5,291    11    0  

AIDA: Tilbygg i betongelement

 15     Rogaland     0
Heisann!  :)
Har planar om eit tilbygg i betongelemnet på mitt gamle trehus.
Det skal vera tilrettelagt for leilighet i kjellaren.

Eg prøver å få til praktiske og stort sett økonomisk beste løysingar:
1.etg
-livsløpsstandard
-nytt kjøkken der eksisterande kjøkken er, opning utan dør til nybygg
-nytt bad vegg-i-vegg med kjøkken (nåverande stove)

2.etg (eksisterande hus)
-nytt tak og fasadeendring
-ingen endringar innvendig unntatt nye vindauger

Kjellar
-kjøkken og bad vegg-i-vegg.
-minst 2 soverom

Er det nokon som vil kome med innspel på både planløysing og fasade?
Siste redigering: Sunday, December 12, 2010 6:51:59 PM av Aida
AIDA: Tilbygg i betongelement - Original02.jpg - Aida
AIDA: Tilbygg i betongelement - Perspektiv_02.jpg - Aida
AIDA: Tilbygg i betongelement - Perspektiv_01.jpg - Aida
AIDA: Tilbygg i betongelement - 1.etasje.jpg - Aida
AIDA: Tilbygg i betongelement - Kjellerplan.jpg - Aida

  (trådstarter)
   #1
 15     Rogaland     0
Får fortsette for meg sjølv her..  :D

Er ikkje heilt fornøyd med inngangspartiet i 1.etg. Lurer på om det hadde vore betre med to vindauger i staden for eitt..

Skulle også hatt eit slags overbygg ved inngangen..

Er heller ikkje tilfreds med planløysinga i 1.etg på tilbygget. Kunne tenkt meg eit kontor også, men har blitt gjerrig på arealet. Er jo stort nok då, men.. Er litt fastlåst her.
Er det feil å ha ein kontorkrok på soverommet?
   #3
 5,188     Østlandet     0
I utgangspunktet syns jeg det opprinnelige huset ser mye hyggeligere ut enn det nye spetakkelset, men hvis du trenger mer plass, så foreslår jeg at du river det gamle og bygger alt nytt istedetfor å flikke på det gamle.

Å bygge sammen gammelt og nytt fordyrer prosjektet.
Utspring, kriker og kroker fordyrer et bygg.

Det mest økonomiske er å bygge helt firkantet, med flatt tak. Da får du mest areal for pengene, men det ser veldig IKEA (eller skal vi si REMA) ut med slike flate tak.  Wink
Signatur
  (trådstarter)
   #4
 15     Rogaland     0
Takk for svar, sjølv om det ikkje var det svaret eg ville ha.. :D

Er det ikkje dyrare å rive og bygge heilt nytt hus enn å bygge på når me treng stor plass?
Er det billegare med flatt tak enn pulttak?
   #5
 171     0
Eg hadde sansen for det nye du har tegnet. :-)

Det blir kanskje rimeligere å bygge heilt nytt?
Du må vel uansett bytte tak og vegger, etterisolere og fikse den gamle delen innvendig eller er det gjort mykje her allerede?
  (trådstarter)
   #6
 15     Rogaland     0
Takk Smile
Har budd her i mange år, så det er gjort ein god del innvendig. Badet var nytt i 1997, alt elektrisk og røyr vart skifta ut same året.
3 av sidene i 1. etasje fekk nye vindauger, kledning og isolasjon i 2005. Det er hovudsakleg taket og utsida på 2. etasje som må fornyast.
Så er veit ikkje om det svarer seg å rive det gamle huset..
   #7
 2,397     Bjørkelangen     0

I utgangspunktet syns jeg det opprinnelige huset ser mye hyggeligere ut enn det nye spetakkelset, men hvis du trenger mer plass, så foreslår jeg at du river det gamle og bygger alt nytt istedetfor å flikke på det gamle.

enig med Harald her gitt.det nye og det gamle passer ikke sammen.
riv den gamle dritten å bygg nytt

Signatur

  (trådstarter)
   #8
 15     Rogaland     0
Ja, ideelt sett kunne eg sjølvsagt tenkt meg heilt nytt hus, og på eit plan. Men eg vil tru at det er dyrare enn å byggje på?
Er åpen for andre løysingar, men foreløpig er dette den eg har; eit firkanta tilbygg inntil det gamle huset.
   #9
 171     0
Når du har gjort så mykje med det gamle, trur eg det i dette tilfellet vil lønne seg å bygge på, heilt klart.

Du kjem kanskje og til å gjere mykje sjølv?
  (trådstarter)
   #10
 15     Rogaland     0
Me kjem nok ikkje til å gjere alt for mykje sjølv anna enn å rive det som må og male o.l.