1,006
12
0
Dimensjonar på trapp
2,978
Vestlandet
0
Me har i dag ei vinkeltrapp? (L form) som er 155cm lang og ca 120cm brei. Sjølve breidda på trinn og vangar er ca 77cm. Denne trappa er for smal, for bratt og det er for lavt under taket når ein går i den. Me treng altså ny trapp. Me har dessverre ikkje særlag meir å ta av enn 155cm i lengda.
Kor stor bør ei vinkeltrapp vera? Kva dimensjon bør det vera på opninga i bjelkelaget?
Dette er sikkert for lite utfyllande, men dette kan eg nada om. Trapp skal ikkje bestillast endå, men eg skulle helst visst kor stor eg må laga opninga.
Kor stor bør ei vinkeltrapp vera? Kva dimensjon bør det vera på opninga i bjelkelaget?
Dette er sikkert for lite utfyllande, men dette kan eg nada om. Trapp skal ikkje bestillast endå, men eg skulle helst visst kor stor eg må laga opninga.
Signatur
http://www.zhitov.ru/no/
Problemet mitt er at trappa står i gangen, mellom bad og yttergang. Gjer eg trappa breiare , ryk badet eller yttergangen. Gjer eg trappa lenger, startar den i ein vegg.
Kanskje eg rett og slett må endra planløysinga meir drastisk...
Sett at trappa skal vera om lag 240cm høg, kor lang breidd + lengd bør ein då sånn veldig omtrentleg ha for å få ei komfortabel trapp? Er det noko tommelfingerregel på dette?
2+2 meter, 1+3 meter, 2,5+1,5meter? - 4 meter samanlagt.
2,5+2,5 meter, 3+2meter, 1+4meter? - 5 meter samanlagt.
Kva med spiraltrapp? kva diameter bør den ha?
Når du skriver 120 cm bredde, så mener du trolig bredde på trappehullet til en 90 grader svingtrapp, ikke bredden på trinnene?
En enkel helix-trapp ("spiraltrapp") vil trolig ikke løse problemet. Bed trinnbredde på 60 cm er du oppe i 120cm diameter og må være spebygd. Helt håpløst om dette er en hovedtrapp i huset.
Siden du nevner "endring av plan". Dette er ikke bygget enda?
Om å fuske til: du må ha bedre plass nede enn oppe. Nede "skjærer du bort" noe av himlinga og lar undersiden i gulvbordene oppe være himling. Tilsvarende kan en jukse inn et ekstra trinn på toppen ved å "trø på himlinga". Endel ekstra arbeid og er vel ikke ønskelig dersom det kan unngås.
Med 120cm breidde meinar eg trappeholet ja. Er veldig ustø på terminologien her. Bredde på trinn + vanger i dag er ca. 78cm. Trappa går nedover ca. 155cm før den møter vegg og svinger til høgre. Trappa går mot høgre i overkant av 40cm. (til saman 78cm+40cm=118cm). Der trappa svinger treff me bjelke i etasjeskillet (altså rektangulær opning i etasjeskillet), som gjer at ein må bøya seg.
Det me ønskjer er ei trapp som er brei/stor nok til at den er behageleg og trygg å gå i.
Eg lurer fortsatt på kva type trapp me skal gå for, då kvar cm tel her. Frå første link i denne tråden ser eg døme på U-trapp der dei anbefalar 160cm djup og 190cm brei. Dette er vel den løysinga som vil Vera mest plasseffektiv for oss, då djupna er ganske låst og me har lite å gå på i breidda.