8,238    13    0  

Prefabrikkert stakittgjerde

 17     0
Har liggjande stavar og spikerslag til om lag 120 meter stakittgjerde, samt ein god del stolpar:

Stav 98x16x995 mm, 900 stk.
Stav 98x16x1505 mm, 176 stk.

1160 løpemeter. Desse er spisse i toppen og har dryppnase i underkant.

Spikerslag om lag 36x48. Parallelogramforma for optimal avrenning. Berekna 1 oppe, 1 på midten og 1 nede. Rundt 350 løpemeter.

Stolpe 72x72x1600 mm, 35 stk.
Stolpe 72x72x2100 mm, 18 stk.

Alt trykkimpregnert ETTER kapping. Beisa med 3 strøk Drygolin "varmgrå" (lys/kvitgrå) oljedekkbeis. Stabla på pallar, lagra tørt innandørs.

6000 (?) syrefaste skruar (Würth).

Men unntak av nokre stolpar skulle vel dette halde til rundt 120 meter?

Kjem aldri til å bruke dette sjølv, og vil gjerne verte kvitt det. Nokon som er interesserte i eit gjerde som kjem til å halde i mange tiår?

   #1
 909     Hordaland     0
Det kan jo vera greitt å nevne kvar i Noreg du held til og kva pris du har eit håp om å få for dette:)
   #2
 1,019     Rogaland     0
Kva skjedde? Blei du lei stakitt før du monterte det?

Kva pris snakkar vi om her?
Signatur
  (trådstarter)
   #4
 17     0
Dette er på Sunnmøre, litt sør for Ålesund. Har stabla stavar og stolpar på pallar.
Ift. transport er det ikkje noko problem å la dei lange lengdene (spikerslag/tverrliggjarar) liggje att. Då er det kun snakk om to greit handterlege pallar. Kan vere behjelpeleg med frakt.

Pris anar eg ikkje, men det er klart at her er nokre løpemeter med material, og mange timar arbeid..Open for fornuftige bud. Ein kan jo ha prisen på 1200 meter 16x98 som utgangspunkt.. Skruane kan ein jo sjekke pris på. Det er ikkje meining i å ha dette ståande, så dersom nokon er seriøst interessert må vi prøve å verte samde om noko.

Dette er produsert heime i garasjen, og sendt til impregnering. Det er som sagt impregnert etter kapping for best mogeleg beskyttelse - kanskje verdt å nemne at det var gjort før ny type impregnering kom i 2002.

Er på jobb til tirsdag, men kan ta bilder når eg kjem heim.
  (trådstarter)
   #6
 17     0
Oi! Var liten respons, så eg rekna med at det var berre å gløyme. Rekk det ikkje i dag, men tek bilder i morgon!

  (trådstarter)
   #9
 17     0
Bilder. Spikerslag/tverrliggjarar ligg lagra ein annan stad, så der kjem eg ikkje til i dag.
Prefabrikkert stakittgjerde - image.jpg - dkvals
Prefabrikkert stakittgjerde - image.jpg - dkvals