23,612
21
8
Roybi dykkertpistol 18V R18n18G-0. -Veldig fornøyd!
3
5
Hei!
Min fyrste post her på forumet.
Driv og pussar opp eit hus frå '79. ALT skal tas, det skal byggast på, endre planløysing etc.
Har gjort liknande før, men ikkje i så stor skala. Før eg sette igang ville eg derfor handle litt verktøy til jobben, og ein av dei tinga eg fort fann ut at eg hadde behov for var ein dykkertpistol eller listepistol om du vil. Har fått låne Paslode-pistol av svigers som er tømrar før, men nå blei det så stort omfang av bruken at eg ville ha min eigen.
Under sterk tvil kjøpte eg ein Ryobipistol, lik denne: https://www.komplett.no/ryobi-18v-spikerpistol-r18n18g-0/802967
Vanlegvis svergar eg til meir kjente "proff"-merke, men denne var veldig greit prisa, og eg likte at ein hverken treng trykkluft, ledning eller gass. Dessuten er det kjekt at den lokale Byggmakker'n også fører dette merket og kan hjelpe til med alt av problem og tilbehør.
Hittill har eg brukt den i ca 10 timar. Det har vore både til oppsett av smartpanel på vegg, paneling av tak, og listing av to rom med ferdig malte lister.
Min konklusjon: eg er enormt imponert over kva ein får for pengane med denne pistolen! Ladetida er kort, og du kan skyte mange spiker før ny lading. Hittil har eg lada den to gonger etter kjøp, og har vel skote ca 1500 dykkert på den tida.
Den er lett å handtere, har stort sett aldri skote "blankt", og med 18G dykkert så blir sluttresultatet veldig bra. Kvalitetsfølelsen er god og "tung", typisk tysk med andre ord. Dessuten er det så digg å sleppe å tenke på kompressor eller gasspatroner!
Eg veit ikkje om den tåler alt for mange fall frå eit høgt stillas, då trur eg nok luft-pistol er det som gjeld.
Totalt sett er eg altså svært fornøgd med denne pistolen. Eg har erfaring med proffutstyr frå både Paslode, Bostitch og Dewalt frå før, men må sei at eg er minst like fornøyd med denne.
Anbefalast på det varmaste til hobbysnekkeren eller proffen som tør å teste noko litt nytt!
Og nei, eg har ingen tilknytning til hverken importør, selgar, eller produsent av denne maskina.
Tenkte bare eg ville legge ut mi erfaring her, for når eg skulle kjøpe den var det veldig lite informasjon å finne. ::)

Jeg verdsetter lav vekt på verktøy høyt, og syns 0,6 kg er vesentlig mye mer vekt enn Pasloden....og som er vinklet 34grader for å komme til bedre.....
Tekniker med verktøy.......Festool, Makita, Paslode
(gassverktøy med lav vekt), Millvaukee ....og litt til
Eg skøyt panel i eit tak på ca 20 kvm utan å bli sliten i arm eller skulder, så det er ikkje så ille :)
Og ja, du kan skyte mange dykkert med ei patron i Pasloden, men eg har opplevd eit par gonger å stå der laurdag ettermiddag med tom patron, og alle utsalg i nærheten stengt. Dette er sjølvsagt ikkje Pasloden si skuld, men likevel enormt irriterande og noko ein ikkje treng å tenke på med Ryobi.
Tekniker med verktøy.......Festool, Makita, Paslode
(gassverktøy med lav vekt), Millvaukee ....og litt til
Leveres eks batteri og lader...http://www.dinside.no/924408/ryobi-batteridrevet-spikerpistol
Tekniker med verktøy.......Festool, Makita, Paslode
(gassverktøy med lav vekt), Millvaukee ....og litt til
Men, testet den noen få spiker hos Byggmakker, og tror gjerne at de har fått til noe bra med denne.
Eg kjøpte den på nett frå www.homestore.no på kampanje til 2100,- inkl batteri, ladar og frakt.
Ryobi er del av Techtronic-gruppa, og deler teknologi med Milwaukee-produkta.