1,248    17    10  

ariens: rydde verktybua

 1,387     Tromsø     0
Siste prosjekt i oppgradering av kjellaren er verktybua, som har vore salderingspost litt for lenge nå. Eg er veldig glad for verktybua mi, og har hatt mykje nytte av den i over 20 år. Nå treng den opprydding og litt ajourføring i forhold til mine behov idag og nyare verkty eg har fått. Eg tenkjer å gå over mykje av det som er samla der, fjerne støvet og få meir oversikt og orden.ariens: rydde verktybua - 1-DSC_3055.JPG - ariensI
I sommar blei det ekstra mykje utover golvet. Men stort sett veit eg kvar eg har ting
ariens: rydde verktybua - 2-DSC_3056.JPG - ariens
Det blir mest lager, det er lite eg kan produsere her inne
ariens: rydde verktybua - 3-DSC_3366.JPG - ariens
Første punkt er å forandre desse stålreolane slik at eg kan sette dei største og tyngste verktykoffertane i nedste hylla. Så skal eg ta det vidare derifrå. 

  (trådstarter)
   #1
 1,387     Tromsø     0
Den synlege forandringa er ikkje stor, men viktig for å komme vidare. I dag har eg kobla saman to reolar og justert hylleavstanden slik at eg får inn dei største verktykoffertane (for Essve spikerpistol Smile, Essve klammerpistol og DeWalt borhammar). Og på hylla over kom den største verktykassen. ariens: rydde verktybua - 1-DSC_3368.JPG - ariens
Det var fullstendig kaos i dag då eg måtte tømme desse reolane utover golvet, nå har eg berre stabla ting opp i hyllene for å få det vekk frå golvet.
ariens: rydde verktybua - 1-DSC_3369.JPG - ariens
Resten av jobben blir mest tankearbeid, å sortere og kaste og vaske vekk støvet.
1. Sortere utstyr for elektrisk, rør, mur, maling, skruing og snekring.
2. Gå gjennom materiell som kan vere kjekt å ha, men som nå er utdatert. Kaste eller legge på mørkeloftet. (Gamle dørlåsar, hengsler, diverse beslag, komponentar til garderobe- og kjøkkeninnredning, skruar osv)
Der det er mulig, skal eg ha ting på same plass som eg er vant med å ha dei. Men noko omgruppering blir det. Eigentleg er det tankearbeidet og systematiskeringa som tek tid her. Og nå kan eg bruke nokre dagar på det.
Siste redigering: Saturday, October 1, 2016 6:56:10 PM av ariens
  (trådstarter)
   #2
 1,387     Tromsø     0
Rydding og sortering er i gang, men eg stressar ikkje med det. Det vil nok ta nokre dagar før eg er ferdig.
  (trådstarter)
   #4
 1,387     Tromsø     0
Ja det trur eg også. Interesser og aktivitetar har endra seg over tid, så det er behov for å justere rommet i forhold til det, og for det verkty eg har i dag. Eg har vesentleg meir verkty enn før. Men eg synest det er tilpassa behovet, og eg prøver å ikkje samle opplagt unødvendige ting. (Men ein nærståande person meiner nok at eg har altfor mykje Wink )
   #5
 6,693     Akershus     0
Det vanskeligste med sortering og rydding alle valgene - hva skal kastes/gis bort/selges og hva skal beholdes? Kan ikke fordra det Smile gjelder for så vidt ikke verktøy, men alt mulig "småtteri".
Signatur
  (trådstarter)
   #7
 1,387     Tromsø     1
Ja det er difor det er så vanskeleg. Og det er først og fremst eit tankearbeid. Vil ein bli filosofisk kan ein seie at det er ei oppdatering av kvar ein er kommen i livet.

Sidan forrige innlegg har eg vore i kjellaren og slipt verkty. Høvel, stemjern, knivar, økser og kompostkvern. Det har teke totalt fleire timar, det var siste rest som blei tatt i kveld. Nå står honinga igjen. Det er kjekt med skarpt verkty, men slipinga blir ofte utsett når det er travelt med andre ting.
ariens: rydde verktybua - 1-DSC_3379.JPG - ariens
Mine forfedrar slipte på frihand, eg er glad eg får det til med anlegg og jiggar.
ariens: rydde verktybua - 2-DSC_3380.JPG - ariens
Siste redigering: Thursday, October 6, 2016 9:19:06 PM av ariens

  (trådstarter)
   #8
 1,387     Tromsø     0
Det går sakte framover, f.eks. blei det ei vekes avbrot på Gran Canaria Smile, og så måtte eg legge om hjul på bilen.
I dag var turen kommen til arbeidsbordet som ikkje har sett dagslys på årevis. Det ligg i ryggmargen at eg skal ta vare på brukbare skruar og materialrestar, men den reine fornuft dreg det i tvil. I alle fall har eg kasta ein god del, og tankearbeidet er å finne logisk plass til det som er igjen. Det tek tid sidan plassen er begrensa.
ariens: rydde verktybua - 1-DSC_3386.JPG - ariens
   #9
 6,693     Akershus     1
For noen år siden ryddet jeg i kjellerboden der vi bodde før. Sorterte skruer, muttere og annet småplukk i en tro om at det kunne vært greit å ha. Noe av det har jeg kanskje brukt, men det meste ligger urørt. Kjekt å ha-mentaliteten kan være litt slitsom noen ganger Smile

Materialrester har jeg også en tendens til å ta vare på, men har blitt flinkere til å kaste de siste årene Smile
Signatur
   #10
 419     1
Uff den ryddingen altså...par år siden så bestemte jeg meg og for å rydde alt av skruer og annet smått løst og få samlet det.
Kjøpte en 5 stk sortimentbokser fra Stanley og tenkte det skulle vare i en årrekke....er oppe i 12-14 stk nå og trenger mere :(og da grovsorterte jeg skruene og alt det andre og kastet en god del, så det er kun en boks som er diverse skruer/bolter. Man har som regel mye mere enn man tror. Mye jeg har nå er nå "ukjent" kvalitet, men vet hvor mye de er god for så vet når jeg skal bruke dem. Men fordelen med å få det samlet og sortert er GULL...vet iallefall at jeg har det i bokser, ikke i en eller annen skuff, boks eller verktøyskrin som jeg mente stod der jeg finner ut er feil plass. Men nå står alle bare oppe på hverandre, så neste år skal jeg lage meg en tralle med hyller som jeg kan plassere dem i.