4,992
2
0
Justering av kapp- og gjærsag
1,387
Tromsø
0
Ei fin kapp- og gjærsag som Boch GCM 10 SD burde i prinsippet vere rett innstilt, men i dag måtte eg bite i det sure eple og justere kappvinkelen. Etter litt leiting i instruksjonsboka og ein del prøving og feiling fekk eg rimeleg bra 90 graders kutt. Det er altså linjalen som kan justerast litt, når ein slakkar dei 4 skruane. Litt tiltak å sette i gang, men dessverre nødvendig Og sjølvsagt skjedde det mens eg eigentleg skulle bruke tida til å kappe nokre hobbyplankar.
Det er ikke noe som blir gjort enda, kjenner jeg...
Når det først er mulig å justere ei slik sag, (og ære vere produsenten for det), så skulle det vore endå litt større justeringsrom.
Elles er det flott å ha ei slik sag å hjelpe seg med. Utruleg god hjelpar.