Eg har lagt sponen kant i kant både på skapet og for ein del også på veggene. Vindua er plassert utanfor alle modular, så eg måtte uansett ha mange stenderar utanom cc60. Alle plater rundt vindu + fleire andre er lagde kant i kant. Eg synest resultatet blei bra nok, mykje takka vere dykksaga. Men det blei jo litt meir arbeid med tilpasningane. Til nøds går det an å slipe litt eller sparkle over ujamne kantar. Når eg legg tapet over blir det truleg unødvendig. Alternativet hadde vore fleire stenderar og fleire plater.
Eg kjøpte ein overmalbar kvit Storeys papirtapet. Bildet viser forhåpentleg noko av strukturen.
Blir veldig bra. Kjekt og se at du ønsker å ha det fint og praktisk for fremtidige leieboere. Har du tenkt og leie ut møblert eller ønske du at leieboer tar med eget inventar?
Vi begynte med å leige ut, men siste leigbuar hadde ein del møblar sjølv. (Vedkommande leigde alt åleine). Vi kjem til å tilby møblert, og set fram det vi har av møblar som nå står på mørkeloftet. Det blir vel i alle fall delvis møblert. Målgruppa er studentar eller folk som ikkje er særleg etablerte, så dei har gjerne ikkje så mykje sjølv.
Akkurat. Fordelen med og leie ut møblert er gjerne at du kan ta litt mer i mnd og du slipper slitasjen med inn og utflytting av nye leieboere. Hvertfall slik vi tenker med vårt!
cheffen Har du bare lagt sponen på skapet kant i kant, eller fikk du det til å gå opp med not og fjær?
Her er nokre bilde av resultatet. Det kan bli nivåforskjell, og/eller litt glipe mellom platene. Her er litt glipe Litt ujamnt, men kan sparklast Denne er heilt fin
Totalt sett er eg fornøgd.
Elles hadde eg eit prosjekt med bokhylle av hobbyplank i dag. I garasjen fann eg diverse restar som kunne bli hyller. Dykksaga skjer så fint at eg kan laminere dei emna som er for smale. Måtte kjøpe to lengder til vangar på reolen. I mangel av fres stiller eg kapp- og gjærsaga slik at ho ikkje skjer gjennom emnet. Så sagar eg spor i vangane, ca 1/2 cm. Med grunnhøvelen rensar eg sporet, så kan hyllene limast i.
Vaska ut gangen i dag, det kjendest godt å puste utan alt støvet som har vore der.
Kjekt og se at du ønsker å ha det fint og praktisk for fremtidige leieboere.
Ja det er jo kjekt å ha fornøgde leigebuarar. Det er vel også det at eg likar å få det beste ut av eit hus. Får kanskje legge til at i min alder må eg få tinga unna mens eg har helse og arbeidslyst.
Takk for det, det er moro å lage ting med dei gode sagene mine.
I gangen har eg sparkla nokre få plasser, det skal berre malast. Så får det gå som det går. Inne på hybelen legg eg tapet som skal malast, der skal det vel meir til før det blir sprekker.
Alternativet hadde vore fleire stenderar og fleire plater.
Eg kjøpte ein overmalbar kvit Storeys papirtapet. Bildet viser forhåpentleg noko av strukturen.
Målgruppa er studentar eller folk som ikkje er særleg etablerte, så dei har gjerne ikkje så mykje sjølv.
Har du bare lagt sponen på skapet kant i kant, eller fikk du det til å gå opp med not og fjær?
Her er nokre bilde av resultatet. Det kan bli nivåforskjell, og/eller litt glipe mellom platene.
Her er litt glipe
Litt ujamnt, men kan sparklast
Denne er heilt fin
Totalt sett er eg fornøgd.
Elles hadde eg eit prosjekt med bokhylle av hobbyplank i dag.
I garasjen fann eg diverse restar som kunne bli hyller. Dykksaga skjer så fint at eg kan laminere dei emna som er for smale.
Måtte kjøpe to lengder til vangar på reolen. I mangel av fres stiller eg kapp- og gjærsaga slik at ho ikkje skjer gjennom emnet.
Så sagar eg spor i vangane, ca 1/2 cm.
Med grunnhøvelen rensar eg sporet, så kan hyllene limast i.
Vaska ut gangen i dag, det kjendest godt å puste utan alt støvet som har vore der.
Ja det er jo kjekt å ha fornøgde leigebuarar. Det er vel også det at eg likar å få det beste ut av eit hus. Får kanskje legge til at i min alder må eg få tinga unna mens eg har helse og arbeidslyst.
Fint arbeid med hyllene!
Byggebolig på Facebook |
I gangen har eg sparkla nokre få plasser, det skal berre malast. Så får det gå som det går. Inne på hybelen legg eg tapet som skal malast, der skal det vel meir til før det blir sprekker.
Et tips er å heller kappe foringene i bak-kant. Da får du alltid fin og rett kant i front:)