8,749    11    0  

Lurebu: Oppussing & oppgradering av hus ifrå 1918

 5,608     0
Tenkte eg skulle dele litt erfaringer med andre om prosjektet mitt

Lurebu - slektsgard ifrå iallefall 1600
Litt historikk:
1918 Nytt bustadhus bygd i maskintømmer med dobbelfalsa kledning utv., synleg tømmer innvendig, synlege bjelker i tak, vanleg gulvbord.
1960 Oppgradert innv. med nytt bad og plater på mange vegger/tak.
197x Oppgradert utvendig med ny kledning & isolering på 3 sider som er 8" ufalsa impregnert kledning, nye glas 3 sider (aust, sør & vestsider)
197x Oppgradert innvendig panel & nye plater på vegger i deler av 1 etasje
1988 Nytt kjøkken 1 etasje sør
2000 Skifta kleding og glas (gamal type) og etterisolerte nordside.
2002 Skifta glas til gamal type de 3 resterande sidene
2003 Oppgradert bad 1 etasje.
2008 Eg overtok garden

ca. 290 m2 buareal + full kjellar

Planar inne:
Skifta septiktank/avløpsledning - 90% ferdig
Lage nytt lite kjøkken 1 etasje nord
Pusse opp kjøkken 1 etasje sør
Renovera bad 2 etasje
Lage teknisk rom i kjellar, renovere bad kjellar
Pussa & male gulv
Fjerne plater på vegger med tømmer bak
+ tusen ting ute

Dette skal takast over ein del år.
Siste redigering: Sunday, August 22, 2010 7:47:45 AM av oblygre
Lurebu: Oppussing & oppgradering av hus ifrå 1918 - lurebu.jpg - oblygre

   #1
 365     trondheim     0
Pent hus:) Mye jobb men også masse gøy med gammelt hus. Vårt er fra 1923...men det ligger midt i byen;) Null åker og eng, kun litt hage. Vi holder fortsatt på.

Du må gjerne legge ut litt flere bilder ::)
   #2
 2,397     Bjørkelangen     0
er det en 2 mannsbolig siden du skal ha 2 kjøkken?
Signatur
  (trådstarter)
   #3
 5,608     0
Huset er bygd med 4 stover, 1 i kvar ende i kvar etasje med tilhørande sovekammer + 4 ekstra soverom.
Det har budd 4 generasjoner i huset på ein gang, og da var her 3 kjøkken (minste generasjonen var nett fødd).
Far min bur i 1/4 av huset i dag, og det minste kjøkkenet skal være til han.
Seinare kan dette væra som ein separat leilighet for besøkande eller born.
  (trådstarter)
   #4
 5,608     0
Lite har blitt gjort på huset i år, har fiksa tak på løa i sommar:
Reve alt gamalt tak, sperr, lekter ned til stavane.
Nye sperr, lekter & alu. tak.
Før & etter bilder av løa. Det gjenstår kister, takrenner og noko maling.
Mala også ein vegg på huset.
Neste års sommar prosjekt er forhåpentligvis uteområder og hagen!
Legge ned jordkollektor, grøfte 200-300m, flytte 20 rodondendrum og 20 andre (voksne) planter, kjøre til jord, tipper eg har jobb da.
Lurebu: Oppussing & oppgradering av hus ifrå 1918 - DSC05804.jpg - oblygre
Lurebu: Oppussing & oppgradering av hus ifrå 1918 - DSC05923.jpg - oblygre
Lurebu: Oppussing & oppgradering av hus ifrå 1918 - Untitled.jpg - oblygre
   #5
 20     Akershus     0
Ser ut som en flott gård. Det er ikke akkurat småtteri du går løs på :P
Blir spennende å følge med videre....
  (trådstarter)
   #6
 5,608     0
Takk for det!
Eg har gjort det før, eg tok gamlehuset mitt (der eg budde før) fra bunnen og (alt innvendig + det meste utvendig), eg sette opp 3 nye hus på garden (uthus, naust & garasje) + bygde 150 m vei og skaut ut 500m³ stein for å få litt plass rundt huset.
Det tok meg 10 år, så på 10-15 år skal eg nok komma rundt denne garden og.
Totalt 50 mål dyrka mark + 300 mål utmark og nokre naust som skal hadlast og, så det tar tid.
Det låg kongsgard her i vikingtida, og det er eit par gravhaugar rundt huset.
Det er garden sørom kyrkja:
  (trådstarter)
   #7
 5,608     0
Fekk ikkje gjort så mykje i sommar ute rundt huset som eg håpa, ventar på å få låna ei gravemaskin til hagen som eg enda ikkje har fått.
Fekk kjørt til ein del lass med murestein.

Fekk gjort ferdig eit fellesnaust som eg har jobba mange timar på.
Fekk tilskot til mesteparten av innkjøpa, og arbeidet vart gjort på dugnad.
Bygd som grindabygg og me har ein 30 fots trebåt som høyrer heime her.
Strandsone så det var full pakke med søknad (disp, ansvarsrett etc.).
Lurebu: Oppussing & oppgradering av hus ifrå 1918 - DSC06901.JPG - oblygre

   #8
 584     Midt-Norge     0
Fellesnaust? Som i samfunn eller familie?

Hva er definisjonen på naust der i strøket? Gulvvarme og med bad og kjøkken?  Smile
  (trådstarter)
   #9
 5,608     0
Før utskiftinga  (ca. 1890) var det 7 gardar som delte tun, og desse gjekk saman om å kjøpe ein båt til å frakte husdyr ute i øyane på sommarbeite.
7 vaksne kyr (men mindre enn dagens NRF) fekk plass oppi.

Dette er då naustet til den båten, og me er 7 gardar som eig den i lag.
Naustet er bygd kun for å bevare båten og kulturen.

Lite hyttenaust her da dei fleste bur med sjøen allerede.
   #10
 584     Midt-Norge     0
Glemte å skrive det jeg egentlig skulle - Flott naust!  :)

Ligger det helt i vannkanten? Står det over stormflo?