(trådstarter)
   #11
 1,387     Tromsø     0
Det nærmar seg ferdig. I dag har eg kubba rekkverket og gjort dørken heilt ferdig. Og så vidt begynt å kle rekkverket.

Eg var usikker på om rekkverket ville bli lealaust sidan det blir eit langt gelender utan feste i vegg, og med 2 svingar. På nybygget har eg bolta alle stenderar i forkantplanken, og når alt var skrudd ferdig og kubba, syntest eg det blei stivt og fint. Ikkje som fjell, men fast nok.
Hadde mykje bruk for smygvinkelen i dag, same type som denne:http://www.jula.no/smygvinkel-150730 . Elles er det kapp- og gjærsag og batteridrill som er mest brukt. Så langt har eg ikkje brukt ein einaste spiker, berre skruar.

Eg hengsla dekket på sjølve verandaen, på den smale overgangen skrudde eg dekket saman og la det laust nedpå. Det blei litt for vrient å hengsle her.
Dei to første bilda viser dørken i sommar- og vinterstilling. Dei to siste er frå overgangen, først flaken tatt laus, og så på plass.

Nå skal eg kle rekkverket, så er verandaen praktisk talt ferdig. Det kjem alltid litt opprydding og kanskje nokre småting etterpå. Maling skal vente til neste år sidan det er impregnert treverk.
ariens: Vindusvaskeveranda - Ferdig dekke ANB_5244.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - Dekke i vinterstilling ANB_5247.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - Flaket snudd oppned ANB_5246.JPG - ariens
ariens: Vindusvaskeveranda - Flaket montert ANB_5245.JPG - ariens

   #12
 5,632     OSLO     0
får håpe du sperrer godt av om vintern, så ingen plutselig finner på og gå ut der.... uten gulv Grin
   #14
 5,188     Østlandet     0
Det er ett-par løsninger her som neppe anbefales av byggforsk og byggeskikknemda.
Å henge bærebjelke i patentbånd ser ikke bra ut.
Bjelkesko rett i kledningen er ugunstig av flere grunner.
Løst gulv på verandaer er ikke lov.
Fritt fall en etasje uten sikring er ihvertfall ikke lov.  ;)
Signatur
   #16
 5,188     Østlandet     0
Ville tatt av noen panelbord og festet verandaen rett i reisverket.
Den bjelken som henger i patentbånd ville jeg hevet og skrudd rett i den eksisterende bjelken. Ville hevet hele verandae for å komme riktig ut.
Ville skrudd gulvene fast. Hvorfor er de løse forresten?
Skråavstiverne ville jeg nok satt 45 grader mot muren for å få dem vekk fra verandaen nedenfor.
Ville ikke brukt metallvinkler for å skru sammen bjelkene. Bjelker skal skrus/spikres i hverandre.
Dette er min mening, men det er mange måter å gjøre ting på.
Bare pass på at alt blir sikkert, trygt og lovlig slik at ingen skader seg.
Signatur
  (trådstarter)
   #17
 1,387     Tromsø     0
Takk for svar.
1. Bjelkesko i bordkledning
Det er nok betre å gjere det slik du foreslår, men eg ser mange som har festa beslaget rett på bordkledningen. Men eg passa på å sette dei der stenderane er, og dei fleste skruane (6x90mm) gjekk tydelegvis inn i massivt tre.
2. Bjelke i patentband
Patentbandet er vel heller forankringsjern http://www.google.no/imgres?imgurl=http://www.bsbutikken.no/images//products/775620_L.jpg&imgrefurl=http://www.bsbutikken.no/index.php?main_page%3Dindex%26cPath%3D219_334_339&h=400&w=400&sz=39&tbnid=IXeqnPVfTccycM:&tbnh=87&tbnw=87&zoom=1&usg=__V_XRnwWl3EF1DEkSF8iFuyh4KZU=&docid=B5p9lscws3EPTM&sa=X&ei=eY40Ut2-A8zZ4QSTwIDYDQ&ved=0CDoQ9QEwAQ&dur=962 
Denne bjelken kviler på ei søyle og dessutan er han bolta i ein stender som så er bolta i forkantplanken på den opprinnelege verandaen (bilde). Stenderen er forsterka ved at ein lik stender er skrudd og limt fast i han.  Forankringsjernet held berre enden av planken. Der planken blir belasta, ligg han som nemnt. Sjølvsagt er han også skrudd i bjelkelaget i motsett ende. 
3. Verandadekke
Eg blei litt sett ut av at det skal vere ulovleg med laust verandadekke. Grunnen har eg nemnt ovanfor, å få snøen gjennom bjelkelaget, så eg slepp ei uendeleg snømåking og dessuten sparer konstruksjonen.
For meg er det sjølvsagt at ingen skal gå på ein veranda utan dekke.  Men vi har mykje snø her, og før eg finn ei betre løysing, kan det hende at eg fortsatt gjer noko ulovleg. For ordens skuld, det er berre i snøsesongen det er aktuelt å fjerne dekket, og då brukar vi uansett ikkje verandaen.
4. Veranda i to plan
Tilbygget på bildet ligg ca 40 cm lågare enn hovedetasjen. Spør meg ikkje kvifor, det var der då vi kjøpte huset. I det minste gjer det at huset ligg litt betre ned i terrenget.
For at den nye verandaen ikkje skal ta for mykje utsikt frå det store vinduet, la eg han der han ligg. Men det blei berre eitt trinn i forskjell, for den gamle verandaen ligg litt under golvnivå.

Skråstivarane som ber verandaen ville eg ha nærmast mulig vertikalen for å få best mulig styrke og minst mulig moment ut frå veggen. Eg hadde ikkje lyst å gjere inngrep i lecamuren når eg kunne gå i betong like under.
ariens: Vindusvaskeveranda - ANB_5249-001.JPG - ariens

  (trådstarter)
   #18
 1,387     Tromsø     0
Då er verandaen ferdig  Smile , siste del av rekkverket blei kledd i dag. Eg feira det med ein ekstra vindusvask  ;D  og konkluderte med at verandaen passar ypperleg til formålet sitt.
ariens: Vindusvaskeveranda - ANB_5254.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #19
 1,387     Tromsø     0
Nå har verandaen stått over vinteren og eg har malt rekkverket. Langdrygt arbeid å male slikt, eg brukte 3 timar på første strøket. Håpar det går lenge før det treng ny maling.
Sjølve verandaen er eg fortsatt veldig fornøgd med, det er inga sak å vaske vindua lenger.
ariens: Vindusvaskeveranda - ANB_8309-001 ferdig malt.JPG - ariens