14,387
24
1
ariens: garderobeløsning soverom
1,387
Tromsø
0
Son og svigerdotter skal ha ny garderobeløsning på soverommet sitt. Det skal bli eit takhøgt hengeskap frå døra og inn i kroken, og langs kneveggen ein benk med skyvedører som rommar 1 høgde med korgstativ. Benken blir ca 3 m lang og vil romme 6 bredder med korgstativ.
Eg skal lage alle dører av kryssfiner med ei ramme på framsida. Heile huset er kledd innvendig med taktropanel så det blir også kledning på høgskapet. Sokkel lagar eg av 5" glatt bordkledning.
I dag blei det jomfrutur med den nye hengaren min. Eg kjørte til det meste av materialen, og begynte å lage til sokkel og sokkelplate.
Eg skal lage alle dører av kryssfiner med ei ramme på framsida. Heile huset er kledd innvendig med taktropanel så det blir også kledning på høgskapet. Sokkel lagar eg av 5" glatt bordkledning.
I dag blei det jomfrutur med den nye hengaren min. Eg kjørte til det meste av materialen, og begynte å lage til sokkel og sokkelplate.
Hvorfor har de kledd med taktropanel? For å få et litt røft uttrykk?
Flott henger!
Byggebolig på Facebook |
Huset blei bygt i ein røff stil, og son min og svigerdotter likte det, så dei kjøpte då første eigar selde. Det er elles moderne nok med energibrønn og vannbåren varme. Den kraftige panelen har ein uomtvisteleg fordel, born (og voksne) kan herje så mykje dei orkar utan at noko blir ødelagt. Eg har delt av eit stort rom på loftet, og alt blir jo skikkeleg solid med denne panelen.
Hengaren http://www.tysse.no/produkter/10/Varehenger/6102D00/Tilhenger_6102_900Kg verkar veldig bra. Den gamle hadde same kassemål, men hjul under (6101) og eg hadde tenkt å berre få same sort. Men dei hadde denne inne. Kassemål er det same, men han er stødigare og kan laste litt meir. Eg skal sjå om han kan overvintre i garasjen viss eg demonterer draget. Men det blir til høsten, nå framover får han sikkert nok å gjere.
Kjører selv rundt med fars (egentlig farfars) gamle Tredal-henger med trekasse. Er vel ca. samme kassemål som Tyssen din. Tredalen er fin, men godt brukt. Draget har fått seg en trøkk og er skjevt, og tre-elementene i kassen har sett sine beste dager. Og felgene er relativt rustne (gjennomrustet enkelte steder) og klare for utskiftning Den bør nok få seg en overhaling. Har hørt at deler til den er relativt rimelige og greie å få tak på.
Byggebolig på Facebook |
Min forrige Tysse var berre 10 år, før det hadde eg ein Tysse i ca 17 år. Den forrige hadde eg tenkt skulle vare mykje lenger, men den fekk den sjeldne feil at akseltappen begynte å komme ut av firkantrøret som den er klemt inn i. Forhandlaren hadde berre sett det eit par gonger før. I staden for reparasjon og deler til minst 6000kr, kjøpte eg heller ein heilt ny, håpar den skal vare lenger enn 10 år.
Det er nok slik at ein hengar blir utsliten også, det var kjekt å vite at bremser, lys, hjul og koblingsdings er ny og feilfri.
Litt avhengig av bruken ville eg nok vurdert om din gamle hengar er verd å satse på viss du må begynne å skifte deler.
Byggebolig på Facebook |
Idag gjorde eg først sokkelen ferdig, og la over hobbyplank som botnplate. Eg la litt Tec.-7 under platene så dei blir limt til sokkelen og alt blir fast. Så laga eg ramme til høgskapet, alt blei montert med skruar og Tec-7 på kritiske punkt. Så tilpassa eg mesteparten av bordkledninga og spikra den laust opp. Det gjenstår ein trekant over dørene. Panelen skal få tørke og krympe litt før eg spikrar den, så blir det mindre spor mellom kvar fjøl. Skapet skal innredast med stenger, og det får to dører på ca 45 cm bredde, og med ulik høgde.
Det blei mange turar mellom loftet og garasjen, så eg har fått bra trim i dag. Eg har hatt både bordsag, kapp- og gjærsag og dykksag framme, og alle har vore i bruk til kvar sine formål. Nydeleg arbeidsver i dag.
Siste bilde er av same rom, tatt med vidvinkelobjektiv. Det er meglarane sitt triks for å få eit rom til å sjå større ut ;D
Dykksaga er suverent verkty til å dele store plater.