(trådstarter)
   #81
 1,387     Tromsø     0
Takk for det. Smile

Servanten er på 80 cm. Er det lavare enn vanleg? Vi har 80 elles i huset, eg er 185 og har ikkje reagert på at dei er for lave. Men det er kanskje vanen?

   #82
 36     0
Jo det er vel det som er standard. Mye mulig at bildet får den til å se lav ut siden speilet ikke er kommet opp.. Smile

Signe arbeidet Wink
  (trådstarter)
   #83
 1,387     Tromsø     0
Takk for det, det uttrykket kjenner eg ifrå eg var barn Smile

Bildet kan lett gje feil inntrykk, ikkje minst når eg brukar vidvinkelobjektiv. Då blir det ein del perspektivforskyvningar. Men det er praktisk fordi eg får med mesteparten av rommet på eitt bilde.
   #84
 372     Hedmark      0
Ser bra ut!
Hva ble de innvendige målene på rommet nå i "ferdig" tilstand?
  (trådstarter)
   #85
 1,387     Tromsø     1
Nå går det unna. Har fiksa loddinga og montert klosett. Så er det litt malingsflikking, dusj og så må eg sjå om eg finn eit speilskap.

..Hva ble de innvendige målene på rommet nå i "ferdig" tilstand?

Mål er 2,03*1,32 = 2,67. Det gamle målet var 1,84*1,29 = 2,37.
Kassen er 25*31, omtrent som før.
Som sagt fleire gonger, når rommet er så lite, så er kvar cm viktig. Det følest romslegare, men fasiten kjem først når alt er på plass igjen.

Nå må vi berre finne eit par rolege, røykfrie, ordentlege studiner eller noko tilsvarande utan dyr eller bil som kan flytte inn. Kan ta imot PM viss nokon er på jakt i Tromsø.
  (trådstarter)
   #86
 1,387     Tromsø     0
Før og nå
ariens: renovere bad  -  - ariens
ariens: renovere bad  -  - ariens
ariens: renovere bad  -  - ariens
Ei hovudpoeng for meg i tillegg til det estetiske har vore at alt skulle bli tilgjengeleg for tilsyn og reparasjon. Difor er sluken kommen fram på golvet, kabinettet kan også trekkast fram slik at kroken bak er tilgjengeleg, kassen bak til høgre kan opnast ved å løyse nokre skruar, og ingen ting av dette øydelegg forseglinga/membranen i rommet.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Som nemnt ovanfor monterte eg dørkarmen slik at den følgjer den litt vindskeive døra. Då eg lista, laga eg ei foring med dykksaga som utliknar mellomrommet mellom veggen/karmen og lista. Dette er ein av dei ting dykksaga er heilt suveren til. Slik blei det oppe til høgre inne i rommet.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Eg leita etter eit speilskap, enten var dei for breie eller så var det leveringstid, og i alle kostar dei frå 1300 og langt oppover.
Til slutt kjøpte eg eit speil på 45*60 og ei melaminplate. Så laga eg ei ramme med rygg av kryssfiner, og limte alt med Tec-7. Ramma går akkurat utanfor speilet. Så skrudde eg skroget opp på veggen med skruar gjennom kryssfineren. Deretter sette eg speilet inn og festa det med ei tynn list på kvar side. Listene er skrudde, speilet kan takast ut og skroget kan også skruast ned. Det kosta ca 1300 pga lys og speil og melamin. Og så mitt eige arbeid som eg ikkje kan skrive rekning på Wink.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Det begynte på kapp- og gjærsaga, fortsette på kløyvesaga 0g i tvingene og enda på badet.
ariens: renovere bad  -  - ariens
ariens: renovere bad  -  - ariens
Så sette eg ei ekstra hylle i servantskapet.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Så manglar det nokre krokar, men elles er badet operativt. Så må eg rydde og elles ordne litt i vår eigen kjellar.
Dessutan har eg tenkt at eg må ta ei opprydding i verktybua snart. Kanskje til hausten. Er det interesse for tråd om det?
   #87
 895     0
Det ble bra! Regner med at de nye leieboerne blir fornøyd ogsåSmile Var de en praktisk årsak til at du plasserte avløp fra vask i gulvet og ikke i veggen?

   #88
 6,693     Akershus     0
Du verden hvilken forskjell..! Som vanlig er det godt gjennomført, godt dokumentert, godt forklart og med et resultat som står til laud Smile

Lurt å flytte sluket frem. Da vi rehabiliterte badet vårt var det i grunnen et krav at halvparten av sluket skulle være synlig foran dusjkabinettet, men rørleggeren gjorde det likevel ikke. Utrolig styrete å vedlikeholde sluket når det er skjult under kabinettet.

Du må gjerne opprette ny tråd når du setter igang med verktybua!
Signatur
  (trådstarter)
   #90
 1,387     Tromsø     0
Takk og takk.

Everlost Var det en praktisk årsak til at du plasserte avløp fra vask i gulvet og ikke i veggen?

Tenkte ikkje så langt at eg kunne ha avløp frå servanten inni veggen, men veit det er mulig. Litt enklare å la det gå rett i golvet. 

cheffen Da vi rehabiliterte badet vårt var det i grunnen et krav at halvparten av sluket skulle være synlig foran dusjkabinettet, men rørleggeren gjorde det likevel ikke. Utrolig styrete å vedlikeholde sluket når det er skjult under.
 
Erfaringa vår med sluk under kabinettet i eit trangt rom var det som meir enn anna gjorde dette prosjektet nødvendig.

Det blir eit stykke frå tanke til handling når det gjeld å rydde verktybua, men nå er det stort behov, så eg håpar det blir til hausten ein gong.
Kjekt å ha, kjekt å ha, ikke kast'n du får nok bruk for'n en vakker dag. Så sant som det er sagt. Laughing