296    9    1  

Anbefalte dimensjonar på innvendig trapp - erfaringar

 2,978     Vestlandet     0
Eg må etterkvart få meg ny trapp mellom sokkeletasje og førsteetasje. Trappa i dag er for trang og bratt. Eg har lest meg litt opp på trappeformel, krav og anbefalingar. Likevel har eg ikkje klart å finna beste løysing. 

Bilete av trapperom og dagens trapp med omtrentlege mål: 
Anbefalte dimensjonar på innvendig trapp - erfaringar - Trapperom.PNG - Komlo

Dør til høgre kan ikkje flyttast lenger ned p.g.a. pipa, så eg får ikkje meir enn maksimalt 150 cm. 
Boden på 1,87cm kan nyttast som trapperom. 
Etasjehøgd veit eg ikkje endå, men vil anta ferdig etasjeskille på 26cm + romhøgd ca 230 - 240cm, så kring 260cm - 270cm totalt. 

Eg ønskjer trappa så langt til høgre som mogleg i dette rommet, inntil høgre vegg. Dette på grunn planløysing i etasjen over. 

Tenkte først på 1,5m djup U-trapp (utan repos), men utifrå anbefalingar eg har funne, ser dette ut til å verta for smått. U_trapp hadde passa godt i forhold til etasjen over og. 
Signatur

  (trådstarter)
   #1
 2,978     Vestlandet     0
Sokkeletasje vil innehalda soverom og bad. Trappa vil altså verta nytta til trafikk for voksne og barn til og frå soverom. Sokkeletasje har jo eigen inngang, så trappa treng ikkje dimensjonerast for å flytta store ting. Den treng kun vera trygg og god å gå i.

Det tre døropningane lar seg vanskeleg flytta, så der er det ganske låst. Døropning nedst i midten (til gang og 2 soverom), kan nok flyttast litt, evt opnast meir (berevegg).

I følje Trappekompaniet bør ei 180 grader U- trapp ha ytre mål på minimum 510cm. T.d. 160 +190+160. Eg har ikkje 160cm å ta av utan at nedste trinn vert snublekant når ein går frå høgre til venstre i etasjen.
Kan 150+210+150 vera grei trapp?
Signatur
   #2
 857     Bærum     0
Hvis du mestrer sketchup eller et annet program kan det være til god hjelp å tegne opp en 3D-modell.

Innvendig bredde bør ikke være mindre enn 80cm, men det burde ikke være er problem. Du oppnår 510cm, så da burde det være greit?
Signatur
  (trådstarter)
   #3
 2,978     Vestlandet     0
Sketchup meistrar eg dessverre ikkje.

Slik eg har forstått føreslår den russiske trappekalkulatoren litt skumle trapper.

Utfordringa med lav dybde på U-trapp er vel at dybden på trappa gir dobbelt så mykje stigning som breidda. Kan det stemma at om eg reknar 10cm mindre i dybden på trappa, så må eg rekna 20cm meir i breidda?
160+190+160 trapp tilsvarer 150+210+150 trapp med tanke på stigning o.l.?

Er det nokon som har tilsvarande U-trapp som er 150cm djup, eller mindre?

Signatur
   #4
 857     Bærum     0
Vår trapp er 1,47m dyp på den ene siden. Men du sier ikke så mye om hvor mye plass du har i andre etasje. Kan du snike deg ett trinn inn på gulvet der, så er det til stor hjelp. Den trenger ikke å være symmetrisk, DVs du kan ha 150+210+170 for eksempel. Slik har vi det:

Anbefalte dimensjonar på innvendig trapp - erfaringar - Capture.JPG - Komlo

Anbefalte dimensjonar på innvendig trapp - erfaringar - c4e26bb9c706487da45ee982ee75616f.jpg - Komlo
Signatur
  (trådstarter)
   #5
 2,978     Vestlandet     0
SJå der ja. Det er kanskje ein god ide. Å forlenga den på eine sida kan vera ein god ide. I etasjen over skal det gå fint.

Etasjen over er fortsat på planleggingsstadiet, men eg skal få lagt ut eit bilete av korleis eg har tenkt det.
Signatur
   #6
 857     Bærum     0
Anbefalte dimensjonar på innvendig trapp - erfaringar - 1d57ef3f37be4bccad95570f89f8fc9e.jpg - Komlo

Vi hadde utfordringer med plassen i trapperommet, og dette var det vi landet på. Jeg opplever trappen som god. Vi flyr opp og ned hele tiden, siden vi har soverom og bad oppe. Det går også greit å bære ting. Så dette mener jeg er en tilstrekkelig god trapp, samtidig som den er ganske kompakt og slank.
Signatur
  (trådstarter)
   #7
 2,978     Vestlandet     0
Er det 80cn trinnbreidd på den trappa di, Olechrd?


Første utkast etasjen over. Trappa som er teikna inn er 220x150 Her tenker eg at ein går ned til høgre i trappa.
Anbefalte dimensjonar på innvendig trapp - erfaringar - Trapp 220x150 første etg.PNG - Komlo

Slik vil det då sjå ut i sokkeletasjen med denne trappa. Kjem då ut og inn av trappa om lag midten av rommet. Her er boden til venstre fjerna (fortsat usikker på kva me skal nytta den plassen til):
Anbefalte dimensjonar på innvendig trapp - erfaringar - Trapp 220x150 kjellar.PNG - Komlo

Det skal gjerast ganske mykje med begge etasjane før ny trapp skal inn. Sjølve rommet for plassering av trapp er derimot ganske låst. Planen er ei lukka trapp med bod under.

No ser det i alle fall ut som det skal gå greit å få inn ei stor nok trapp.



Signatur

  (trådstarter)
   #9
 2,978     Vestlandet     0
Den trappa ser flott ut. Om eg får til noko liknande, er eg godt fornøyd.
Signatur