5,470
4
0
Natursteinsmur i bekk
5
0
Har eit stort flott uteområde med ein bekk som går ned frå eit lite berg (ca 5m fall), og under vegen i eit 400mm rør. Deretter går det rett fram ca 5m, før det går 90 grader og ned mot eit lite tjern.
Frå gamalt av, gjekk bekken i ein steinmur, og nedre delar av denne står endå. Men oppe ved vegen måtte me justere litt sidan vegen stod under vatn kvar vår. Det kan bli ganske godt trykk i heftig regnver, men blir fort tørt igjen.
Tenkte å lage ein natursteinsmur frå røret under vegen, og ned til der den gamle står, men lurte på korleis ein gjer med grunnarbeidet her? Er redd vatnet vil grave ut like etter røret, nesten uansett korleis eg gjer det. Må belage meg på handkraft, så det er begrensa kor store stein eg kan bruke.
Noko som har erfaring eller forslag?
Bilda viser korleis bekken kjem frå røret. På bilde to startar gamal mur om lag ved gjerdet. Dette er største vannføring som har vore til no. Er det tørt og lite nedbør, er det så vidt det pipler somarstid. Kjelda er berre oppsamling frå terrenget over.

Hva er underlaget?
Men den delen som er avbilda, blei gravd opp og heva for fire år sidan, då det i området der bekken kjem ned, var berre våtmark. Fantes ikkje spor av gamal mur her. Så vegen er godt fundamentert på store steinar. Muren er mest for det estetiske, samt hindre utgraving av jord, særleg i utløpet, og i svingen.