12,683    19    0  

ariens: Vindusvaskeveranda

 1,387     Tromsø     0
Eg skal bygge ein liten veranda under det store vinduet på bildet. Vinduet har sjølvrensande glas, men det funkar ikkje godt nok. Eg må ha ein lang stige for å vaske det. Det er uforsvarleg å gå alderdommen i møte med ein slik metode  ;D

Tenkte på å lage ei heisanordning, men fann inga god løysing. Så nå har eg gitt etter for konas forslag gjennom mange år: ein veranda i nivå med golvet på innsida.
Verandaen blir ca 4 m lang og 1 m djup, han skal haldast oppe av 3 skråstøtter som kviler mot betongmuren, i nivå med den nederste verandaen på bildet.

Eg satsar på ein lett konstruksjon. Verandadekket skal hengslast slik at eg vippar det inn mot veggen om vinteren, så blir det inga snølast. Ved at dekket kan flyttast vil det også vere mulig å bygge eit stillas gjennom konstruksjonen i tilfelle eg skulle trenge det til f.eks maling.

Prosjektet gjekk glatt igjennom hos 7-8 naboar og hos kommunen. Så nå blir det bygt så fort eg rekk og det blir rimeleg arbeidsver.
ariens: Vindusvaskeveranda - ANB_4817.JPG - ariens

  (trådstarter)
   #3
 1,387     Tromsø     0
Takk og takk  :)
Nydeleg dag i dag, måtte dessverre bruke formiddagen til å hente materiale. Kjøpte for 2500-3000 kr, og då har eg fått det meste, trur eg.
1. Feste 7 beslag i veggen, brukte 6x90 mm skruar der eg fann massivt tre, og ellers beslagskruar.
2. Feste 7 beslag i ein 36x148 plank.
3. Kappe 7 stk 48x98 på 75 cm og feste 3 av dei på planken, som eg så heiste opp på veggen med tau i endane.
4. Støtte midlertidig med 3 søyler. Montere resten av dei 7 åsane, fast i bjelken og 1 skrue  i veggbeslaget i første omgang.

Då syntest eg eg hadde gjort nok for i dag. Neste punkt er å montere skråstaga som verandaen skal kvile på. Skråstag betyr at det blir ei kraft ut frå veggen når verandaen blir belasta, difor har eg prøvd å feste ekstra godt mot veggen.

Eg er kommen til at verandaen skal vere 75 cm djup, ikkje 1 m.  Verandaen er ikkje for opphald, berre for vindusvask, og då bør han vere så liten som mulig.
ariens: Vindusvaskeveranda - 7 sånne i veggen.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - heise på plass.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - ANB_5157.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - dagens resultat.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #4
 1,387     Tromsø     0
I går støypte eg ned 8 mm gjengestenger for å halde søyleskoa på plass. Biltema ankermasse til å feste og pussmørtel til å justere vinkel på beslaget. Måtte vente til det herda.
Eg brukte søylesko med regulering i tilfelle konstruksjonen skal endre seg. Det medførte ein del ekstra arbeid, og det er ikkje sikkert det var nødvendig ein gong.

I dag tilpassa eg søylene, skrudde ferdig alle beslag og la dekke laust oppå, så eg fekk prøve byggverket. Verandaen er ca 2,5 m over verandaen under, og det er 2,9 m til toppen av vinduet eg skal vaske. Tok ein testvindusvask i dag, eg nådde toppen vha ei to-trinns trapp. Verandaen fungerer altså, og konstruksjonen verkar stiv nok. Nå som vinduet er nyvaska, hastar det ikkje så svært med å komme vidare  ;)

Nå gjenstår rekkverk, alle avslutningar og ei samankobling med resten av verandaen i 1 etasje, som ligg 3 trinn høgare. Eg blir ikkje overraska om det blir mange skeive vinklar, mange improvisasjonar og tilpasningar som vil ta uforholdsmessig lang tid  ;D.
Skal rapportere etter kvart.
ariens: Vindusvaskeveranda - ANB_5161.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - ANB_5163.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - ANB_5166.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - ANB_5170.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - ANB_5171.JPG - ariens
HSt
   #5
 35,438     Lillestrøm kommune     0
Til de som ikke vil bygge ekstra veranda Tongue : det finnes teleskopskaft til vindusvask som når opp til 2.etg. Det fungerte bra i huset der jeg vokste opp. Det fulgte med en "pelskledd" vaskemupp og en standard vindusnal ble brukt etterpå med det samme skaftet.
  (trådstarter)
   #6
 1,387     Tromsø     0
Veit det, og vi har slikt utstyr. Det er kjekt å ha, og gjer god nytte for seg. Men her må vi opp ca 6,5 m frå golvhøgd, og med så lang stang blir det for lite kraft til skikkeleg reinhald, f.eks. viss måsen har sendt ei bombe  >Sad på øverste vinduet.
   #7
 678     Bergen     0
Bra prosjekt, viktig å legge til rette så rutinemessig vedlikehold ikke blir for tungvindt.

Et par spørsmål angående utførelsen;

Skråstøttene ser ut til å hvile på 36x 148 bordet du har i fremkant. Vurderte du å la de gå opp til bjelken istedet og kanskje trekke de 20 cm inn?

Vurderte du å droppe skråstøttene og ha hele verandaen hengslet i veggen samt hengende i wire?
Signatur

  (trådstarter)
   #8
 1,387     Tromsø     0

Skråstøttene ser ut til å hvile på 36x 148 bordet du har i fremkant. Vurderte du å la de gå opp til bjelken istedet og kanskje trekke de 20 cm inn?


Eg vurderte det slik at framkantplanken burde kvile på skråstøttene/søylene. Han er så stiv at han ikkje vil bøye seg. Det tek opp krafta nedover. Så feste eg dei sju tverrplankane med beslag i begge endar og med masse skruar for at krafta ut frå veggen ikkje skal kunne rive verandaen laus frå veggen. Det hadde vore mulig å legge søylene under 3 av åsane, men då blir strekkkrafta ut frå veggen fordelt berre til dei. Men når  heile systemet er godt samanskrudd, betyr det vel ikkje så mykje om ein vel den eine eller andre løysinga.

Eg kunne trekt søylene inn, og det ville gitt mindre strekkkraft ut frå veggen. Men på eit så lite byggverkt blir det vel små forskjellar uansett. Men det er interessant å vurdere dei ulike alternativ, og gjere det slik at det er trygt å bruke.


Vurderte du å droppe skråstøttene og ha hele verandaen hengslet i veggen samt hengende i wire?


Vi har lufteveranda til soverommet vårt, og han heng i to kjettingar, fordi det ikkje er plass til søyler under. Kjettingane er forankra i kvar si gjengestang som går gjennom veggen og inn på mørkeloftet, der ho er forankra i stenderverket. Det funkar heilt fint.
Når eg ikkje gjorde det her er det fordi kjøkkenet innanfor har open himling, og eg var usikker på om eg ville få god nok forankring i stenderverket når eg berre sette inn skruar/ boltar frå utsida. Gjennomgåande boltar inn til eit varmt rom ville jo føre til kondens.

Elles har eg ein patent med at verandadekket blir montert i flakar som enten kan hengslast eller flyttast før snøen kjem. Det sparer verandaen for masse snølast og meg for snømåking. Og snøen kjem rett ned på marka der han isolerer mot telen.
  (trådstarter)
   #9
 1,387     Tromsø     0
I dag har eg lagt forkantbjelke over til eksisterande veranda. Plunder og heft med å tilpasse den. Forkantbjelken får støtte av ei ekstra søyle, ikkje heilt vertikal, men forankra i betongfundamentet.
Då er bjelkelaget ferdig.
Nå skal eg begynne med rekkverket.
ariens: Vindusvaskeveranda - ekstra søyle.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - søylefot.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - oppheng forkantbjelke.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - avslutning mot nord.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - ANB_5237.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #10
 1,387     Tromsø     0
Det går framover, men ikkje så fort som eg ønskjer. Spesielt når nytt skal koblast ihop med eksisterande. I alle fall har eg fått opp stenderane og handlista til rekkverket. Det blir 1 trinn mellom gammal og ny veranda, og bilde 1 skal vise korleis eg har tenkt å la rekkverket gå. I overgangen blir rekkverket ca 130 cm, og så går det ned til 90 på neste hjørne.
På forhånd såg eg ikkje heilt for meg korleis overgangen ville bli, men eg synest nå det blir ei visuelt grei og enkel løysing. Bakom fasaden er det litt meir komplekst.
Her er nokre bilde eg tok i kveld.
ariens: Vindusvaskeveranda - -Mykje plunder her ANB_5239.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - Altfor mange krinkelkrokar ANB_5240.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - ANB_5242.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - ANB_5238.JPG - ariens