322
7
0
Black & Decker gamle annonsar
1,387
Tromsø
0
I eit Teknikk og Hobby (for hele familien) frå februar 1956 fann eg to annonsar for B&D som eg synest gir litt perspektiv på kva som har skjedd gjennom ca 60 år.
I 1975 fekk eg min første drill, med slipeskive og sirkelsagforsats. Det var også ein forsats for vibrasjonspussing.
Spennande den gongen å få elektrisk verkty. Sidan har det blitt mykje meir. Tida har endra seg.
I same bladet er annonse for Skoda 1200 til 14.800 og uten kjøpetillatelse (Moderne mennesker foretrekker hurtige og sikre fremkomstmidler), og Ford Anglia for 12.750.

Han hadde en livsfarlig sirkelsagforsats og en plansliper. Sånn i overgangen mellom 60 og 70-tallet kjøpte han et par nyere B&D driller og blant annet en dreiebenk som vi hadde mye moro med.
Hva gjelder kvalitet, så var det mye solid metall, men også endel utstyr laget av stålplater. Men det var ujevn kvalitet, så det var stadig noe som gikk i filler. Tror jeg foretrekker en blå Bosch eller noe annet kurant av dagens modell.
Einig. Verktyet er utvikla ganske mykje sidan den gong. Og prisen er slik at mange kan ta seg råd til det, også kvalitetsverkty. Blå Bosch er også blant mine favorittar.
Samtidig er det sjarmerande å sjå gamle annonsar og kva dei seier om utviklinga.
Det fanst vel proffverkty den gongen også, men det hadde ein heilt annan pris.
Dei første drillane hadde fast hastigheit, ingen revers, toppen to mekaniske gir og så var det vel 2-300W motor. Likevel var det ein stor overgang å få hjelp av ein motor når ein berre hadde hatt handverkty.
Endå eit stort steg vidare når det gjekk an å skru med drillen.
Min første B&D var oransje og grå, hadde to gir og eg brukte han til boring, pussing og litt saging. Så vidt eg hugsar var det brytaren som gjorde at eg måtte kassere han.
Apropos pris, eg skulle kjøpe nokre tvinger i dag. På ein byggforretning hadde dei tyske tvinger til 3-400 kr. Tilsvarande blå på Biltema kosta ca 80, ho er nok ikkje laga i Tyskland. Det seier mykje om mange ting. Og gjett kva eg kjøpte.