Ok. Då er første levering gjort - pakkane kom i går. For å gjere dagen komplett, så reiste eg også på jobb i går. Ba difor kona om å hugse at ho var ansvarlig for å sende meg bilder av prosessen framover, sidan eg ikkje er heime før 29.oktober.
Ho sendte meg ein selfie og eit bilde av 3-åringen.
Dette blir 14 laaaaaange dagar.
Signatur
Quadra Milano på Breim i Gloppen - Sogn og Fjordane
Det må vere fint å vere snekkar i slikt vêr, gitt.. Det går i alle fall framover med gutta, sjølv om eg er offshore og ikkje kan passe på at dei gjer det dei skal!
Dei er nok lykkelige så lenge eg held meg unna..
Når eg kjem heim, skal eg få kona (fotografen) i vater, forresten. Ho tiltar bittelitt til venstre..
Signatur
Quadra Milano på Breim i Gloppen - Sogn og Fjordane
No byrjar feila i plata å opptre, gitt.. Rørleggar fortalde meg tidlig at han hadde "bomma" med nedløpet i teknisk rom, slik at det var plassert 10 cm lengre frå vegg enn planlagt. Det viser seg at han har bomma med 33.5 cm totalt.. Her hadde eg akspetert 90cm dør framfor 100 cm, for å ta unna denne lille bommen. No blir døra til teknisk rom trykt 33.5 cm lenger inn under trapp - 23.5 cm om eg beheld 90-dør..
Men i tillegg har han "bomma" med 15 cm på nedløpet i gangen - ein justering han IKKJE har fortalt meg om på forhånd.
Dette betyr at eg må justere dør i gang 15 cm mot vegg - den veggen eg hadde planlagt å sette opp garderobeskap på. I og for seg ein liten justering, men mtp. at dette skal vere tilpassa rullestol, så kan desse 15 cm bli "dyre" å miste. Nå må stolen justerast slik at den er tett på 50 cm frå garderobeskap, for å passere igjennom døropning..
Argh, argh, argh.
Signatur
Quadra Milano på Breim i Gloppen - Sogn og Fjordane
Det er sant. Her tok dei den i går, i lag med resten av limtreet - sidan dei hadde kran på plass likevel. Reiser straks vekk i 2 veker igjen, og er spent på å sjå om det har skjedd nevneverdig fram til då! Dei jobbar lange dagar, men det viser stort sett berre igjen når dei STORE tinga er plassert..
Signatur
Quadra Milano på Breim i Gloppen - Sogn og Fjordane
Nå har du jammen dratt forbi... Vårt hus ble veldig forsinket pga feilbestilling på vinduene. Blir nok ikke noe panel på oss før tidligst uke 2. Det ser veldig bra ut! Gleder meg til å se panel på vårt hus også. Hva er plan for maling/beis?

Fryktelig usikker på fargen. Kona er svak for mørk grå, eg syns huset "fortjenar" litt meir i retning kvitt.. Men eg taper vel den kampen, òg. Hehe.. I fall det blir grå, blir det i retning Jotun 9920 Askesort med 9918 Klassisk Hvit på detaljar.
På vindauga fekk vi liksom aldri valget - men i dag er eg litt fornøgd med å ha gått for standardfarge. Antar eg hadde rota meg vekk i fargekatalogen om eg hadde fått valget..
Signatur
Quadra Milano på Breim i Gloppen - Sogn og Fjordane
Ho sendte meg ein selfie og eit bilde av 3-åringen.
Dette blir 14 laaaaaange dagar.
Begynner de nå med det samme?
Dei er nok lykkelige så lenge eg held meg unna..
Når eg kjem heim, skal eg få kona (fotografen) i vater, forresten. Ho tiltar bittelitt til venstre..
Men i tillegg har han "bomma" med 15 cm på nedløpet i gangen - ein justering han IKKJE har fortalt meg om på forhånd.
Dette betyr at eg må justere dør i gang 15 cm mot vegg - den veggen eg hadde planlagt å sette opp garderobeskap på. I og for seg ein liten justering, men mtp. at dette skal vere tilpassa rullestol, så kan desse 15 cm bli "dyre" å miste. Nå må stolen justerast slik at den er tett på 50 cm frå garderobeskap, for å passere igjennom døropning..
Argh, argh, argh.
Og eg byrjar lure på om vi kanskje bør gå for ein lys farge på huset..
Eg elskar dei rette linjene og den stramme og skarpe fasongen. Hjelpes...