25,703
48
2
Aktiv byggjer trapp
3,109
Norge
0
Då det vart klart for oss at vi trengte trapp i huset eg bygde var vi en liten tur innom Strynetrappa i Stryn, for å sjå på forskjellige trapper.
Etterkvart som fruen fortalte selgaren korleis trappa skulle vere (valnøtt trinn, opptrinn og handlist, blokktrinn osv.)
Vart trappa berre dyrare og dyrare :(
då vi passerte godt over 80000,- kr (og vi skal ha to stk) bestemte eg meg der og då at dette også skal eg gjøre sjølv.
Som eg har skrevet om tidligare er jo dette eit lavbudsjetthus, og då kunne vi ikkje bruke 80-90000 kr på ei trapp!
Material vart kjøpt inn til den nette sum av 44000 kr, (material for to trapper).
Først vart sjølvsagt vangane produsert og tilpassa.
Og raposet vart limt, maskinert, pussa og lakka, før det vat montert.
(oppdasgar no at eg ikkje var flink nok med å ta bilder av trappebygginga )
Pågrunn av kapasitetsproblemer i "sprøyteteltet" vart dei første strøka på endel av delane lakka for hand, før den endelige finishen vart sprøtt med billakkering-sprøyte.
Siste bildet viser nokon av trinna i "sprøyteteltet"
Dette måtte eg ha litt hjelp til då det var liott formange delar å holde på plass for to hender.
Montering av rekkverk,
dette var faktisk like mykkje jobb som å lage alle trappedelane,
men no kan eg det så når eg startar på kjellartrappa vil nok rekkverkmonteringa gå mykkje raskare.
Må berre beklage at eg ikkje hadde fleire bilder av dette prosjektet, men trur likevel at dykk har fått eit innblikk i prosessen.
Arbeidet er vel gjennomført, og eg kan puste ut og vite at eg har spart nærmare 60000kr på prosjektet, tidsmessig tok det ca 100 timar, så timeslønna mi har vert formidabel, med tanke på at den var "skattefri" også.
Må berre beklage at eg ikkje hadde fleire bilder av dette prosjektet, men trur likevel at dykk har fått eit innblikk i prosessen.
Dersom opninga du tenker på er enden av raposet, til høgre på bilda, er det mot gangen ja.
Utgangsdøra er på sida "bak" denne opninga, slik at inngangspartiet er på utsida av vinduet.
Veit ikkje om eg helt klarte å uttrykke meg forståelig der?
Meglarane er bjønnskrutt til underliggar, og handlist.
Itilegg stivar alle rekkverkspiler, dei er 37mm x 37mm
også dei er bjønnskrutt med 6 x 100mm skruar.
meglaren på toppen av trappa er skrutt med en 6 x140mm skrue på skrå ned i
trappevangen, men den hjelper ikkje så mykkje på stabiliteten, anna enn at
den holder meglaren fast mot vangen.
Vangen er forøvrig fresa inn i meglaren, men berre i 5 cm høgde,
så det hjelper ikkje allverden på stivheta, men alle monner drar.
Var litt skeptisk til om det skulle verte stødig nok, men det vart
mykkje stivare enn eg i min villaste fantasi hadde forestilt meg.