(trådstarter)
   #31
 1,387     Tromsø     1
Hehe, har ikkje sett denne serien, men den har ingen appell til meg. Har ingen sans for å ødelegge ting på den måten. I den forstand har eg nok fjerna meg frå barnet i meg. ☹

  (trådstarter)
   #32
 1,387     Tromsø     0
Då er eg kommen eit stykke vidare.

ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Overskap og benkeskap er på plass. Eg stifta fast lekter for å forblende over skap og ved veggen. Eg utvida rommet etter eg hadde bestilt innredning, og fekk litt betre plass både ved ytterveggen og ved døra.
ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Slikt pirk tek tid
ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Nå er kjøleskap, vaskemaskin og tank på sin gamle plass. Eg har gitt vekk gammal komfyr og mikro, nytt er innkjøpt.
ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Det begynner å ta form
ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Slik blei foring og listing på overskap. Ein del ekstra arbeid, men det blei penare synest eg.
ariens: hybelkjøkken -  - ariens
To vegger igjen å male.
ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Leigebuarane fortalde at det lek frå vaskemaskina. Nå fekk eg sjekka, og heldivis var det berre trykkslangen. Han lak der pila viser.

Nå gjenstår litt maling, handtak på dører og skuffer og montering av vask. Montering av kitchenboard og ventilator. Det er sikkert noko meir også, men det ser eg etter kvart.
  (trådstarter)
   #33
 1,387     Tromsø     0
I dag ser eg at kombiskapet kan ha tatt kvelden Sad. Det dryp vatn frå det, og kompressoren går ikkje. Er det noko eg kan teste før eg kjøper nytt? Det er vel ca 10 år gammalt. Eg har krenga det litt då eg flytte det, men ikkje mykje. Og det stansa først nå då eg har sett det på plass igjen. 

3 timar seinare:
Skrudde termostatknappen på 0 og opp igjen, og då starta skapet  Smile. Kan det vere at det må stå ei stund etter at strømmen er skrudd av før det blir starta igjen? Under arbeidet har eg fleire gonger kobla det av og på rett etterpå. Elles var det veldig mykje is inne i kjøleskapsdelen. Nå skal all is fjernast.

Fritt fram for å komme med gode forklaringar.
Siste redigering: Tuesday, July 18, 2017 9:14:09 AM av ariens
  (trådstarter)
   #34
 1,387     Tromsø     0
Nytt forsøk på forklaring.
Termostatknappen var skrudd nesten på maks. Det har gjort at kompressoren har gått kontinuerleg og det er blitt isdanning også inne i kjøleskapsdelen. Termostatfølaren har registrert at kjøleskapet er kaldt nok og dermed har han ikkje kobla inn. Når isen i kjøleskapet begynner å smelte blir kondenskaret over kompressoren overfylt og det kjem vatn på golvet. Den oppmerksomme huseigaren begynner å sjekke nærmare og oppdagar all isen i kjøleskapsdelen.

Nå er all isen vekke, fryserommet er avrima og tørka, og termostaten er stilt på ca halv styrke. Kompressoren går heilt fint og det blir kaldt innvendig. Så skal eg sjå kor det ser ut i morgon.
  (trådstarter)
   #35
 1,387     Tromsø     0
Sette på handtak og monterte resten av listene i dag. Saga ut opning for oppvaskkummen, først med dykksag og hjørna forsiktig med stikksag på sakte fart utan pendling. Hadde tenkt å trekke kummen litt mot veggen, men med speilvendt merking blei det motsett Sad. Men sjefen godkjende det, og eg trur ikkje det blir så ille. La godt med silikon inni utsparinga og mellom kum og benkeplate, og i bakkant av benkeplata. Det kan tørke over natta, så blir det lettare å jobbe med i morgon.
ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Det tek tid å montere handtak også.

ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Det blei fine snitt med dykksaga. Eg saga frå undersida.

ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Hjørna med stikksag. Eg la ein planke over så ikkje det lause stykket skulle falle og rive sår i overflata

ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Silikon er griseri. Eg sparer ikkje på teipen.

ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Vasken er montert og tetta med silikon. Bakkant av plata har også fått eit lag med silikon.
   #36
 6,693     Akershus     0
Fort gjort å gjøre ting speilvendt. Har gjort det samme et par ganger ved tilpasning av plater - plutselig har man skåret bort delen man egentlig skulle beholde. Irriterende!
Signatur
TSt
   #37
 13,730     0
Det går ann å skru av varmtvannsbeholder og så tappe mye varmtvann i kraner som erstattes men kaldt  da taper en varmen. Da får en den raskt til håndterlig temperature.

  (trådstarter)
   #38
 1,387     Tromsø     0
Eg plar skru av dagen før, men her kunne eg gjort det endå tidlegare. 200 l vatn er ganske mykje. Heldigvis ikkje så ofte eg må tømme tanken. Håpar det blir lenge til neste gong.
  (trådstarter)
   #39
 1,387     Tromsø     0
Stadig meir kjem på plass. I går kom benkeplate og alle lister på plass. Vatnet blei tilkobla og komfyr og mikrobølgeovn blei pakka ut. Søpla kom på fyllinga. Kitchenboard er innkjøpt og eg håpar å få dei opp over helga.
ariens: hybelkjøkken -  - ariensDet begynner å sjå ut.
ariens: hybelkjøkken -  - ariens
forblending over skap og i kroken
ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Litt maling og flikking står igjen.




Siste redigering: Friday, July 21, 2017 7:58:16 PM av ariens
  (trådstarter)
   #40
 1,387     Tromsø     1
Då er alt ferdig bortsett frå at eg må vente på ventilator. Og like før eg skulle annonsere den eine hybelen, dukka det opp ein leigebuar som kjenner den andre leigebuaren. Perfekt.

Nå er det godt å vere ferdig, men det var moro å halde på.

Her er nokre bilde frå før og etter. Før-bilda er tatt med vanleg kamera, nå-bilda tok eg med mobilen påmontert ein vidvinkelforsats, ei billeg sak eg kjøpte i ein taxfreekatalog.
ariens: hybelkjøkken -  - ariens

ariens: hybelkjøkken -  - ariens

ariens: hybelkjøkken -  - ariens

ariens: hybelkjøkken -  - ariens