171    2    0  

Lekkasje i kompressor

 1,387     Tromsø     0
Eg har ein liten Stanley kompressor som mister lufta ganske fort. Eg sjekka og fann lekkasje i ei skrukobling som eg fiksa med rørtape, men eg ser det også er lekkasje i pakningen mellom sylinder og topplokk. Lekkasjen er slik at eg kan leve med den, men eg synest det kunne vere moro å prøve å fikse den. Eg må vel ta av toppen, og enten skifte pakning eller tette med noko slags pasta. Eller kan eg prøve å løyse topplokket og trekke til boltane på nytt? Det er jo ikkje store verdiar som står på spel, men kompressoren er veldig grei å ta med til småjobbar. 

Lekkasje i kompressor -  - ariens




  (trådstarter)
   #1
 1,387     Tromsø     0
Eg fann nokre videoar som viser korleis det kan gjerast. Så fann eg ut at lekkasjen er så liten av eg ventar med å skifte pakning.