(trådstarter)
   #51
 1,387     Tromsø     0
Då er golvet lagt, men det er mange prosessar. Først la han ut belegget og så sette han på ein varmeovn for å varme opp belegget nokre timar før han tilpassa og limte. Eg får ikkje lov å bruke golvet ennå, og golvleggaren kjem igjen i morgon og sveisar skøytane. Så det tek si tid, men eg er fornøgd med det som er gjort hittil. I ventetida ordnar eg diverse andre ting i kjellaren.

   #52
 12     0
Bruke han varmeovn for å varme opp belegget og ikke varmluftsføn? Å ligge belegg på et bad på 2,37 kvm skal da ikke ta mer enn 3-4 timer ferdig sveiset, forutsett at alt er klart på forhånd. Legg gjerne ved bilder! Smile
  (trådstarter)
   #53
 1,387     Tromsø     0
Han brukte vanleg varmluftsføn under legginga, men før det blei rommet med belegg varma med vifteovn nokre timar for å gjere belegget mjukare. Om det er nødvendig har ikkje eg noka meining om. Uansett sveisar han i morgon. Å vente på tørking etc indikerer vel at han er nøyen med arbeidet sitt.

Før belegget kom på tok eg inn klosettet, dusjkaret og servanten for å sjå korleis golvplassen blir. Det ser ut til å bli bra. Dei ekstra kvadratcentimeter rommet har fått gjer mykje av seg prosentvis Smile
Så er det godt å sjå at det begynner å likne på eit rom etter kvart.
ariens: renovere bad  -  - ariens
  (trådstarter)
   #55
 1,387     Tromsø     0
hehe
gammalt mål: 184*129 = 23736 cm2
nytt mål: (ved golv før platene er komne på): 205*134 = 27470 cm2
auken er 3734 cm2.

Litt for seint på kveld for å rekne prosenten, men det kan evt bli seinare Smile


   #56
 567     bare ett av gangen, helst     0
Google har en grei kalkulator. Om du bruker Chrome, så skriver du bare 27470/23736 inn i søkefeltet, og ser 1.15etellerannet før du trykker enter Smile

Rommet var lite, så det er sikkert ikke så uvelkomment å få det opp med over femten prosent ved bare å bare skrape litt i stenderne, det er kanskje velkomment. På den andre siden, det var kanskje allerede dypt nok for å få armslag rundt seg?
  (trådstarter)
   #57
 1,387     Tromsø     0
Google har en grei kalkulator. Om du bruker Chrome, så skriver du bare 27470/23736 inn i søkefeltet, og ser 1.15etellerannet før du trykker enter Smile

Takk for hjelpa, eg er glad for dei 15 %. Det meste kom på lengderetninga.

Så til noko anna. Eg har nett lagt glava i veggene, dels gjenbruk. Brukt glava blir lausare i fisken enn ny. Har det nokon betydning? Eg tenkjer mest på ytterveggen, der er det mest kritisk med god isolasjon.

Elles er golvet ferdig sveisa, og nå skal eg begynne med baderomspanelen. Har aldri lagt slik før, eg håpar det er like enkelt som å legge parkett, men det vil snart vise seg.

   #58
 465     Stavanger     0
Isolasjonsgraden blir jo ikke nødvendigvis bedre med årene, spesielt om den faller litt sammen. Den trekker støv og annet skitt som absolutt ikke er ett behov for å dytte inn igjen i veggene heller. Jeg vet jeg hadde spandert på meg ny isolasjon. Det er som du sier den blir løsere i fisken jo mer en fikler og diller med den.
  (trådstarter)
   #59
 1,387     Tromsø     0
... Jeg vet jeg hadde spandert på meg ny isolasjon....

Hellar til å vere einig med deg roebba, så det blir vel ny isolasjon på ytterveggen i alle fall.

Eg prøver konsekvent å ta bilde av stenderverk og kablar, slik at eg veit omtrent kvar det ligg. På stenderane har eg skrive avstand frå kjent punkt sideveis og frå golv. Tilsvarande for kabel. Det er heilt umulig å hugse slikt når veggen er lukka.

ariens: renovere bad  -  - ariens
Her hadde eg gløymt å markere for kabelen frå taket før eg tok bildet. Men har gjort det etterpå.

Så er eg omsider igang med baderomspanelen. Nokre begynnarfeil og litt voksenopplæring, men nå trur eg at eg forstår det grøvste. Mykje søl og kliss med fugemassen.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Og med flismønster må ein vere nøyen med at platene står i lodd og rette høgde. Der gjorde eg ein tabbe som gav meg meirarbeid.

ariens: renovere bad  -  - ariens
Godt halvparten står igjen.
  (trådstarter)
   #60
 1,387     Tromsø     1
Viss nokon vil lære av mine tabbar så er dei her:

1. Eg gjekk ut frå at hjørnelista eg starta frå var i lodd, sidan eg bygde veggen i lodd. Men ho må ha vore så vidt utanfor, og det blir eg straffa for med meirarbeid vidare.

2. Eg skulle montert bunnlista på ein vegg og venta med neste til forrige vegg var kledd.

3. Den øverste "flisfuga" kjem like under taklista, og sidan platene kom litt ut av lodd vil det vise når taklista kjem på (ca 1 cm på 2 m). Eg skal sjå om eg finn ein hulkil som er brei nok til å skjule denne fuga.
Kanskje skulle eg også vurdert å kutte platene i nedkant slik at det blei ca ei halv flisbredde både oppe og nede. Å få fuga like nedfor taklista er vel ikkje ønskeleg.

Nokre ting hade vore enklare utan flismønsteret.

4. Golvbelegget og bunnlista byggjer litt ut frå veggplanet, så plata vil bøye seg litt ut nederst viss ein ikkje forar ut stenderane tilsvarande.



Siste redigering: Sunday, July 31, 2016 3:47:59 PM av ariens