5,177    4    0  

Montering av Numerär kum i faktum skapstamme

 1,943     0
Har kjøpt eit Faktum benkeskap for kum som skal inn på teknisk/vaskerom.
Som de ser på bildet har skapet ei metallist bak og framme mellom dei to sidene. Det er inga topp-plate på skapet.



Vasken eg kjøpte til heiter Numerär. Eg fekk sydd saman dette med hjelp av ein ansatt på IKEA, og fekk plukkliste. Da skal jo kummen passe til går eg ut i frå. Kummen har ei ramme i tre under, langs heile kanten. I følge bruksanvisningen skal ein legge kummen ned i skapet, og skru til under, gjennom skapet si toppplate og inn i treverket i kummen. Vist her:



Men korleis løyser eg dette når eg ikkje har noko på skapet som eg kan skru i? Kummen passar fint ned i skapet, men ligg jo berre laust oppå.

   #1
 1,052     Trøndelag     0
Mulig jeg misforstår ett eller annet, men kan du ikke bare borre hull i metallistene og skru fast slik det er beskrevet?
  (trådstarter)
   #2
 1,943     0
Det kan hende ja. Det var litt for avansert for meg og 8-åringen i kveld, sjølv om ho var veldig ivrig på å skru :D

Må ein ikkje ha eit spesielt bor til å bore i metall? Vi har ein bor, men eg har aldri prøvd å bore i metall.
  (trådstarter)
   #4
 1,943     0
Takk!

Eg ringde for sikkerhets skuld IKEA i dag. Dei klødde seg litt i hovudet, for dette er ein ny kum. I bruksanvisningen for kummen er den vist kombinert med eit skrog av eldre type - da det var litt topp på skapa. Dette er ikkje blitt oppdatert på tegninga.

IKEA-damen var heilt enig med forumet, og sa at eg skulle skru gjennom metallet. Han eg bur med seier at vi har metallbor, så da skal vi nok få det til.

Takker Smile