1,967    6    1  

Utfordring ved montering av vedovn i hjørne

 3     0
Har ein gamal olje- og vedkamin som eg ynskjer å skifte ut. Kom over ein brukt Hwam Bravo på finn og slo til. Har no klart å finne monteringsveiledningen og slik det i utgangspunktet ser ut kan ikkje ovnen monterast i hjørnet, grunna for kort avstand til brennbart materiale.

Det aktuelle hjørnet har brannmur som går 73,5 cm i kvar retning. Deretter  er det brennbart, som vist på bildet under. Utfordring ved montering av vedovn i hjørne - IMG_1069.JPG - Gimle_69

Frå Wham sine sider finn eg at monteringskrav er som følgjer: 
Til murt vegg: 10 cm 
Til brennbar vegg bak: 15 cm 
Til brennbar vegg på sida: 35 cm 


Mine berekningar viser at kravet om 35 cm gjer at det ikkje går. 35cm er representert med dei to største sirklene.  
Utfordring ved montering av vedovn i hjørne - ovn_vinkel.png - Gimle_69

Men så kjem det som har gitt meg eit lite håp. Når eg var inne på Hwam sine sider for å sjå på alternative ovner ser eg at dei oppgir eigne minimumsavstandar når ovnen er montert 45 grader på hjørnet, vs vanleg flat montering. Ein ny ovn i dag har tilsvarande krav som min Bravo, men det står også at om ein monterer den 45 grader på hjørnet vert minimumsavstand redusert til 20 cm, men at dette berre er veiledende og at ein feier tek endeleg beslutning på om det er godt nok. Så då kjem mitt spørsmål. Kan eg: 

1) Montere 45 grader med same sikkerhetsavstand som tilsvarande ovner har eller 

2) få ein feier til å godkjenne ein sikkerhetsavstand på meir eller mindre enn det som står i monteringsanvisningen. 
Utfordring ved montering av vedovn i hjørne - ovn_vinkel.png - Gimle_69

   #1
 1,674     0
Det er for ens egen sikkerhet disse begrensningene er satt, ville absolutt følge det, nyere ovner kan være ekstra sikret og tåle kortere avstand.
Når det gjelder ovnen du har der nå så vet ikke om jeg noen gang har sett så brannfarlig plassering av en ovn, anbefaler absolutt ikke bruke den :O
Sikker på at du ikke har brannmur bak alt trevirket? eller er det noe slags plast panelen vi ser. Hvor er pipen?
  (trådstarter)
   #2
 3     0
Ja, er klar over at begrensningane er sett av sikkerhetsmessige årsaker, eg lurer eigentleg meir på om dei berre har "gløymd" å informere om at ein kan ha mindre avstand ved 45 graders plassering.

Angående brannmur og pipe, så er pipa plassert bak den høgre veggen bak ovnen. og pipa, samt brannmuren er dekorert med små mursteinar. Det er trepanel til venstre og høgre for brannmuren og det er ikkje sikra med noko brannmur bak slik eg ser. Legg ved lite bilde av planteikning.

Utfordring ved montering av vedovn i hjørne - Skjermbilde 2018-08-08 kl. 21.26.17.png - Gimle_69
   #3
 4,057     Sørlandet     0
Forskjellige ovner har forskjellige krav. Finnes mange som kan monteres i det hjørnet. Fellesen er stort sett at de ikke har glass på siden. Forøvrig så er røykrøret som ofte saboterer da det skal ha en viss avstand (30cm om jeg ikke husker feil).

Her hjemme blir det elementpeis pga lignende problemstilling. Ikke hjørne men en vegg av spon rett på siden av pipa (den flukter med pipa der jeg vil ha ovn og røykrøret blir dermed for nærme)
  (trådstarter)
   #4
 3     0
Etter endå meir googling fant eg ein samlerapport frå Sintef som er litt meir detaljert. Dei bekrefter min "mistanke" og slik eg tolkar det kan eg altså plassere ovnen i vinkel med 5cm avstand frå brannmur til ovnens hjørner og 15cm frå brennbart til ovens hjørner.

Utfordring ved montering av vedovn i hjørne - Skjermbilde 2018-08-08 kl. 21.41.16.png - Gimle_69

http://wiking.com/files/WIKING_site_upload/Download/Godkendelser/Produktdokumentation/043-093%20Nordic2_Nordic7_Logic_Cubic_Bravo_Scandic.pdf
HSt
   #5
 35,438     Lillestrøm kommune     0
Merk siste setning om at overordnet krav til 30cm fra brennbart ikke er fraveket, det er kun avstand hjørne til brannmur
   #6
 22     Bergen     1
Hei, har kjøpt Hwam Bravo på finn, kan noen send meg installasjons veiledning mvh knut@midtveit.com så er jeg takknemlig