1,248
17
10
ariens: rydde verktybua
1,387
Tromsø
0
Siste prosjekt i oppgradering av kjellaren er verktybua, som har vore salderingspost litt for lenge nå. Eg er veldig glad for verktybua mi, og har hatt mykje nytte av den i over 20 år. Nå treng den opprydding og litt ajourføring i forhold til mine behov idag og nyare verkty eg har fått. Eg tenkjer å gå over mykje av det som er samla der, fjerne støvet og få meir oversikt og orden.I
I sommar blei det ekstra mykje utover golvet. Men stort sett veit eg kvar eg har ting
Det blir mest lager, det er lite eg kan produsere her inne
Første punkt er å forandre desse stålreolane slik at eg kan sette dei største og tyngste verktykoffertane i nedste hylla. Så skal eg ta det vidare derifrå.
I sommar blei det ekstra mykje utover golvet. Men stort sett veit eg kvar eg har ting
Det blir mest lager, det er lite eg kan produsere her inne
Første punkt er å forandre desse stålreolane slik at eg kan sette dei største og tyngste verktykoffertane i nedste hylla. Så skal eg ta det vidare derifrå.
Det var fullstendig kaos i dag då eg måtte tømme desse reolane utover golvet, nå har eg berre stabla ting opp i hyllene for å få det vekk frå golvet.
Resten av jobben blir mest tankearbeid, å sortere og kaste og vaske vekk støvet.
1. Sortere utstyr for elektrisk, rør, mur, maling, skruing og snekring.
2. Gå gjennom materiell som kan vere kjekt å ha, men som nå er utdatert. Kaste eller legge på mørkeloftet. (Gamle dørlåsar, hengsler, diverse beslag, komponentar til garderobe- og kjøkkeninnredning, skruar osv)
Der det er mulig, skal eg ha ting på same plass som eg er vant med å ha dei. Men noko omgruppering blir det. Eigentleg er det tankearbeidet og systematiskeringa som tek tid her. Og nå kan eg bruke nokre dagar på det.
Byggebolig på Facebook |
Sidan forrige innlegg har eg vore i kjellaren og slipt verkty. Høvel, stemjern, knivar, økser og kompostkvern. Det har teke totalt fleire timar, det var siste rest som blei tatt i kveld. Nå står honinga igjen. Det er kjekt med skarpt verkty, men slipinga blir ofte utsett når det er travelt med andre ting.
Mine forfedrar slipte på frihand, eg er glad eg får det til med anlegg og jiggar.
I dag var turen kommen til arbeidsbordet som ikkje har sett dagslys på årevis. Det ligg i ryggmargen at eg skal ta vare på brukbare skruar og materialrestar, men den reine fornuft dreg det i tvil. I alle fall har eg kasta ein god del, og tankearbeidet er å finne logisk plass til det som er igjen. Det tek tid sidan plassen er begrensa.
Materialrester har jeg også en tendens til å ta vare på, men har blitt flinkere til å kaste de siste årene
Byggebolig på Facebook |
Kjøpte en 5 stk sortimentbokser fra Stanley og tenkte det skulle vare i en årrekke....er oppe i 12-14 stk nå og trenger mere :(og da grovsorterte jeg skruene og alt det andre og kastet en god del, så det er kun en boks som er diverse skruer/bolter. Man har som regel mye mere enn man tror. Mye jeg har nå er nå "ukjent" kvalitet, men vet hvor mye de er god for så vet når jeg skal bruke dem. Men fordelen med å få det samlet og sortert er GULL...vet iallefall at jeg har det i bokser, ikke i en eller annen skuff, boks eller verktøyskrin som jeg mente stod der jeg finner ut er feil plass. Men nå står alle bare oppe på hverandre, så neste år skal jeg lage meg en tralle med hyller som jeg kan plassere dem i.