12,965
12
0
HolgerL: TV-stue - innredning frå scratch
60
Stathelle
0
Flytta inn i hus frå 1979 i mai i fjor. Har pussa opp litt i stua, to komplette rom og innredd heimestudio/kontor i anneks over garasjen som før var motorsykkelbod.
No er eg så smått endeleg kome i gang med neste prosjekt: TV-stue.
Dette rommet er i første etasje i huset og har aldri vore innreidd. Det er betonggolv og alle fire veggar er ubehandla leca.
Tre av veggane er ytterveggar. Desse veggane er over terreng.
Over rommet er stua.
Himling er i dag av trepanel, men eg har rive nokre bord og konstatert at det er greie etasjeskillere under i cc60 og isolert med glava i mellom.
Planen for himling er å montere lydbøyler, lekte ned med 48x48 og montere to lag plater.
Eg skal slemme veggane, bygge reisverk til veggar og isolere med 70mm på ytterveggane og 50 eller 70mm på innvendig vegg.
Spørsmål 1: Bør eg lage himling eller veggane først?
Altså: Bør himlingen monterast nesten heilt inn til lecaen og fuges mellom plater og (ferdig slemma) leca, eller bør eg lage veggen i full høgde først og fuge himling mot veggplate?
Magekjensla mi seier alternativ 1 - men blei litt usikker.
Spørsmål 2: 70x36mm-lekter til bindingsverk for veggplater: Eg kan skru dei fast med lettbetongskruar, ja? Eg legg asfaltpapp under bunnsviller, men skal eg la det vera mellomrom mellom lektene og murveggen, eller skal eg skru dei heilt inntil veggen med evt. papp (eller plast) i mellom?
Har ikkje fått rydda rommet heilt enda, det har vore i bruk til lagring av uoppakka esker etter flyttinga og andre ting. Skal ta bilda når eg har rydda litt meir.
Legg ved utsnitt av teikninga av rommet.
No er eg så smått endeleg kome i gang med neste prosjekt: TV-stue.
Dette rommet er i første etasje i huset og har aldri vore innreidd. Det er betonggolv og alle fire veggar er ubehandla leca.
Tre av veggane er ytterveggar. Desse veggane er over terreng.
Over rommet er stua.
Himling er i dag av trepanel, men eg har rive nokre bord og konstatert at det er greie etasjeskillere under i cc60 og isolert med glava i mellom.
Planen for himling er å montere lydbøyler, lekte ned med 48x48 og montere to lag plater.
Eg skal slemme veggane, bygge reisverk til veggar og isolere med 70mm på ytterveggane og 50 eller 70mm på innvendig vegg.
Spørsmål 1: Bør eg lage himling eller veggane først?
Altså: Bør himlingen monterast nesten heilt inn til lecaen og fuges mellom plater og (ferdig slemma) leca, eller bør eg lage veggen i full høgde først og fuge himling mot veggplate?
Magekjensla mi seier alternativ 1 - men blei litt usikker.
Spørsmål 2: 70x36mm-lekter til bindingsverk for veggplater: Eg kan skru dei fast med lettbetongskruar, ja? Eg legg asfaltpapp under bunnsviller, men skal eg la det vera mellomrom mellom lektene og murveggen, eller skal eg skru dei heilt inntil veggen med evt. papp (eller plast) i mellom?
Har ikkje fått rydda rommet heilt enda, det har vore i bruk til lagring av uoppakka esker etter flyttinga og andre ting. Skal ta bilda når eg har rydda litt meir.
Legg ved utsnitt av teikninga av rommet.
Siste redigering: Thursday, May 16, 2013 5:19:04 PM av eirikBerntsen
For skruingen har jeg lest noe om kjemisk forankring i lecaen, men har ingen erfaring med dette selv. http://www.klikk.no/bolig/oppussing/article623905.ece
Det finnes vel egne leca-skruer også, så vidt jeg vet.
Usikker på om det bør være mellomrom mellom lekter og murvegger, men hva er eventuelt hensikten med det da?
Hensikt med mellomrom er vel for å forhindre kuldebro frå lecaveggane, og kanskje også for å unngå evt kapillært sug av fuktighet - bunnsvillene skal jo monterast på kapillærbrytande materiale. Veggane skal slemmast, så det er jo ein viss fuktighet i det laget også.
Glava skriv at ein skal montere stendere 2cm frå murveggen i kjeller, så eg fylgjer vel den prosedyren sjølv om mine lecaveggar er over terreng.
Eg veit jo ikkje heilt, så det er difor eg spør her.
Hvis det er mulighet for at materialene flytter litt på seg med tiden så kan det nok være lurt å ta det i motsatt rekkefølge da, altså vegg først og tak (nesten) inntil. Hvis taket da sekker litt så blir det ikke kontakt med vegg med påfølgende overføring av vibrasjoner..?
Hva er å slemme? Er det noe man smører på, en membran av noe slag?
Ville gjort som Leca sier jeg og, da =)
Det går no mot å montere veggane først og montere himiling etterpå, men då må eg nok ha gips eller veggspon på lektene først, og så montere mdf veggpanel oppå der igjen når himlinga er ferdig.
Slemming er å påføre eit lag med mørtel (ein slags sementblanding) på veggen. Det tettar porene i lecaen, og skapar ei slett og fin overflate. Det gjerast med ganske tyntflytande mørtel som ein kan påføre med kost, nærmast som maling.
Har lagt ved bilda ved oppstart. Har no revet det gamle taket, og tok meg bryet med å kappe det opp. Det er 34 år gamalt ubehandla furupanel og tørt som f, så det går rett i ovnen. Utmerka opptenningsved!
Første tanke: Berre avrette 1 cm eller 2. Har aldri gjort noko slikt før. Kan eg gå på ein smell? Eventuelt: Sidan halve golvet er ganske rett, kan eg berre fylle opp på den halvparten som heller, eller må eg fylle heile golvet?
Andre tanke: Sidan det er bygd i 79 er vel golvet neppe isolert under betongen? Var det vanøeg då? Burde eg eigentleg gå all-in og pigge opp golvet, isolere med xps og støpe på nytt? Eg hadde på førehand tenkt å ha varmefolie, men støper eg på nytt kan eg støpe inn varmekablar i staden.
(Kva kan noko slikt koste dersom eg skulle kjøpe tenesta? - har eigentleg lite lyst til å gjera det sjølv)
(Legg inn spørsmål i riktig golv-forum også... Erfaringsmessig får eg lite svar i prosjekttråden... )
http://www.byggebolig.no/gulv/avretting-eller-pigge-opp/
Eg ser så inderleg fram til å få rett golv slik at eg kan starte med stenderverk til veggar! Det er ein heilt annan type jobb som er meir lystbetont! Temperaturen er også no så bra ute at det er behageleg å gjera jobben med å byte vindu, så no blir det forhåpentlegvis betre framgang i prosjektet!
Har bestemt meg for å kle inn heile den veggen der døra er, unntatt pipa, som eg skal få pussa. Kravet er vel at to sider av pipa ikkje skal vera kledd inn, og på den andre sida av veggen er pipa pussa.
Dette blir ei tv-stue, og ingen full-blown heimekino. WAF må vera rimeleg høg. ::) Det skal inn ein ny 60-tommers TV og mitt fire år gamle Onkyo/Canton surroundanlegg. Det spelar heilt greit til å vera såpass lite. (Eg hadde sett meg ut LG sine 65-tommers TV'ar som dei solgte inntil nyleg, men no er det ingen i sal lenger, og i den nye serien er det ingen 65-tommere i LED-versjon!?)
Eg legg også opp til at eg kan ha ein projektor, og strekk ein 7,5 meter lang HDMI-kabel i taket til eit punkt øverst på bakveggen + straum. Den blir ikkje innkjøpt med ein gong. Kanskje når nettene blir lange og kulda setter inn? :)
I front har vi kjøpt dette IKEA Bestå-hyllesystemet: http://www.ikea.com/no/no/catalog/products/S99903024/
Det fyller nesten ut veggen, og gjev god plass til ein 60-70 tommer i midten.
Eg legg opp til godt med straumpunktar i veggane - spesielt i front (NEK 400-kravet og vel så det
Eg har avtale med elektriker om å setja opp boksar og leggja rør sjølv, så kjem elektriker og trekk PN-kabel og koblar. Elektrikeren kjem i starten av neste veke med boksane og røra eg har bestilt og er med på å leggja føringar for kor rør/boksar skal vera.
Samstundes trekk eg rør for nettverkskabel som kjem frå etasjen over og inn i veggen. Denne trekk eg fram til frontvegg, eg legg også rør til bakhøgtalarar. Eg legg opp rør til eit 7.2-anlegg, men trekk berre høgtalarkablar til 5.1. Har eigentleg ikkje planar om å ha meir enn det, men det er like greit å ha rør tilgjengeleg om (når) eg ombestemmer meg (eller at framtidig eigar ynskjer det).
Eg legg også opp audiokabel for subwoofer - både på venstre og høgre side. Teoretisk kan den eine brukast til romperistar om eg vil ha ekstra power ein dag... :)
Eg legg ikkje rør i veggane til høgtalarar i front. Dei blir uansett skjult av reolen/tv-møbel, men eg legg eit einmeters 50mm-rør frå bak tv'en til uttak ved golvlist til hdmi, nettverk- og straumkabel slik at desse blir skjult. Eg vurderer også løysingar for pen implementering av Playstation Eye
Eg har lest meg litt opp på kva som finst av veggplater til audio/video, og har bestemt meg for å kjøpe veggplater som passar Elko og Keystone-kontaktar for bakhøgtalar, RCA audio og HDMI til projektor bak.
Stereovoss, Sagi.no og andre sel veggplater som passar Keystone-komponent, men det er latterleg dyrt å kjøpe her i landet. Eg kjøper Elkoplatene eg treng her:
http://webshop.els.as/webshop?referer=none&p=i&id=10719 5 plater blir til saman 745,- + frakt.
Så kjøpar eg keystone-modulane frå monoprice.com:
http://www.monoprice.com/products/subdepartment.asp?c_id=104&cp_id=10426
2 HDMI-kontaktar, 4 RCA-kontaktar, 4 par med banankontaktar og ein pakke med fem par bananpluggar kostar godt under 200 kroner - men så kjem det sjølvsagt frakt i tillegg.
Berre HDMI-kontaktane ville koste over 200 om eg skulle kjøpa dei her i landet...
Det flaskar seg! Har brukt litt tid på dette, men familielivet og jobben krev sitt. No til helga er det først 17-maiselskap, så er det 7-års bursdag med 16 småjenter (puh) og familiebursdag på søndag. Blir lite jobbing då. Har heller ikkje noko hjelp enda. Skal hyre inn svigerfar når eg byrjar med plater. Då blir det veldig greit med fire hender!
Ellers for du ha lykke til med barnebursdag. Så mange kan få selv den barskeste mann gråtende ned i fosterstilling på slutten av dagen
Trass i 17. mai og bursdagshelg fekk eg nokre timar til rådighet på mandag, og har no nesten alle lektene på plass, og bora ein del hol til rør, isolert ein del bak lektene og i hjørna, m.m.
No er eg i Oslo på jobb, og til helga er det familiebesøk så då blir det ikkje gjort alt for mykje, men slik er det jo. ::)
Fekk beskjed frå den lokale muraren at han ikkje tar fleire oppdrag før ferien, så det hastar litt med å få avtalar med dei handverkarane som eg må ha avtale med, altså murar (som skal pusse pipa) og elektriker.
Eg har ein del tid til grubling og planleggjing då, og det siste er at eg vurderer å gå for ein mindre TV. Eg hadde (har) lyst på ein 60-65" TV, og evt. i tillegg ein projektor for dei beste filmkveldane som eg kunne få råd til seinare, men no lurar eg på om eg skal gå ned til 55" og ein slik Benq-projektor: http://www.prisjakt.no/product.php?p=1449264
Det blir nesten same pris som ein bra 60-65", fordi prishoppet frå ein 55" er så stor.
Med projektorkjøp så er det ein heil del andre faktorar og nye reknestykke. Det er jo stor skilnad på kor langt frå lerret ein kan montere projektor, og kor stort lerret ein kan ha i høve til kor ein skal sitja. Denne kalkulatoren er uunnværleg i så måte:
http://www.projectorcentral.com/projection-calculator-pro.cfm
Kalkulatoren fortel meg at med eit 120" lerret i 16:9-format kan eg montere projektoren 4 meter frå lerretet. Rommet blir ca 4,7 meter langt, men lerretet må monterast i taket foran den før nemnte mediereolen (40 cm djup+5-8 cm rom bak), slik at maks avstand til lerret blir omlag 4,25 meter. Det tyder at eg kan montere projektoren heilt i bakkant i rommet. Med andre ord; perfekt.
Kalkulatoren seier at tilrådd sittedistanse til lerret blir 3,7-5,8m. Framleis perfekt. - Og veldig, veldig fristande! :o
Denne projektoren har 3D-støtte, og ein må kjøpe dyre aktive 3d-briller i tillegg. Skulle ynskje fleire aktørar implementerte Cinema 3D-teknologien som LG satsar på!