10,410
8
1
Rais Q-20 vedovn
54
Rogaland
0
Rais har kome med ein ny vedovn Q-20 (http://www.rais.no/3072.aspx?product=4841). Nokon som har sett denne i "levande live"? Vår lokale Byggmakker skal vistnok få denne inn om ca ei veke. Virkar veldig stilig, men er litt spent på kor stor den faktisk er. Har inntrykk av at den kanskje er mindre enn den ser ut på bildene?
Lurer på det samme. Trenger en ovn med mulighet for rotering som ikke er rund i kantene..
noen som kjenner denne nye rais modellen??
Me fekk vår Q-20 for ei veke sidan. Er veldig fornøgd med den. Var litt redd at det var meir design enn varme i den, men den varmer veldig bra.
30 cm er max vedlengde, men det går. Legg dette inn i ovnen. Har ikkje prøvd veden ståande slik som på bildene på nettet. Sotar ein del før den blir skikkeleg varm, men mulig dette er fyringsteknikk i tillegg til at eg føler veden er litt rå.
Ein ting som ikkje gjekk fram av bildene på nett, er at du opnar ovnen på sida.
I prislistene til Rais står det 29900 på ovnen. Me har bygd nytt hus og kjøpt mykje hos denne forhandlaren og fekk ein noko betre pris.
Var litt uheldige under oppfyring fyrste gong. Kom i skade for å ta på topplata noko som satte fingermerker på den pga lakken herder under fyrste oppvarming. Måtte pusse ned plata og lakke på nytt. Men dei hadde original maling og blei heilt bra etterpå. Men fruen i huset vart jo litt stressa... :-\
Du får kun døra på høgre side.
Air-system kjenner eg ikkje til. Vil det seie frisklufttilførsel? Me har ikkje det då selgar meinte det ikkje var nødvendig i vår bolig (ikkje styrt ventilasjon). Stod noko om Airsystem i bruksanv, men det trur eg ikkje eg las så grundig... :)
Veit ikkje kor du held til, men Varmefag i Stavanger hadde i alle fall ein utstilt for nokre veker sidan.
Edit:
Fann bruksanv. Står lite der om Airsystem anna enn på delelista. Men det er hol i botn og botn bak på ovnen for tilkobling av røyr for friskluft.