Hehe, har ikkje sett denne serien, men den har ingen appell til meg. Har ingen sans for å ødelegge ting på den måten. I den forstand har eg nok fjerna meg frå barnet i meg. ☹
Overskap og benkeskap er på plass. Eg stifta fast lekter for å forblende over skap og ved veggen. Eg utvida rommet etter eg hadde bestilt innredning, og fekk litt betre plass både ved ytterveggen og ved døra. Slikt pirk tek tid Nå er kjøleskap, vaskemaskin og tank på sin gamle plass. Eg har gitt vekk gammal komfyr og mikro, nytt er innkjøpt. Det begynner å ta form Slik blei foring og listing på overskap. Ein del ekstra arbeid, men det blei penare synest eg. To vegger igjen å male. Leigebuarane fortalde at det lek frå vaskemaskina. Nå fekk eg sjekka, og heldivis var det berre trykkslangen. Han lak der pila viser.
Nå gjenstår litt maling, handtak på dører og skuffer og montering av vask. Montering av kitchenboard og ventilator. Det er sikkert noko meir også, men det ser eg etter kvart.
I dag ser eg at kombiskapet kan ha tatt kvelden . Det dryp vatn frå det, og kompressoren går ikkje. Er det noko eg kan teste før eg kjøper nytt? Det er vel ca 10 år gammalt. Eg har krenga det litt då eg flytte det, men ikkje mykje. Og det stansa først nå då eg har sett det på plass igjen.
3 timar seinare: Skrudde termostatknappen på 0 og opp igjen, og då starta skapet . Kan det vere at det må stå ei stund etter at strømmen er skrudd av før det blir starta igjen? Under arbeidet har eg fleire gonger kobla det av og på rett etterpå. Elles var det veldig mykje is inne i kjøleskapsdelen. Nå skal all is fjernast.
Fritt fram for å komme med gode forklaringar.
Siste redigering: Tuesday, July 18, 2017 9:14:09 AM av ariens
Nytt forsøk på forklaring. Termostatknappen var skrudd nesten på maks. Det har gjort at kompressoren har gått kontinuerleg og det er blitt isdanning også inne i kjøleskapsdelen. Termostatfølaren har registrert at kjøleskapet er kaldt nok og dermed har han ikkje kobla inn. Når isen i kjøleskapet begynner å smelte blir kondenskaret over kompressoren overfylt og det kjem vatn på golvet. Den oppmerksomme huseigaren begynner å sjekke nærmare og oppdagar all isen i kjøleskapsdelen.
Nå er all isen vekke, fryserommet er avrima og tørka, og termostaten er stilt på ca halv styrke. Kompressoren går heilt fint og det blir kaldt innvendig. Så skal eg sjå kor det ser ut i morgon.
Sette på handtak og monterte resten av listene i dag. Saga ut opning for oppvaskkummen, først med dykksag og hjørna forsiktig med stikksag på sakte fart utan pendling. Hadde tenkt å trekke kummen litt mot veggen, men med speilvendt merking blei det motsett . Men sjefen godkjende det, og eg trur ikkje det blir så ille. La godt med silikon inni utsparinga og mellom kum og benkeplate, og i bakkant av benkeplata. Det kan tørke over natta, så blir det lettare å jobbe med i morgon. Det tek tid å montere handtak også.
Det blei fine snitt med dykksaga. Eg saga frå undersida.
Hjørna med stikksag. Eg la ein planke over så ikkje det lause stykket skulle falle og rive sår i overflata
Silikon er griseri. Eg sparer ikkje på teipen.
Vasken er montert og tetta med silikon. Bakkant av plata har også fått eit lag med silikon.
Fort gjort å gjøre ting speilvendt. Har gjort det samme et par ganger ved tilpasning av plater - plutselig har man skåret bort delen man egentlig skulle beholde. Irriterende!
Det går ann å skru av varmtvannsbeholder og så tappe mye varmtvann i kraner som erstattes men kaldt da taper en varmen. Da får en den raskt til håndterlig temperature.
Eg plar skru av dagen før, men her kunne eg gjort det endå tidlegare. 200 l vatn er ganske mykje. Heldigvis ikkje så ofte eg må tømme tanken. Håpar det blir lenge til neste gong.
Stadig meir kjem på plass. I går kom benkeplate og alle lister på plass. Vatnet blei tilkobla og komfyr og mikrobølgeovn blei pakka ut. Søpla kom på fyllinga. Kitchenboard er innkjøpt og eg håpar å få dei opp over helga. Det begynner å sjå ut. forblending over skap og i kroken Litt maling og flikking står igjen.
Siste redigering: Friday, July 21, 2017 7:58:16 PM av ariens
Då er alt ferdig bortsett frå at eg må vente på ventilator. Og like før eg skulle annonsere den eine hybelen, dukka det opp ein leigebuar som kjenner den andre leigebuaren. Perfekt.
Nå er det godt å vere ferdig, men det var moro å halde på.
Her er nokre bilde frå før og etter. Før-bilda er tatt med vanleg kamera, nå-bilda tok eg med mobilen påmontert ein vidvinkelforsats, ei billeg sak eg kjøpte i ein taxfreekatalog.
Overskap og benkeskap er på plass. Eg stifta fast lekter for å forblende over skap og ved veggen. Eg utvida rommet etter eg hadde bestilt innredning, og fekk litt betre plass både ved ytterveggen og ved døra.
Slikt pirk tek tid
Nå er kjøleskap, vaskemaskin og tank på sin gamle plass. Eg har gitt vekk gammal komfyr og mikro, nytt er innkjøpt.
Det begynner å ta form
Slik blei foring og listing på overskap. Ein del ekstra arbeid, men det blei penare synest eg.
To vegger igjen å male.
Leigebuarane fortalde at det lek frå vaskemaskina. Nå fekk eg sjekka, og heldivis var det berre trykkslangen. Han lak der pila viser.
Nå gjenstår litt maling, handtak på dører og skuffer og montering av vask. Montering av kitchenboard og ventilator. Det er sikkert noko meir også, men det ser eg etter kvart.
3 timar seinare:
Skrudde termostatknappen på 0 og opp igjen, og då starta skapet . Kan det vere at det må stå ei stund etter at strømmen er skrudd av før det blir starta igjen? Under arbeidet har eg fleire gonger kobla det av og på rett etterpå. Elles var det veldig mykje is inne i kjøleskapsdelen. Nå skal all is fjernast.
Fritt fram for å komme med gode forklaringar.
Termostatknappen var skrudd nesten på maks. Det har gjort at kompressoren har gått kontinuerleg og det er blitt isdanning også inne i kjøleskapsdelen. Termostatfølaren har registrert at kjøleskapet er kaldt nok og dermed har han ikkje kobla inn. Når isen i kjøleskapet begynner å smelte blir kondenskaret over kompressoren overfylt og det kjem vatn på golvet. Den oppmerksomme huseigaren begynner å sjekke nærmare og oppdagar all isen i kjøleskapsdelen.
Nå er all isen vekke, fryserommet er avrima og tørka, og termostaten er stilt på ca halv styrke. Kompressoren går heilt fint og det blir kaldt innvendig. Så skal eg sjå kor det ser ut i morgon.
Det tek tid å montere handtak også.
Det blei fine snitt med dykksaga. Eg saga frå undersida.
Hjørna med stikksag. Eg la ein planke over så ikkje det lause stykket skulle falle og rive sår i overflata
Silikon er griseri. Eg sparer ikkje på teipen.
Vasken er montert og tetta med silikon. Bakkant av plata har også fått eit lag med silikon.
Byggebolig på Facebook |
Det begynner å sjå ut.
forblending over skap og i kroken
Litt maling og flikking står igjen.
Nå er det godt å vere ferdig, men det var moro å halde på.
Her er nokre bilde frå før og etter. Før-bilda er tatt med vanleg kamera, nå-bilda tok eg med mobilen påmontert ein vidvinkelforsats, ei billeg sak eg kjøpte i ein taxfreekatalog.