(trådstarter)
   #21
 15     0
Hei folkens. Har ikkje gløymt dykk.

Er overvelda over responsen og kunnskapen til medlemane her inne. Eg er ein amatør som finn mykje gode tips her inne. Forstår det at fleire av dykk som har svart er over middels interessert i bevaring av gamle møblar. Eg er veldig glad i det som er gammalt. Har nylig gått ut av eit forhold og har no muligheit til å innrede med det eg vil av gamle ting. Er veldig tilhengar av attvinning (gjenbruk). Det eg sit att med etter eit 10 år gammalt samliv er ein del gamle ting og møblar som kan fornyast til å bli bruksmøblar. Har til dømes ein Tandberg Sølv super 75-14 (skapmodell) frå 1961 som nesten ikkje er brukt. Heldigvis er min eks totalt uinteressert i alt det gamle. Denne har eg modernisert med ein dab adapter. Fantastisk lyd.
Men det var off topic.

Tilbake til skrivebordet;

Min avdøde eks svigerfar var sauebonde. Han tykte det var ein god idè å plassere dette flotte møbelet på vaktrommet i fjøset sitt. Då kan de tenka dykk kva slags behandling det har fått. Skuffene var fulle av alt mogleg drit. Rustne skruar, medisinske sprøyter til sauene, øyremerkingstenger osv. Då me tok over garden var dette noko av det fyrste eg såg. Men pga tidsmangel blei det berre ståande der. Då me selde garden til broren til min eks var eg kjapp å legga beslag på dette. Puuh, heldigvis. Ingen i familien hennar er interessert i det gamle "dritet".
Eg har prøvd å ta skikkelege bilete av bordet som kjem lengre nede.
Eg har avgrensa kunnskap og muligheit til å bruke veldig mykje tid på dette bordet diverre, men har lyst til å bruke det som arbeidsplass.
Håpar bileta kan visa meir korleis overflata er, og at eg kan få gode tips til korleis eg enkelt kan gjera det fint igjen. Har lyst å bevare litt naturleg slitasje og. På forhånd takk til alle.

P.S. Det laget som flassar av er veldig tynt. Trur nesten det må vera maling eller lakk.

Kva kan eg gjera med dette ? - DSC_0450.jpg - andrvin
Her er venstre bordkant med profilen. Det mørke feltet i midten er så klart uten overgang frå området rundt.

Kva kan eg gjera med dette ? - DSC_0451.jpg - andrvin

Kva kan eg gjera med dette ? -  - andrvin

Ein skuffefront. Kva har skjedd med overflata rett over håndtaket trur de? Manglar håndtak på eine skuffa. Kva kan eg gjera med det?

Kva kan eg gjera med dette ? -  - andrvin

Kva kan eg gjera med dette ? -  - andrvin

Kva kan eg gjera med dette ? -  - andrvin

Sida på bordet.

Kva kan eg gjera med dette ? -  - andrvin

Lite slitasje på beina. Kjennest glatte og fine ut. Korleis kan eg enkelt bevare overflata her?

Kva kan eg gjera med dette ? -  - andrvin

Denne manglar på eine sida. Er det mogleg å få tak i ein slik?

Kva kan eg gjera med dette ? -  - andrvin

Fin utsikt frå arbeidsplassen. 


   #22
 2,044     0
Har sett flassing av lakk på gamle møbler når de har vært oppbevart i temperaturer under frysepunktet. Lakken blir nærmest sprø.
   #23
 504     Helgelending i Østfold     0
Se der er fasit ja, og den er -Ådringsmaling-.
Da har man et dekkende malingsstrøk til grunntone og deretter et eller flere lag lasur over manipulert til riktig tremønster. Dette laget flasser ihvertfall her, noen steder også malingen under. Det er egentlig irrelevant hvilket.
Til slutt er det ikke uvanlig at ådringen er beskyttet med olje eller ferniss.

Du kan bevare og fiksere overflata med noe slikt på nytt, men jeg ville ikke bekymret meg. Om møbelet kommer inn i stabilt miljø vil forfallet stoppe opp.
Skal du gjøre mer må det nesten males på nytt. Å lappe 'hullene' med riktig farge vil nok også forbedre helhetsinntrykket mye. Da vil det være fordel med beskyttende toppstrøk.
  (trådstarter)
   #24
 15     0
Dette høyres avansert ut Stefflus. Eg er ikkje veldig erfaren på dette feltet. Korleis kan eg enkelt gjera bordplata her fin igjen?
   #25
 1,333     Bergen     0
Det enkleste er selvsagt å pusse ned og male. Vet ikke om noen snarvei til å få dette som originalt igjen, da ville du ev kunne gjøre det stort på det feltet. Andre alternativer er å lære teknikken selv eller å sette det bort til noen som kan det.
Signatur
  (trådstarter)
   #26
 15     1
Ok. Kan det bli bra viss eg pussar ned plata og skuffefrontar, så brukar Liberon møbelrens og Liberon Finsihing oil?