nytt, og burde vere ok.

Lys under ventilator - korleis teste etter feil? - IMG_1163.JPG - ivar
Det neste biletet viser knapperada. Den grøne dioden lyser fordi vifta er i gang (lågaste fart).
Lys-knappen er heilt til høgre.

Eg reknar med at knappen verkar på eit relé(?) som styrer spenninga til lampen.

Korleis finn eg ut kva som er gale?  Kvar skal det vere spenning når lysknappen er på?




   #1
 3,210     Vestlandet     0
Har du målt spenning før og etter ballasten?

Obs, tror det er lurt å måle i steady-state, slik at du ikke får de høyere spenningene når magnetfeltet kollapser. Dvs: ikke skru av og på bryteren når du måler, og ikke mål hvis du hører at røret prøver å tenne. Det er mulig spenningen likevel er så lav at voltmeteret tåler det innenfor arbeidsområdet altså, men ihvertfall verdt å ha i bakhodet.

(Jeg er ikke elektriker eller elektroingeniør.)
  (trådstarter)
   #2
 970     0
Ballasten - er det klumpen til venstre? Multimeteret viser 160 V (vekselsp) mellom utgangane
når lysknappen er på (og 0 V av).
   #3
 3,210     Vestlandet     0
Ja, ballast og drossel er det samme. Målte du på drosselen?
   #4
 39     Kristiansand     1

Lys under ventilator - korleis teste etter feil? - 8abe75c5f4b8408cb78ee0e59f7bdf3c.jpg - ivar
Først mål spenning inn (1), burde være ca 230v
Om den er ok, så mål mellom punkt 2 og 3(som er koblingen til høyre på ballasten i bildet) slik at du får målt mellom begge fasene og på det som kommer ut av ballasten.
Men er du usikker på hva du driver med så få tak i en elektriker.
Signatur
   #5
 909     Hordaland     0
Det er ikkje relè på denne men thyristorstyring. Sannsynegvis ikkje noko gale der.
Har du sjekka at stikket på kretskortet sit skikkeleg på?
På denne ventilatoren er det ein (grå) kondensator, truleg på 1 uF som bør byttast, då den fører til at ventilatoren ikkje vil gå etter nokre år.
  (trådstarter)
   #6
 970     0
ok...
Stikket til kretskortet sit fysisk godt på. Spørsmålet kan vere om kontaktene (9 stk) er gode. 7 av dei høyrer til vifta - som er i orden. Dei to siste er dei to kvite til lysrøyr og ballast.
Den grå kondensatoren sit på kretskortet? (bilete nedanfor)

Eg kjem til å får kontakt med multimeteret på fire punkt:
Inntaket til kortet (det er vel det Uhei har sett nr. 1 på?): Blå og brun leidning.
Drosselen/ballasten: høgre og venstre kontakt sett på biletet ovanfor

Mellom blå og brun: 230 V
brun - venstre: 230 V (med lysknappen både av og på)
blå - venstre: 0 V (både av og på)
brun - høgre: 0 V (både av og på)
blå - høgre: lysknappen av: 0 V; lysknappen på: 160 V
høgre - venstre: lysknappen av: 0 V; lysknappen på: 160 V


Eg kjem ikkje til for å få kontakt i stikket med dei 9 leidningane.
For ordens skuld.... "lysknappen på" er når det er spenning over ballasten - det er ingen annan synleg skilnad.

Kan det vere så banalt at det er feil sort lysrøyr?

Lys under ventilator - korleis teste etter feil? - IMG_1164.JPG - ivar
   #7
 909     Hordaland     0
Kondensatoren eg tenker på er i ditt tilfelle den store svarte og er på 2 uF på din ventilator.
Sidan ventilatordelen fungerer som den skal, burde også lysdelen fungert normalt men spenningen virkar litt låg, noko som kan vera teikn på at kondensatoren byrjar verte dårleg.
Viss du nettopp har bytta lysrøyr kan det vera så enkelt at det er røyret som er problemet.
Eg har hatt problem med eit lysrør frå Biltema i ein lampe som benyttar same lysrøyr (G23 kompaktrør) som det du har i ventilatoren, men i mitt tilfellet var det to slike lysrør kopla saman i same lampe.

  (trådstarter)
   #8
 970     0
hmm... Kan ein sånn kondensator enkelt skaffast (i rett geometrisk form slik at han får plass)?
- og skiftast - utan lodding m.m.?

Leverandøren (det er ein Husqvarna/Elektrolux) tilbyr kretskortet til kr. 1238,- portofritt (men då vert ventilatoren "som ny"). Det spørs om ein "som ny" ventilator er verd det.

Det ser ut til at lysrøyret skulle vere 11 W - dette er 9 W (Phillips).
   #9
 24,032     Akershus     0
Hva mener en at kondensatoren gjør visavis lyset?

Vanlig lysstoffrør kobles fase1, drossel, glødetråd, tenner, glødetråd, fase2. Hvor kommer kondensatoren inn her? Utjevning på en så liten lampe?
Signatur
   #10
 909     Hordaland     0
Kondensatoren skaffar ein gjerne frå Elfa eller Ebay. På Ebay kostar den gjerne nokre få tiarar, men den må loddast.
Eg kan ikkje garantere 100 % at det er den som er årsaka, men viss du kjenner nokon som kan litt om elektronikk så vil nok vedkommande klara å fiksa det kjapt og greitt.
1238 kroner for elektronikken er nokså høgt prisa spør du meg, men det er opp til deg om du vil kjøpe ny eller fikse den gamle.

Eg tippar at viss du har ein fønar, kan du varme opp elektronikken litt for så å prøve om lyset fungerer.
Men har du ikkje hatt problem før du byrja å rense ventilatoren mistenker eg det kan vera noko anna enn styringselektronikken som er problemet.
Har du bytt lysrøyr kan det vera den gamle ville tenne med 160 volt medan det er litt for lågt for den nye.

Kondensatoren er der for å gje straum til styringselektronikken.
I staden for ein trafo benyttar ein seg av ein kondensator som filtrerer vekk det meste av 230 volten, slik at ein sit att med rundt 12 volt av denne. Mykje nytta for å redusere størrelsen på straumforsyninga.