173    4    0  

Badekar i første etasje eller sokkeletasjen?

 2,978     Vestlandet     0
Me skal ha eit bad i første etasje og eit bad/vaskerom i sokkeletasjen. Eit av desse bada skal ha badekar. Badekaret vil ta seg best ut i første etasje, men er lettast å plassera på badet i sokkeletasjen. Så me vurderer litt fram og tilbake.

Så kom eg til å tenka litt på at eit stort (me ønskjer plass til 2 personar. Ikkje boble/massasje e.l.) badekar som er fylt med vatn veger jo ein del, spesielt med ein halvfeit gubbe oppi. Bør bjelkelag (48x198, cc60, med om lag 3m spenn) i førteetasje forsterkast om me går for å plassera det der? Om så, er det voldsomme mengdar ekstraarbeid?

Signatur

   #1
 8,022     Bærum     0
Hvor mange liter vann tenker du ha?

48x198 cc60 spenn 2.8 gir fra bjelkelagstabell egenlast 0.8 kN/m2 og maks nyttelast 3.0 kN/m2.
Dersom du f.eks har 5cm påstøp øker du egenlast til 2.6kN/m2, og du kan regne med maks nyttelast 2.0kN/m2.

Et badekar som rommer 400 liter over 2m2 med to voksne oppi blir da for tungt.
  (trådstarter)
   #2
 2,978     Vestlandet     0
Fruen ønskar eit badekar med om lag 1,2x1,8m ytre mål. Reknar ein eit nøkternt indre volum på det, vert det gjerne 1x1,6x0,5= 8ooliter eller kilo med vatn, fordelt på om lag 2kvm, om det er fylt opp ein halvmeter.

Det ser dessverre ut til å verta meir enn det dobbelte av kva bjelkelaget tålar.
Signatur
   #3
 194     0
Gitt at karet står på tvers av golvbjelkane: om det skal stå inntil vegg vil ein jo ikkje få 400kg/m2 over heile golvet/bjelken, kun innerste meteren ca. Dei resterande to metrane vil ha ein god del lågare last. Så ikkje umogleg om det er slik det er tenkt.
  (trådstarter)
   #4
 2,978     Vestlandet     0
Godt poeng! Badekar kan kanskje plasserat på tvers mot yttervegg.
Men om nokre av bjelkane må forsterkast, kan nok det ordnast og, iom at kjellaren skal renoverast først.
Signatur